Mark 4

So tok han til å læra folket att ved sjøen; og det samla det seg ei uhorveleg mengd ikring honom, so han laut ganga ut i ein båt; den sat han i utpå vatnet, og heile folkehopen stod innpå land nedmed sjøen. Då lærde han deim mangt og mykje i likningar, og med han soleis lærde deim, sagde han: Høyr her! Det var ein såmann som gjekk ut og vilde så. Då bar det seg so til med han sådde, at noko av kornet fall frammed vegen, og fuglarne kom og åt det upp. Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt; men då soli steig, skein det av, for det hadde ikkje rot. Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det, og det gav ikkje grøda. Noko fall i god jord; det rann upp og voks og gav grøda og bar upp til tretti og seksti og hundrad foll. Høyr etter, kvar som høyra kann! sagde han då. 10 Då han vart åleine, kom dei tolv og dei andre som var med honom, og spurde honom um likningarne. 11 Han svara: «De fær vita løyndomen i Gudsriket, men til dei andre, som er utanfor, kjem allting i likningar, 12 so dei skal sjå, men ikkje skilja, og høyra, men ikkje skyna; elles kunde dei venda um og få tilgjeving. 13 Men skynar de ’kje denne likningi, sagde han, korleis kann de då greida alle dei andre likningarne? 14 Såmannen, det er den som sår Guds ord. 15 Dei frammed vegen, det er dei som Guds ord vert sått i, men med same dei hev høyrt det, kjem Satan, og tek burt ordet som var sått i deim. 16 Sameleis dei som var sådde på steingrunn; det er dei som straks dei fær høyra Guds ord, tek imot det med gleda; 17 men dei hev ikkje rot i seg, og held ikkje ut langt bilet; kjem dei so i naud eller fåre for ordet skuld, leidest dei straks og fell ifrå. 18 Andre var sådde millom klunger; det er dei som hev høyrt Guds ord, 19 men suterne for det timelege og den svikfulle rikdomen og fysna etter alle andre ting, trengjer seg inn og kjøver ordet, so det vert grødelaust. 20 Men dei som var sådde i god jord, det er dei som høyrer Guds ord og tek imot det, og gjev grøda i tretti og seksti og hundrad foll.» 21 Sidan sagde han til deim: «Når dei kjem inn med eit ljos, set dei det då under skjeppa eller sengi? set dei det ’kje i staken? 22 For ingen ting er dult utan det vert openberra, og ingen ting vart løynt utan det laut fram i ljoset. 23 Høyr etter, kvar som høyra kann!» 24 So sagde han til deim: «Sjå dykk fyre kva de høyrer på! Det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk med, og endå skal de få noko attpå. 25 For den som hev, han skal få, men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.» 26 Sidan sagde han: «Med Guds rike er det so som når ein mann hev sått kornet i jordi: 27 Han søv og ris upp, natt etter natt og dag etter dag, og frøet renn upp og veks - han veit ikkje korleis det gjeng til; 28 av seg sjølv ber jordi si grøda, fyrst strå, so aks, so fulle korn i kvart aks. 29 Men so snart som åkeren er skjær, tek han fram sigden; for hausten er komen.» 30 So sagde han: «Kva skal me likna Guds rike i hop med? kva bilæte skal me teikna det med? 31 Det er liksom senapskornet; når det vert lagt i jordi, er det mindre enn alle frøkorn i verdi. 32 Men etter det er sått, renn det upp og vert større enn alle hagevokstrar og fær store greiner, so fuglarne i lufti kann byggja reir i skuggen av det.» 33 I mange sovore likningar tala han Guds ord til deim, etter som dei var god til å skyna det. 34 Forutan likningar tala han ikkje til folket; men når han var åleine med læresveinarne sine, lagde han det ut alt saman for deim. 35 Då det leid til kvelds same dagen, sagde han til deim: «Lat oss fara yver til hi sida!» 36 So skildest dei med folket og tok honom med i båten, som han var. Og andre båtar fylgde og med. 37 Då vart det so hardt eit ver, at bårorne slo inn i båten, og han var nær på å fyllast. 38 Men Jesus låg og sov på høgjendet i bakskuten. Dei vekte honom og sagde: «Meister, er du like sæl um me gjeng under?» 39 So stod han upp og truga vinden og sagde til sjøen: «Teg, og ver still!» Då logna vinden, og det vart blikende stilt. 40 Og han sagde til deim: «Kvi er de rædde? Hev de endå ingi tru?» 41 Men dei var fulle av otte og sagde seg imillom: «Kva er då dette for ein, som både vinden og sjøen lyder?»
Copyright information for NorSMB