Mark 8

Ein gong ved det leitet var det atter mykje folk samla, og dei hadde ingen ting å eta. Då kalla Jesus læresveinarne til seg og sagde: «Eg ynkast yver folket! No hev dei alt vore hjå meg i tri dagar, og hev ingen ting å eta. Let eg deim fara fastande heim att, so kjem dei til å ormegtast på vegen; og sume av dei hev kome lange vegar.» «Kvar kann ein få brød frå til å metta alle desse, her i øydemarki?» svara læresveinarne. «Kor mykje brød hev de?» spurde Jesus. «Sju leivar,» sagde dei. Då let han folket setja seg ned på marki, og han tok dei sju leivarne og takka og braut dei sund og gav deim til læresveinarne, so dei skulde setja deim fram; og dei sette deim fram for folket. Og dei hadde nokre få små fiskar; deim velsigna han og, og sagde at dei skulde setja deim fram. Då dei hadde ete og var mette, samla dei upp dei stykki som låg att; det vart sju korger. Og der var um lag fire tusund mann. So bad han farvel med deim. 10 Straks etter gjekk han i båten med læresveinarne sine og for til Dalmanuta-bygdi. 11 Dit kom farisæarane og, og dei tok til å ordkastast med honom, og kravde eit teikn frå himmelen av honom; for dei vilde freista honom. 12 Då sukka han av hjartans grunn og sagde: «Kvi krev denne ætti eit teikn? Det segjer eg dykk for sant: Aldri skal denne ætti få noko teikn!» 13 Dermed gjekk han ifrå deim og steig ut i båten att, og for yver sjøen. 14 Dei hadde gløymt å taka brød med seg; ein leiv var alt dei hadde med seg i båten. 15 So vara han deim åt og sagde: «Sjå dykk fyre, og agta dykk for surdeigen åt farisæarane og surdeigen åt Herodes!» 16 Då tala dei med kvarandre um at dei hadde ’kje brød. 17 Jesus gådde det og sagde til deim: «Kvi talar de um at de ikkje hev brød? Ser og skynar de endå ingen ting? Er de so tungnæme? 18 De hev augo, og ser ikkje! De hev øyro og høyrer ikkje! Kjem de då ikkje i hug 19 den gongen eg bytte sund dei fem brødleivarne åt dei fem tusund - kor mange korger fulle av brødstykke sanka de i hop?» «Tolv,» svara dei. 20 «Og då eg bytte ut dei sju leivarne åt dei fire tusund, kor mange fulle brødkorger samla de då upp?» - «Sju,» svara dei. 21 Skynar de endå ingen ting? sagde han då. 22 So kom dei til Betsaida. Der leidde dei ein blind mann fram til honom, og bad at han vilde leggja henderne på honom. 23 Då tok han den blinde i handi, og leidde honom ut or grendi. So vætte han augo hans med råke av munnen sin, og lagde henderne på honom og spurde: «Ser du noko?» 24 Mannen såg upp og sagde: «Eg augnar folk som gjeng ikring; dei ser ut for meg som trestuvar.» 25 So lagde Jesus endå ein gong henderne på augo hans. Då braut syni hans fram; han vart god att og kunde skilja allting klårt. 26 Jesus sende honom heim att og sagde: «Gakk ikkje inn i grendi, og seg det ikkje til nokon i grendi!» 27 Sidan for Jesus og læresveinarne hans burt til grenderne kring Cæsarea Filippi. Og på vegen spurde han deim: «Kven segjer folk at eg er?» 28 «Johannes døyparen,» svara dei; og sume segjer: «Elia», andre: «Ein av profetarne.» 29 «Kven segjer då de at eg er?» spurde han. Då tok Peter til ords og sagde: «Du er Messias!» 30 Men det forbaud han deim strengt å segja med nokon. 31 So tok han til å læra deim at Menneskjesonen laut lida mykje, og at styresmennerne og dei øvsteprestarne og dei skriftlærde skulde skjota honom ifrå seg, og at han laut lata livet, men tri dagar etter skulde han standa upp att. 32 Og det sagde han med reine ord. Då tok Peter honom til sides og tok til å telja for honom. 33 Men han snudde seg, og då han såg læresveinarne sine, tala han strengt til Peter og sagde: «Burt frå augo mine, Satan! Du hev ingen tanke for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskjevilje.» 34 So kalla han folket til seg saman med læresveinarne sine og sagde: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv, og taka krossen sin upp og fylgja etter meg. 35 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi og evangeliet skuld, han skal berga det. 36 Kva gagnar det eit menneskje å vinna heile verdi, men tapa sjæli si? 37 For kva kann menneskjet gjeva i byte for sjæli si? 38 For den som skjemmest ved meg og ordi mine i denne utrue og synduge ætti, honom skal og Menneskjesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin med dei heilage englarne.
Copyright information for NorSMB