Luke 24

Men den fyrste dagen i vika, tidleg i otta, kom dei til gravi, og hadde med seg kryddorne som dei hadde laga til. Då fekk dei sjå at steinen var velt ifrå gravi; dei gjekk inn, men fann ikkje likamen åt Herren Jesus. Dei visste ikkje kva dei skulde tenkja um dette; då stod det med ein gong tvo menner i skinande klæde innmed deim, og med dei fulle av otte stirde nedfyre seg, sagde mennerne til deim: «Kvi leitar de etter den livande millom dei daude? Han er ikkje her; han hev stade upp att. Kom i hug kva han sagde med dykk då han endå var i Galilæa, at Menneskjesonen skulde gjevast i henderne på synduge menneskje og krossfestast, og standa upp att tridje dagen!» Då kom dei i hug ordi hans, og dei gjekk burt att frå gravi, og fortalde alt dette til dei elleve og alle dei andre. 10 Det var Maria Magdalena og Johanna og Jakobs-Maria og dei hine kvinnorne i fylgjet deira - dei sagde dette med apostlarne; 11 men dei tenkte det var noko vas dei for med, og trudde deim ikkje. 12 Peter sprang like vel av stad til gravi, og då han lutte seg ned, såg han ikkje anna enn likklædi; so gjekk han burt att, og undrast med seg yver det som var hendt. 13 Same dagen gjekk tvo av deim utetter til ein liten by som heiter Emmaus, og ligg ei mil frå Jerusalem, 14 og på vegen tala dei med einannan um alt det som nyst hadde hendt. 15 Med dei no gjekk og tala og dryfte det med kvarandre, kom Jesus sjølv innåt og slo fylgje med deim; 16 men augo deira var fjetra, so dei kjende honom ikkje. 17 «Kva er det for ting de røder so um, med de gjeng etter vegen?» spurde han. Då stana dei, og det var sjåande til at dei sturde. 18 Og den eine av deim - han heitte Kleopas - tok til ords og sagde til honom: «Du må visst vera den einaste som held til i Jerusalem og ikkje veit kva som hev hendt der desse dagarne!» 19 «Kva for noko?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret,» svara dei, «han som var ein profet, megtig i gjerning og ord for Gud og alt folket, 20 korleis øvsteprestarne og rådsherrarne våre fekk dømt honom frå livet og krossfeste honom. 21 Og me vona at han var den som skulde løysa ut Israel. Og med alt det so er det no på tridje dagen sidan dette gjekk fyre seg. 22 Men so hev og nokre kvinnor i flokken vår sett oss i uro og undring; dei var i otta ved gravi, 23 og fann ikkje likamen hans, men kom og fortalde at dei hadde set ei syn av englar, og at englarne hadde sagt at han liver. 24 Nokre av felagerne våre gjekk då ut til gravi, og fann det heiltupp so som kvinnorne hadde sagt, men honom såg dei ikkje.» 25 «Å, for uvituge de er,» svara han, «og for seinhuga til å tru alt det som profetarne hev tale! 26 Laut ikkje Messias lida dette, fyrr han kunde ganga inn til sin herlegdom?» 27 So tok han til frå Moses og alle profetarne, og i alle skrifterne lagde han ut for deim det som er sagt um honom der. 28 Då dei var tett innmed den byen dei skulde til, lest han vilja ganga lenger. 29 Men dei nøydde honom og sagde: «Ver hjå oss! Det lid til kvelds, og dagen hallar.» So gjekk han inn og var hjå deim. 30 Som han no sat til bords med deim, tok han brødet og velsigna det, og braut det og gav deim. 31 Då vart augo deira upplatne, so dei kjende honom att; men i det same kvarv han burt for augo deira. 32 Då sagde dei med einannan: «Brann ikkje hjarta i oss då han tala med oss på vegen, då han lagde ut skrifterne åt oss?» 33 Og dei tok ut i same stund, og gjekk attende til Jerusalem. Dei fann dei elleve og felagarne deira samla, og dei sagde: 34 «Herren hev sanneleg stade upp att, og hev synt seg for Simon.» 35 Og sjølve fortalde dei um det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent honom då han braut brødet. 36 Best dei tala um dette, stod han sjølv midt ibland deim og sagde: «Fred vere med dykk!» 37 Dei kvakk og vart rædde, og trudde det var ei ånd dei såg. 38 Då sagde han til deim: «Kvi er de so forstøkte, og kvifor vaknar det tvil i hjarta dykkar? 39 Sjå henderne og føterne mine, at det er eg sjølv! Kjenn på meg og sjå! Ei ånd hev då ’kje kjøt og bein, som de ser eg hev.» 40 Då han hadde sagt det, synte han deim henderne og føterne sine. 41 Då dei endå ikkje kunde tru for gleda, men berre undra seg, sagde han: «Hev de noko etande her?» 42 Dei gav han eit stykke steikt fisk og noko av ei honningkaka, 43 og han tok det og åt det for augo deira. 44 So sagde han til deim: «Dette var det eg tala til dykk um då eg endå var i lag med dykk, at alt som er skrive um meg i Moselovi og profetarne og salmarne, laut sannast.» 45 So let han upp for tankarne deira, so dei kunde skyna skrifterne. 46 «So stend skrive,» sagde han, «at Messias skal lida og standa upp frå dei daude tridje dagen, 47 og i hans namn skal umvending og syndeforlating ropast ut for alle folkeslag; frå Jerusalem skal det ganga ut. 48 De skal sjølve vitna um dette. 49 Og no vil eg senda yver dykk det som far min hev lova; men de skal halda dykk rolege i byen, til de vert budde med kraft frå det høge.» 50 Sidan tok han deim med seg ut or byen, til burt imot Betania, og han lyfte upp henderne og velsigna deim. 51 Og med han lyste velsigningi, skildest han frå deim og for upp til himmelen. 52 Og dei kasta seg på kne og tilbad honom. So gjekk dei attende til Jerusalem i stor gleda, 53 og sidan var dei allstødt i templet og lova og prisa Gud.
Copyright information for NorSMB