Mark 11

Då dei kom burtimot Jerusalem, til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus tvo av læresveinarne sine i veg og sagde til deim: «Gakk burt i den grendi som ligg beint framfor dykk! Med det same de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det endå aldri hev sete noko menneskje på; den skal de løysa og koma hit med! Og dersom nokon segjer med dykk: «Kvi gjer de det?» so skal de svara: «Herren treng um honom, og sender honom straks attende.»» So gjekk dei og fann folen; han stod bunden uti gata attmed ei dør, og dei løyste honom. Nokre folk som stod der, sagde til deim: «Kva gjer de? løyser de folen?» Dei svara so som Jesus hadde sagt; då let folket deim ganga. So kom dei til Jesus med folen og lagde kjolarne sine på honom, og Jesus sette seg uppå. Og mange breidde klædi sine på vegen, andre strådde lauv, som dei hadde henta frå marki. Og dei som gjekk fyre, og dei som fylgde etter, ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! 10 Velsigna vere vår fader Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste!» 11 So kom han til Jerusalem og gjekk inn i templet. Der såg han seg ikring allstad; men då det tok til å kvelda, gjekk han ut til Betania med dei tolv. 12 Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, kjende han seg svolten. 13 Langt burte såg han eit fiketre med lauv på; han gjekk burtåt, og vilde sjå um han kunde finna noko på det; men då han kom dit, fann han ’kje anna enn lauv; for det var ikkje tidi for fikor. 14 Då tala han til treet og sagde: «Gjev aldri i verdi nokon må koma til å eta frukt av deg meir!» Og det høyrde læresveinarne på. 15 Då dei kom til Jerusalem, gjekk han inn i templet og tok til å driva ut deim som handla i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkarne åt deim som selde duvor, 16 og let ingen få lov til å bera nokon reidskap gjenom templet. 17 Og han lærde deim og sagde: «Stend det ’kje skrive: «Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk?» Men de hev gjort det til eit røvarbol.» 18 Dei øvste prestarne og dei skriftlærde fekk høyra det, og lurde på korleis dei skulde få teke livet av honom; dei var rædde honom; for alle folk var hugtekne av læra hans. 19 Men når det leid til kvelds, gjekk han alltid ut or byen. 20 Då dei tidleg um morgonen gjekk framum fiketreet, såg dei at det hadde turka radt ifrå roti. 21 Peter kom i hug dei ordi Jesus hadde lyst, og sagde: «Meister, sjå fiketreet som du banna, hev turka!» 22 Då tok Jesus til ords og sagde: «Hav tru til Gud! 23 Det segjer eg dykk for sant: Um nokon segjer til dette fjellet: Lyft deg upp og kasta deg ut i havet! og ikkje hev tvil i hjarta, men trur at det vil ganga som han segjer, so skal det ganga som han vil. 24 Difor segjer eg dykk: Kva de bed um og ynskjer etter, so tru visst at de alt hev fenge det - då fær de det! 25 Og når de stend og bed, og hev noko imot einkvan, so tilgjev honom det! Då skal og far dykkar i himmelen tilgjeva dykk for misgjerningarne dykkar! 26 Men um de ikkje tilgjev, skal ikkje heller far dykkar i himmelen tilgjeva dykkar misgjerningar.» 27 So kom dei til Jerusalem att. Og med han gjekk ikring i templet, kom dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne burt til honom 28 og sagde: «Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven gav deg retten til å gjera det?» 29 «Eg vil spyrja dykk um ein ting,» sagde Jesus. «Svara meg, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette: 30 Var dåpen åt Johannes frå himmelen eller frå menneskje? Svara meg!» 31 Då lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom då ikkje?» 32 Lat oss heller svara: «Frå menneskje!»» men det torde dei ikkje for folket; for alle trudde at Johannes var retteleg ein profet. 33 So svara dei honom: «Det veit me ikkje.» «Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette,» sagde Jesus.
Copyright information for NorSMB