Mark 2

Då det leid um nokre dagar, kom han til Kapernaum att, og det spurdest at han var heime. Då samla der seg so mykje folk at det ikkje var rom åt fleire, ikkje ein gong framfor døri, og han tala Guds ord til deim. Best det var, kom fire mann berande med ein som var lam, og då dei ikkje kunde koma fram til Jesus for folkestimen, tok dei burt taksteinarne der som han var og braut hol i taket og fira ned sengi som den lame låg i. Og då Jesus såg trui deira, sagde han til den lame: «Son, synderne dine er tilgjevne!» No var det nokre skriftlærde som sat der; dei tenkte med seg: «Kvi talar den mannen so? Han spottar Gud! Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?» Jesus kjende straks i hugen sin at dei tenkte so, og han sagde: «Kvi hyser de slike tankar i hjarta? Kva er lettast å segja til den lame: «Synderne dine er tilgjevne!» eller å segja: «Statt upp, tak sengi di og gakk?» 10 Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi, so segjer eg deg» - sagde han til den lame -: 11 «Statt upp, tak sengi di og gakk heim att!» 12 Då stod han upp, tok sengi si i same stund og gjekk ut for alle manns augo, so dei alle vart mest frå seg av undring, og lova Gud og sagde: «Slikt hev me aldri set fyrr!» 13 So gjekk han ut til sjøen att. Då kom alt folket til honom, og han lærde deim. 14 Som han no gjekk frammed der, fekk han sjå Levi Alfæusson - han sat på tollbudi - og Jesus sagde til honom: «Fylg meg!» Då reiste han seg og fylgde honom. 15 So hende det at Jesus var til bords i huset hans, og mange tollmenner og syndarar sat saman med honom og læresveinarne hans; for dei var mange, og dei fylgde honom. 16 Og då dei skriftlærde millom farisæarane såg at han åt i lag med syndarar og tollmenner, sagde dei til læresveinarne hans: «Et han i lag med tollmenner og syndarar?» 17 Jesus høyrde det og sagde til deim: «Det er ’kje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.» 18 Både læresveinarne åt Johannes og læresveinarne åt farisæarane heldt fasta. Og folk kom og spurde Jesus: «Korleis hev det seg at læresveinarne åt Johannes og åt farisæarane fastar, men dine læresveinar fastar ikkje?» 19 «Kann brudlaupsfolket fasta med brudgomen er hjå deim?» svara Jesus; «so lenge dei hev brudgomen hjå seg, kann dei då ikkje fasta. 20 Men skal kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; då, når den dagen kjem, skal dei fasta. 21 Ingen saumar ein lapp av ustampa ty på eit gamalt klædeplagg; elles riv boti burt noko av plagget - det nye tyet av det gamle - og rifti vert større. 22 Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; elles sprengjer vinen flaskorne og vinen øydest, og flaskorne med: Nei - ny vin på nye lerflaskor!» 23 Ein gong bar det so til at han gjekk yver åkrarne på kviledagen, og læresveinarne tok til å riva av aks, med dei gjekk etter vegen. 24 Då sagde farisæarane med honom: «Sjå kva dei gjer på kviledagen! det som ingen hev lov til!» 25 Han svara: «Hev de aldri lese kva David gjorde då han leid naud og svalt, han og dei som var med honom? 26 korleis han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrødi - dei som ingen utan prestarne hev lov til å eta - og gav fylgjet sitt med seg?» 27 So sagde han til deim: «Kviledagen vart til for menneskja skuld, og ikkje menneskja for kviledagen skuld. 28 Difor råder Menneskjesonen yver kviledagen og.»
Copyright information for NorSMB