Mark 13

Då han gjekk ut or templet, sagde ein av læresveinarne til honom: «Meister, sjå for steinar og for bygningar!» «Ja, ser du desse store bygningarne!» svara Jesus. «Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast laus.» Sidan, då han sat på Oljeberget midt imot templet, og det ikkje var nokon innmed, kom Peter og Jakob og Johannes og Andreas og spurde honom: «Seg oss: Når skal dette henda, og kva er teiknet me fær når alt dette er åt og skal koma?» Då tok Jesus soleis til ords: «Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk! Mange skal taka mitt namn og segja: «Det er eg!» og føra mange på avveg. Men når de høyrer um ufred og tidend um ufred, so vert ikkje rædde! Dette lyt henda; men enden kjem ikkje endå. Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike; det skal vera jordskjelv kring i landi, det skal vera uår og upprør. Det er det fyrste av føderiderne. Men sjå dykk fyre! Dei kjem til å draga dykk for domstolarne og piska dykk i synagogorne, og for landshovdingar og kongar skal de førast fram for mi skuld, so de kann vitna for deim. 10 Og fyrst lyt evangeliet berast ut til alle folkeslag. 11 Men når dei fører dykk burt og gjev dykk yver til retten, so syt ikkje for kva de skal tala! Det som vert gjeve dykk i same stundi, det skal de tala; for det er ikkje de som talar, men den Heilage Ande. 12 Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine, og valda at dei lyt døy. 13 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld; men den som held ut til endes, han skal verta frelst. 14 Men når de ser at den øydande styggedomen stend der han ikkje skulde» - agte vel på dette, du som les! - «då lyt dei som er i Judaland røma til fjells; 15 den som er uppå taket, må ikkje stiga ned, og ikkje ganga inn og henta noko i huset sitt, 16 og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim etter kjolen sin! 17 Stakkars deim som gjeng med barn eller gjev brjost i dei dagarne! 18 Men bed at dette ikkje må henda um vinteren! 19 For den tidi skal vera so hard at det aldri hev vore so hard ei tid frå upphavet åt skaparverket som Gud hev gjort, og til no, og vert ikkje sidan heller. 20 Og gjorde ’kje Herren den tidi stutt, so vart ’kje eit liv berga; men for deira skuld som han valde seg ut, hev han gjort den tidi stutt. 21 Um nokon då segjer med dykk: «Sjå her er Messias - Sjå der!» so må de ikkje tru det! 22 For falske Messias’ar skal standa fram, og falske profetar, og gjera teikn og under for å forvilla dei utvalde, um det er råd. 23 So sjå dykk fyre! Eg hev sagt dykk alt fyreåt. 24 Men i dei dagarne, etter denne harde tidi, skal soli myrkjast, og månen missa sitt ljos; 25 stjernorne skal falla ned frå himmelen, og himmelkrafterne skakast. 26 Då skal dei sjå Menneskjesonen koma i skyi med stort velde og herlegdom, 27 og då skal han senda ut englarne, og samla dei utvalde frå heimsens fire hyrno, frå ytste enden av jordi til ytste enden av himmelen. 28 Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinerne, og lauvet sprett, då veit de at sumaren er nær. 29 Like eins når de ser dette hender, då veit de at han er utfor døri. 30 Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt. 31 Himmel og jord skal forgangast; men mine ord skal ikkje forgangast. 32 Men den dagen og timen veit ingen, ikkje englarne i himmelen, og ikkje Sonen - ingen utan Faderen. 33 Sjå dykk fyre, og vak! For de veit ikkje når tidi kjem. 34 Det er liksom med ein mann som drog utanlands. Då han for heimantil, sette han sveinarne sine til å styra for seg. Kvar fekk sitt å gjera, og til portnaren sagde han at han laut vaka. 35 So vak då! For de veit ’kje når husbonden kjem - um kvelden, eller midnattsbil, eller i otta, eller i dagrenningi. 36 Lat honom ikkje finna dykk sovande, um han skulde koma uventande på dykk! 37 Men det eg segjer dykk, det segjer eg alle: Ver vakne!»
Copyright information for NorSMB