Luke 6

Den næstfyrste kviledagen bar det so til at han gjekk gjenom ein åker, og læresveinarne hans reiv av aks og gnudde deim millom henderne og åt. Då sagde nokre av farisæarane: «Kvi gjer de slikt som ingen hev lov til å gjera på kviledagen?» Men Jesus tok til ords og sagde til deim: «Hev de då ’kje lese kva David gjorde då han og mennerne hans var svoltne? korleis han gjekk inn i Guds hus og tok skodebrødi og åt, og gav mennerne sine! Og dei brødi hev ingen lov til å eta utan berre prestarne.» So sagde han til deim: «Menneskjesonen råder yver kviledagen og.» Ein annan kviledag bar det so til at han gjekk inn i synagoga og lærde. Der var det ein mann som den høgre handi hans var nomi, og dei skriftlærde og farisæarane gjætte på honom, um han vilde lækja på kviledagen, so dei kunde finna noko å klaga honom for. Men han kjende tankarne deira, og sagde til mannen som hadde den nomne handi: «Reis deg upp, og kom fram!» Då reiste han seg upp og gjekk fram, og Jesus sagde til deim: «Eg spør dykk: Er det rett å gjera godt på kviledagen eller å gjera vondt, berga liv eller øyda liv?» 10 So såg han rundt ikring på deim alle og sagde til mannen: «Rett fram handi di!» Han so gjorde, og handi hans vart god att. 11 Men dei vart so vonde at dei var reint frå vitet, og tala med kvarandre um kva dei skulde gjera med Jesus. 12 I dei dagarne hende det, at han gjekk upp i fjellet og vilde beda, og han var der heile natti i bøn til Gud. 13 Då det vart dag, kalla han til seg læresveinarne sine og valde ut tolv; deim kalla han apostlar. 14 Det var Simon - honom kalla han og Peter - og Andreas, bror hans, og Jakob, og Johannes, og Filip, og Bartolomæus, 15 og Mattæus, og Tomas, og Jakob, son åt Alfæus, og Simon, som dei kalla Zelotes, 16 og Judas, son åt Jakob, og Judas Iskariot, han som vart svikar. 17 So gjekk han nedyver i lag med deim, og vart standande på ei sletta. Der var ein heil flokk av læresveinarne hans, og ei stor mengd med folk frå heile Jødeland og Jerusalem og frå sjøbygderne ved Tyrus og Sidon, 18 som var komne for å høyra på honom og lækjast for sjukdomarne sine. Då vart dei gode att dei som var plåga av ureine ånder; 19 og alt folket freista å koma nær honom, for det gjekk ei kraft ut ifrå honom og lækte alle. 20 Då lyfte han upp augo og såg på læresveinarne sine og sagde: «Sæle de som fatige er! Guds rike er dykkar! 21 Sæle de som no svelt! De skal mettast! Sæle de som no græt! De skal koma til å læ! 22 Sæle er de når folk hatar dykk, og når dei stengjer dykk ute og spottar dykk, og bannlyser namnet dykkar som noko vondt for Menneskjesonen skuld. 23 Den dagen må de gleda dykk, ja, de må hoppa av gleda; stor er løni som ventar dykk i himmelen; for på same vis for federne deira åt mot profetarne. 24 Men ve yver dykk, de som rike er! De hev alt fenge hugnaden dykkar! 25 Ve yver dykk, de som no er mette! De skal koma til å svelta! Ve yver dykk som no lær! De skal syrgja og gråta! 26 Ve, når alle folk talar vel um dykk! For på same vis for federne deira åt med dei falske profetarne. 27 Men åt dykk segjer eg, de som høyrer: «Elska fiendarne dykkar! Gjer vel mot deim som hatar dykk! 28 Velsigna deim som bannar dykk! Bed for deim som talar ille um dykk! 29 Slær nokon deg på den eine kinni, so bjod den andre og fram! Tek nokon kjolen din frå deg, so neitta honom ikkje trøya heller! 30 Gjev kvar som bed deg, og tek nokon det som ditt er, so krev det ikkje att! 31 Gjer mot anna folk som de vil at dei skal gjera mot dykk! 32 Um de elskar deim som elskar dykk, kva er det å takka dykk for? syndarane elskar då og deim som deim elskar. 33 Og um de gjer vel mot deim som gjer vel mot dykk, kva er det å takka dykk for? so gjer syndarane og. 34 Og um de låner til deim som de ventar å få att av, kva er det å takka dykk for? syndarane låner og til syndarar på den måten at dei skal få like mykje att. 35 Nei, elska fiendarne dykkar, gjer vel og lån burt, og venta ikkje å få noko att! Då skal løni de fær vera stor, og de skal vera borni åt den Høgste; for han er god mot dei utakksame og vonde. 36 Ver miskunnsame, som Far dykkar er! 37 Døm ikkje, so skal de ikkje dømast! Fordøm ingen, so skal ingen fordøma dykk! Tilgjev, so skal de få tilgjeving! 38 Gjev, so skal dei gjeva dykk! Eit godt, stappa, sikka og yverfullt mål skal dei gjeva dykk i fanget. For det målet de mæler med, skal dei mæla att åt dykk med.»» 39 Han sagde deim og ei likning: «Kann ein blind leida ein blind? kjem dei ’kje båe til å falla i grefti? 40 Læresveinen er ikkje yver meisteren; men er han heilt utlært, so vert han lik meisteren sin. 41 Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var? 42 Korleis kann du segja med bror din: «Bror, lat meg taka ut flisi som sit i auga ditt!» du som ikkje ser bjelken i ditt eige auga? Hyklar! Tak fyrst bjelken ut or ditt auga, då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din. 43 For det finst ikkje noko godt tre som ber låk frukt, ikkje heller noko låkt tre som ber god frukt; 44 for treet kjenner me på den frukti det ber; ingen kann sanka fikor av tistlar eller plukka druvor av klunger. 45 Ein god mann ber fram berre godt av det gode han gøymer i hjarta sitt, og ein vond mann ber fram berre vondt av det vonde han gøymer på. For frå munnen hans kjem det som hjarta er fullt av. 46 Men kvi kallar de meg «Herre, Herre,» og gjer ikkje det som eg segjer? 47 Eg skal syna dykk kven han er lik, den som kjem til meg og høyrer ordi mine, og gjer etter deim: 48 han er lik ein mann som vilde byggja seg eit hus, og som grov djupt i tufti og lagde grunnsteinarne på berget. Då det so kom ein flaum, og straumen braut imot huset, vann han ikkje å rikka det, av di det var godt bygt. 49 Men den som høyrer, og ikkje gjer etter det han høyrer, han er lik ein mann som bygde seg eit hus på berre marki, forutan grunnsteinar. Då so straumen braut imot huset, datt det i hop med ein gong, og det vart eit stort fall då det huset datt.»
Copyright information for NorSMB