Mark 15

Det tok alt til å dagast då dei øvste prestarne med styresmennerne og dei skriftlærde - heile den Høgste Retten - var ferdige med rådleggjingi si. Då batt dei Jesus og førde honom burt og gav honom yver til Pilatus. Pilatus spurde honom: «Er du kongen yver jødarne?» - «Det er dine ord,» svara Jesus. Dei øvste prestarne kom med mange klagemål mot honom. Då spurde Pilatus honom att: «Svarar du ingen ting? Høyr alt det dei klagar deg for!» Men Jesus svara ikkje eit ord meir, so Pilatus tok til å undrast. Kvar høgtid gav Pilatus deim ein fange fri, den som dei sjølve bad um. Og ein som heitte Barabbas sat då fengsla i hop med nokre ufredsmenner; dei hadde gjort eit upplaup og drepe nokon. So kom folket upp og tok til å beda um det som Pilatus var van med å gjera for deim. Då svara han deim: «Vil de eg skal gjeva dykk jødekongen fri?» 10 for han skyna det var av ovund dei øvste prestarne hadde gjeve Jesus yver til honom. 11 Men dei øvste prestarne fekk eggja upp folket, so dei bad at han heller skulde gjeva deim Barabbas fri. 12 Då tok Pilatus til ords att og sagde: «Kva vil de då eg skal gjera med honom som de kallar kongen yver jødarne?» 13 Dei svara med å ropa: «Krossfest honom!» 14 «Kva vondt hev han då gjort?» sagde Pilatus. Men dei ropa berre endå sterkare: «Krossfest honom!» 15 Pilatus vilde gjerne gjera folket til lags. Han gav deim Barabbas fri, men Jesus let han piskast, og gav honom yver til hermennerne sine, so dei skulde krossfesta honom. 16 Hermennerne førde Jesus inn i garden, i borgi, og kalla i hop heile vakti. 17 Dei klædde honom i ei purpurkåpa, og sette på honom ein klungerkrans som dei hadde fletta, 18 og tok til å helsa honom: «Heil deg, jødekonge!» 19 So slo dei honom i hovudet med ei røyr, og sputta på honom, og lagde seg på kne og hyllte honom. 20 Då dei hadde spotta honom som dei vilde, klædde dei av honom purpurkåpa, og hadde på honom hans eigne klæde, og so leidde dei honom ut og skulde krossfesta honom. 21 Då gjekk det ein mann framum, som kom frå marki; det var Simon frå Kyrene, far åt Aleksander og Rufus; honom nøydde dei til å bera krossen hans. 22 Dei førde honom til den staden som heiter Golgata - det er det same som Skallestaden -. 23 Der baud dei honom vin med myrra i; men han vilde ikkje hava det. 24 So feste dei honom til krossen. Klædi hans skifte dei millom seg, og drog strå um kva kvar skulde hava. 25 Det var i den tridje timen dei krossfeste honom. 26 På krossen var det sett ei innskrift som nemnde skuldi hans; ho lydde so: Kongen yver jødarne. 27 Saman med honom krossfeste dei tvo røvarar, ein på hans høgre og ein på hans vinstre sida; 28 og då sannast det skriftordet som segjer: «Og han vart rekna millom brotsmenner.» 29 Dei som gjekk framum, hædde honom og riste på hovudet og sagde: «Å, du som riv ned templet og byggjer det upp att på tri dagar! 30 Hjelp deg no sjølv, og stig ned av krossen!» 31 Sameleis spotta dei øvste prestarne og, både dei og dei skriftlærde, og sagde seg imillom: «Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa! 32 Lat no Messias, Israels konge, stiga ned av krossen, so me kann sjå det og tru!» Dei som var krossfeste med honom, gav seg og til å skjella honom ut. 33 Då den sette timen var komen, vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen. 34 Og i den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elo’i, Elo’i, lama sabaktani?» det er: «Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?» 35 Nokre av deim som stod der sagde, då dei høyrde det: «No ropar han på Elia!» 36 Då sprang det ein fram, duppa ein svamp i vineddik, sette honom på ei tein og let Jesus få drikka og sagde: «Venta! Lat oss sjå um Elia kjem og vil taka honom ned!» 37 Og Jesus gav ifrå seg eit høgt rop, og andast. 38 Då rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og radt ned. 39 Og då hovudsmannen som stod der midt framfyre honom, såg korleis han andast, sagde han: «Den mannen var visst og sant Guds Son!» 40 Det var og nokre kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på. Millom deim var både Maria Magdalena, og Maria mor åt Jakob den yngre og Joses, og Salome, 41 som alle hadde fylgt honom med han var i Galilæa, og tent honom, og mange andre kvinnor, som hadde vore med honom upp til Jerusalem. 42 Det var då fyrebuingsdagen eller dagen fyre kviledagen, og då det alt leid mot kvelden, 43 kom Josef frå Arimatæa, ein gjæv rådsherre, som og venta på Guds rike; han våga seg til å ganga inn til Pilatus og beda um likamen åt Jesus. 44 Pilatus undrast på um han alt var slokna; 45 han kalla hovudsmannen til seg, og spurde um Jesus nyst var slokna, og då han hadde fenge vissa um det av hovudsmannen, let han Josef få liket. 46 So kjøpte Josef linty og tok honom ned, sveipte honom i lintyet og lagde honom i ei grav som var hoggi ut i berget, og so velte han ein stein attfor gravopningi. 47 Og Maria Magdalena og Joses-Maria såg staden der han vart lagd.
Copyright information for NorSMB