Mark 6

So for han burt derifrå og kom til fødesheimen sin, og læresveinarne var med honom. Då kviledagen kom, tok han til å læra folket i synagoga, og dei mange som høyrde på honom, var reint upp i under og sagde: «Kvar hev han dette frå? Kva er det for visdom han hev fenge? Og slike underverk som han gjer! Er ’kje dette timbremannen, son åt Maria og bror åt Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ’kje systerne hans her i grendi?» Og dei stygdest ved honom. Men Jesus sagde til deim: «Ein profet er ikkje vanvyrd utan i si eige grend og hjå sitt eige folk og i sin eigen heim!» Han kunde ikkje gjera noko under der, so nær som at han lagde henderne på nokre få helselause og lækte deim. Og han undra seg yver vantrui deira. Sidan gjekk han frå grend til grend og lærde folket. Og han kalla dei tolv til seg, og tok til å senda deim ut, tvo og tvo, og gav dei magt yver dei ureine ånderne. Han sagde til deim at dei skulde ’kje hava anna med seg på ferdi enn ein stav, ikkje brød, ikkje skreppa, ikkje kopar i beltet; sandalar kunde dei ganga med, men dei måtte ’kje hava på seg meir enn ei trøya. 10 «Kvar gong de kjem inn i eit hus,» sagde han, «so ver der til de fer burt frå den bygdi. 11 Men er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, so gakk dykkar veg og rist moldi av føterne dykkar! det skal vera eit vitnemål mot deim.» 12 So tok dei i vegen og tala for folket og mana deim til å venda um. 13 Og dei dreiv ut mange djevlar, og salva mange helselause med olje og lækte deim. 14 Kong Herodes fekk og høyra um dette; for Jesus hadde vorte namnspurd, og folk sagde: «Det er Johannes, døyparen! Han hev stade upp frå dei daude; difor ter det seg so underfulle krafter i honom;» 15 andre sagde: «Det er Elia;» endå andre: «Det er ein profet, som ein av dei gamle profetarne.» 16 Men då Herodes høyrde det, sagde han: «Det er Johannes, han som eg let deim hogga hovudet av; no hev han stade upp att!» 17 For Herodes hadde sjølv sendt ut folk til å gripa Johannes og lagt honom i band og lekkjor, og det valda Herodias, kona åt Filip, bror hans. For henne hadde Herodes gift seg med; 18 men Johannes sagde til honom: «Du må ikkje hava brorkona di!» 19 Difor bar Herodias hat til honom, og vilde at han skulde drepast, men fekk det ’kje fram. 20 For Herodes hadde age for Johannes, av di han visste han var ein rettferdig og heilag mann, og han heldt handi yver honom; når han høyrde honom, kom han i tvil um mangt og mykje, og han høyrde honom gjerne. 21 Men so kom det ei lagleg tid: det var då Herodes på årmålsdagen sin gjorde eit gjestebod for stormennerne sine og herhovdingarne og dei gjævaste i Galilæa. 22 Då kom dotter åt Herodias inn og dansa. Herodes og gjesterne hans tykte gildt i dansen hennar, og kongen sagde til henne: «Bed meg um kva du vil, so skal eg gjeva deg det!» 23 Og han svor at ho skulde få det ho bad um - um det so var halve riket hans. 24 So gjekk ho ut og spurde mor si: «Kva skal eg beda um?» «Hovudet åt Johannes døyparen!» svara mori. 25 Då skunda ho seg straks inn til kongen og bar fram ynskjet sitt. «Eg vil at du no med det same skal gjeva meg hovudet åt Johannes døyparen på eit fat,» sagde ho. 26 Kongen vart reint ille ved; men for di han hadde svore, og for gjesterne skuld vilde han ikkje svara nei. 27 Han sende straks ein av livvakti av stad og bad honom henta hovudet åt Johannes. 28 Mannen gjekk til fengslet og hogg hovudet av Johannes, kom med det på eit fat og gav det til gjenta, og ho gav det til mor si. 29 Då læresveinarne åt Johannes fekk høyra det, kom dei og tok liket hans og lagde det i ei grav. 30 Apostlarne samla seg atter hjå Jesus, og sagde frå um alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket. 31 Då sagde han til deim: «Kom no de åleine med meg til ein øydestad og kvil dykk litt!» For det var mange som kom og gjekk, og dei fekk ikkje ein gong matro. 32 So for dei åleine i båten til ein øydestad. 33 Men folk såg deim fara burt, og mange kjende deim att, og sprang landveges dit frå alle byarne og kom fyre deim, 34 og då Jesus steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop. Han tykte hjarteleg synd i deim; for dei var som ein saueflokk utan hyrding; og han tok til å læra deim mykje. 35 Då dagen tok til å lida, kom læresveinarne til honom og sagde: «Det er audt her, og dagen lid. 36 Send deim frå deg, so dei kann ganga burt i gardarne og grenderne her kringum og kjøpa seg mat!» 37 «Gjev de dei mat!» svara han. «Skal me ganga av og kjøpa brød for eit halvt hundrad dalar, og gjeva deim?» sagde dei då. 38 «Kor mykje brød hev de?» spurde han; «gakk og sjå etter!» Då dei so hadde fenge greida på det, sagde dei: «Fem leivar og tvo fiskar.» 39 Då sagde han at dei skulde lata alle setja seg i det grøne graset, bordlag og bordlag. 40 So let dei seg ned i flokkar, sume på hundrad og sume på femti. 41 Og han tok dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne og såg upp imot himmelen og velsigna deim; so braut han brødet og gav det til læresveinarne, so dei skulde setja det fram for deim, og dei tvo fiskarne skifte han og ut åt deim alle. 42 Då alle hadde ete og var mette, 43 samla dei upp tolv korger fulle med brødstykke og noko fisk. 44 Og det var fem tusund mann som hadde fenge mat. 45 Med same dette var gjort, nøydde han læresveinarne til å ganga i båten og fara fyre yver sjøen, til Betsaida, medan han sjølv bad farvel med folket. 46 Og då han hadde skilst med deim, gjekk han upp i fjellet og vilde beda. 47 Då det leid på kvelden, var båten midt utpå sjøen, og sjølv var han åleine på land. 48 Då såg han at det gjekk tungt for deim med roren; for dei hadde vinden imot seg. Og ikring den fjorde nattevakti kom han gangande burtimot deim på sjøen, og vilde ganga framum deim. 49 Då dei såg at han gjekk på sjøen, tenkte dei at det var eit skrymt, og dei sette i et skrik; 50 for dei såg honom alle og vart fælne. Men i det same tala han til deim og sagde: «Ver hugheile! Det er eg! Ver ’kje rædde!» 51 So steig han upp i båten til deim, og vinden stilna. Men dei var so forstøkte at dei var reint ifrå seg. 52 For dei hadde ikkje vitrast av det som var hendt med brødet; so seige og tungnæme var dei. 53 Då dei hadde fare yver til hitt landet, kom dei til Gennesaret og lagde til der. 54 Med det same han steig utor båten, kjende folk honom att, 55 og dei sprang rundt i heile grannelaget og tok til å bera dei sjuke kring i sengjerne sine dit som dei høyrde han var. 56 Og kvar han kom, til grender eller byar eller gardar, lagde dei sine sjuke på tunet, og bad um dei måtte få taka um so berre i falden på kjolen hans, og alle som kom nær honom, vart gode att.
Copyright information for NorSMB