Luke 7

So tala Jesus, og folket lydde på honom; då han hadde tala til endes, gjekk han inn i Kapernaum. Ein hovudsmann hadde ein dreng som låg so sjuk at det leid åt med honom, og den drengen heldt han svært gjæv. Han hadde høyrt um Jesus, og no sende han nokre av rådsmennerne åt jødarne til honom, og bad at vilde koma og berga livet åt drengen. Då dei kom til Jesus, bad dei honom so mykje at han skulde gjera det. «Han er verd at du gjer dette for honom,» sagde dei; «for han elskar folket vårt, og det er han som hev bygt synagoga åt oss.» Jesus gjekk med deim; men då han ikkje hadde langt att til huset, sende hovudsmannen nokre vener til honom med det bodet: «Herre, du skal ’kje umaka deg! Eg er for ring til at du skulde stiga inn under taket mitt; difor heldt eg meg heller ikkje verdig til å koma til deg. Men seg eit ord, so guten min vert god att! For eg er og ein mann som må lyda deim som større er, og sjølv hev eg hersveinar under meg, og segjer eg til ein av deim: «Gakk!» so gjeng han, og til ein annan: «Kom!» so kjem han, og til tenaren min: «Gjer det!» so gjer han det.» Då Jesus høyrde det, undra han seg yver mannen; han snudde seg, og sagde til folket som fylgde honom: «Det segjer eg dykk: Ikkje ein gong i Israel hev eg funne so stor ei tru.» 10 Då dei som hovudsmannen hadde sendt, kom attende til huset hans, fekk dei sjå at drengen var god att. 11 Snart etter bar det so til at Jesus for til ein by som heiter Nain, og læresveinarne hans og ein stor folkehop var med honom. 12 Då han kom nær innåt byporten, såg han at liket av ein ung mann vart bore ut; det var einaste sonen åt ei enkja; og mykje folk frå byen var med henne. 13 Då Herren vart var enkja, tykte han hjarteleg synd um henne og sagde til henne: «Gråt ikkje!» 14 Han gjekk innåt og tok i båri, og dei som bar, stana. So sagde han: «Unge mann, eg segjer deg: Statt upp!» 15 Og med ein gong reiste den daude seg upp og tok til å tala, og han gav honom åt mori. 16 Då vart alle tekne av otte; dei lova Gud og sagde: «Ein stor profet hev stade fram millom oss!» og: «Gud hev vitja sitt folk!» 17 Og det ordet um honom kom ut yver heile Jødeland og bygderne ikring. 18 Alt dette fekk Johannes bod um av læresveinarne sine. Då kalla han tvo av deim til seg, 19 og sende deim til Herren med dei ordi: «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?» 20 Då mennerne kom til Jesus, sagde dei: «Johannes, døyparen, sender oss til deg og spør: «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?»» 21 I same bilet lækte han mange for sjukdomar og plågor og vonde ånder, og mange blinde gav han syni; 22 so svara han deim: «Gakk og ber bod til Johannes um det de hev set og høyrt: Blinde fær att syni si, halte gjeng ikring, spilte vert reine, dauve høyrer, daude stend upp att, og fatige fær høyra fagnadbodet; 23 og sæl er den som ikkje styggjest ved meg!» 24 Då ærendsveinarne åt Johannes var gjengne, tok Jesus til å tala til folket um Johannes: «Kvi gjekk de ut i øydemarki? Vilde de sjå på ei røyr som svagar att og fram i vinden? 25 Kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein mann som er klædd i fine klæde? Nei, dei som er gildt klædde og liver sine dagar i ovlivnad, dei held til i kongeslotti. 26 Men kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein profet? Ja, segjer eg dykk, og det ein som er meir enn profet. 27 Det er um honom det er skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; der du vil fara, skal han vegen rydja.» 28 Eg segjer dykk: Det finst ingen større profet millom menneskjeborni enn Johannes; og endå er den minste i Guds rike større enn han. 29 Og alt folket som høyrde honom, tollmennerne med, gav Gud rett og tok imot dåpen åt Johannes; 30 men farisæarane og dei lovkunnige gjorde Guds råd til inkjes for seg, og tok ikkje imot dåpen hans. 31 Kven skal eg då likna folki i denne mannsalderen med? kven er det dei likjest? 32 Dei likjest borni som sit på torget og ropar til kvarandre: «Me let i fløyta åt dykk, og de dansa ikkje; me song eit syrgjekvæde, og de gret ikkje.» 33 For Johannes døyparen er komen; han et ikkje brød og drikk ikkje vin, og so segjer de: «Han er forgjord!» 34 Menneskjesonen er komen; han et og drikk, og so segjer de: «Sjå for ein etar og drikkar! Han er godvener med tollmenner og syndarar!» 35 Men at visdomen hev rett, det hev alle sveinarne hans sanna.» 36 Ein av farisæarane bad honom eta hjå seg, og Jesus gjekk heim til honom og sette seg til bords. 37 No var det der i byen ei kvinna som hadde livt eit syndefullt liv; då ho fekk vita at han sat til bords hjå farisæaren, kom ho med ei alabaster-krukka full av myrrasalve 38 og sette seg gråtande nedmed føterne hans; so tok ho til å væta føterne hans med tårorne sine, og turka deim med håret sitt; og ho kysste føterne hans og smurde deim med myrrasalven. 39 Då farisæaren som hadde bede honom til seg såg det, tenkte han med seg: «Var denne mannen ein profet, so visste han kva det er for ei kvinna som tek i honom, og kva slag menneskje ho er, at ho er ei syndefull kvinna.» 40 Då tok Jesus til ords og sagde til honom: «Simon, det er noko eg vil segja deg!» - «Tala, meister!» sagde han. 41 «Det var tvo som stod i skuld til ein utlånar; den eine var skuldig hundrad dalar, den andre ti. 42 Men dei hadde ikkje noko å greida for seg med, og so ettergav han deim båe skuldi. Kven av deim vil no elska honom mest?» 43 «Eg tenkjer, den som han ettergav mest,» svara Simon. «Du dømde rett,» sagde Jesus. 44 So snudde han seg mot kvinna og sagde til Simon: «Du ser denne kvinna! Eg kom inn i ditt hus - du gav meg ikkje vatn til føterne mine, men ho vætte føterne mine med tåror, og turka deim med håret sitt; 45 du gav meg ingen kyss, men ho hev halde ved og kysst føterne mine frå den stund eg kom inn; 46 du salva ikkje hovudet mitt med olje, men ho smurde føterne mine med myrrasalve. 47 For den skuld segjer eg deg: Tilgjevne er dei mange synderne hennar; difor er det ho elskar so mykje; men den som lite vert tilgjeve, elskar lite.» 48 So sagde han til henne: «Tilgjevne er synderne dine!» 49 Dei som sat med til bords, tok til å tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?» 50 Men han sagde til kvinna: «Trui di hev frelst deg! Gakk heim, og liv sæl.»
Copyright information for NorSMB