Luke 3

I det femtande styringsåret åt keisar Tiberius, med Pontius Pilatus var landshovding i Judæa, og Herodes fylkeskonge i Galilæa, og Filip, bror hans, fylkeskonge i Ituræa- og Trakonitis-landet, og Lysanias fylkeskonge i Abilene, og med Annas og Kajafas var øvsteprestar, kom Guds ord til Johannes, son åt Zakarja, i øydemarki. Då for han kring i heile Jordan-kverven, og ropa ut umvendingsdåp til forlating for synderne, som skrive stend i spådomsboki åt Jesaja, profeten: «Høyr han som ropar i heidi: «Rydje vegen for Herren, jamne stigarne hans! Kvart djuv skal fyllast, kvart fjell skal lægjast, og kvar ein haug; beint skal det verta det som krokut var, staupute vegen han skal verta slett, og kvart eit liv Guds frelsa skoda skal.»» Som no folket kom ut og vilde få honom til å døypa seg, sagde han til deim: «Orme-ungar, kven lærde dykk å røma frå vreiden som skal koma? Ber då frukter som høver med umvendingi, og gjev dykk ikkje til å tenkja som so: «Me hev Abraham til far!» for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinarne. Øksi ligg alt innmed roti på treet; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.» 10 «Kva skal me då gjera?» spurde folket. 11 Han svara deim: «Den som hev tvo trøyor, skal skifta med den som ingi hev, og den som hev mat, skal gjera sameleis.» 12 Det kom og nokre tollmenner som vilde døypast, og sagde: «Meister, kva skal me gjera?» 13 «Krev ikkje meir enn de er fyresagde!» svara han. 14 Like eins var det nokre hermenner som spurde honom: «Kva skal då me gjera?» Då svara han: «De skal ikkje plåga folk eller truga pengar utav deim! De skal nøgja dykk med løni dykkar!» 15 Men folket gjekk i venting, og alle tenkte um Johannes: «Tru han er Messias?» 16 Då tok han til ords og sagde til alle: «Eg døyper dykk med vatn; men det kjem ein som er sterkare enn eg - eg er ikkje verdig å løysa skobandet hans; han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld. 17 Han hev kasteskovli i handi, og skal gjera av låven sin, og samla kornet i stabburet sitt; men agnerne skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.» 18 Dette og mykje anna lagde han folket på hjarta, og kunngjorde evangeliet åt deim. 19 Men då han tala til Herodes, fylkeskongen, for giftarmålet med Herodias, brorkona hans, og for alt det vonde han hadde gjort, 20 so gjorde Herodes det og attpå alt, at han sette Johannes i fengsel. 21 Då no alt folket vart døypt, og Jesus og var døypt, då hende det, med han bad, at himmelen opna seg, 22 og den Heilage Ande dala ned yver honom i duveham, og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er son min, som eg elskar; deg hev eg hugnad i.» 23 Jesus var um lag tretti år då han stod fram, og var, etter som dei meinte, son åt Josef, son åt Eli, 24 son åt Mattat, son åt Levi, son åt Melki, son åt Jannai, son åt Josef, 25 son åt Mattatias, son åt Amos, son åt Nahum, son åt Esli, son åt Naggai, 26 son åt Ma’at, son åt Mattatias, son åt Sime’i, son åt Josek, son åt Joda, 27 son åt Johanan, son åt Resa, son åt Zerubbabel, son åt Salatiel, son åt Neri, 28 son åt Melki, son åt Addi, son åt Kosam, son åt Elmadam, son åt Er, 29 son åt Josva, son åt Eliezer, son åt Jorim, son åt Mattat, son åt Levi, 30 son åt Simeon, son åt Juda, son åt Josef, son åt Jonam, son åt Eljakim, 31 son åt Melea, son åt Menna, son åt Mattata, son åt Natan, son åt David, 32 son åt Isai, son åt Obed, son åt Boaz, son åt Salmon, son åt Nahson, 33 son åt Amminadab, son åt Ram, son åt Hesron, son åt Peres, son åt Juda, 34 son åt Jakob, son åt Isak, son åt Abraham, son åt Tarah, son åt Nahor, 35 son åt Serug, son åt Re’u, son åt Peleg, son åt Eber, son åt Salah, 36 son åt Kenan, son åt Arpaksad, son åt Sem, son åt Noah, son åt Lamek, 37 son åt Metusalah, son åt Enok, son åt Jared, son åt Malalael, son åt Kenan, 38 son åt Enos, son åt Set, son åt Adam, Guds son.
Copyright information for NorSMB