Matthew 12

I den tidi gjekk Jesus på ein kviledag yver åkrarne. Læresveinarne hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta. Då farisæarane såg det, sagde dei til honom: «Sjå læresveinarne dine! - no gjer dei noko som ingen hev lov til å gjera på ein kviledag.» Han svara: «Hev de ’kje lese kva David gjorde då han var svolten, han og dei som var med honom, at han gjekk inn i Guds hus, og åt skodebrødi, og dei hadde han ikkje lov til å eta, korkje han eller fylgjesmennerne hans, men berre prestarne. Eller hev de ’kje lese i lovi at prestarne bryt helgi i templet på kviledagen, og er endå skuldlause? Men eg segjer dykk, at her er det som er større enn templet. Og hadde de visst kva som ligg i det ordet: «D’er miskunn, ikkje offer, eg hev hugnad i,» so hadde de ikkje fordømt desse uskyldige. For Menneskjesonen råder yver kviledagen.» So gjekk han burt derifrå og til synagoga deira. 10 Der var det ein mann som hadde ei nomi hand. So spurde dei honom: «Tru det er rett å lækja folk på ein kviledag?» For dei vilde få noko å klaga honom for. 11 Då sagde han til deim: «Kven av dykk dreg ikkje upp att ein sau som hev dotte ned i eit dike for honom på ein kviledag? 12 Og kor mykje meir er ’kje eit menneskje enn ein sau! So må det då vera rett å gjera vel på kviledagen.» 13 So segjer han til mannen: «Rett fram handi!» Då rette han henne fram, og ho vart frisk liksom hi handi. 14 Men farisæarane gjekk ut og lagde råd um korleis dei skulde få gjort ende på honom. 15 Då Jesus vart vis med det, for han burt, og det fylgde mange med honom. Han lækte deim alle, 16 men forbaud deim strengt å gjera honom kjend. 17 Soleis skulde det sannast det som er tala gjenom Jesaja, profeten, når han segjer: 18 «Sjå sveinen unge som eg ut meg såg, han som eg elskar, han, min hjartehugnad! På honom vil eg leggja åndi mi, og rett skal for folki lysa ut. 19 Han trættar ikkje, ropar ikkje høgt. I gatorn’ ingen høyra fær hans røyst: 20 Den brotne røyri krys han ikkje sund, rjukande skaren sløkkjer han ’kje ut, fyrr retten han til siger fram hev ført. 21 Til han skal folket setja voni si.» 22 Sidan kom dei til honom med ein forgjord som var både mållaus og blind, og han gjorde honom god att, so den mållause tala og såg. 23 Då vart alt folket reint upp i under og sagde: «Dette skulde vel ikkje vera Davidssonen?» 24 Då farisæarane høyrde det, sagde dei: «Denne kunde ikkje driva ut djevlarne, fekk han ikkje hjelp av Be’elsebul, hovdingen deira.» 25 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sagde til deim: «Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og ein by eller eit hus som er kome i strid med seg sjølv, stend ikkje lenge. 26 Er det no so at Satan driv ut Satan, so er han komen i strid med seg sjølv, og korleis kann då riket hans standa? 27 Og hjelper Be’elsebul meg til å driva ut dei djevlarne, kven hjelper då dykkar eigne folk til å driva deim ut? Difor skal dei vera domarane dykkar. 28 Men er det Guds Ande som hjelper meg til å driva ut djevlarne, so er då Gudsriket kome til dykk. 29 Eller kven kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignaluterne hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band? då kann han plundra huset. 30 Den som ikkje er med meg, er imot meg, og den som ikkje sankar med meg, han spreider. 31 Difor segjer eg dykk: All synd og spotting skal tilgjevast menneskja, men spott imot Anden skal ikkje tilgjevast. 32 Og den som lastar Menneskjesonen, skal få tilgjeving for det; men den som lastar den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving, korkje i dette livet eller i det som skal koma. 33 Anten lyt de segja: «Treet er godt, og frukti på det er god,» eller og: «Treet er låkt, og frukti på det er låk.» For på frukti kjenner ein treet. 34 De orme-ungar, korleis kann de tala noko godt, de som er vonde? for frå munnen kjem det som hjarta er fullt av. 35 Ein god mann ber fram gode ting av det gode han gøymer hjå seg, og ein vond mann ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på. 36 Men det segjer eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk hev tala, skal dei svara for på domedag, 37 for etter ordi dine vert du frikjend, og etter ordi dine vert du felt.» 38 Då tok nokre skriftlærde og farisæarar til ords og sagde: «Meister, me vil gjerne sjå eit teikn av deg!» 39 Han svara: «Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ’kje få anna teikn enn det som hende Jonas, profeten. 40 For liksom Jona var tri dagar og tri næter i fiskebuken, soleis skal Menneskjesonen vera tri jamdøger under jordi. 41 Nineve-mennerne skal møta for domen saman med denne ætti og fella deim; for dei vende um då Jona tala for deim, og her er meir enn Jona. 42 Sudlands-dronningi skal standa fram for domen i hop med denne ætti og fella deim; for ho kom frå verdsens ende og vilde høyra Salomos visdom, og her er meir enn Salomo. 43 Når den ureine åndi fer ut or eit menneskje, flakkar ho yver vatslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. 44 So segjer ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flutte utor,» og når ho kjem der, finn ho det tomt, og feia og fjelga. 45 Då fer ho av stad og tek med seg sju andre ånder som er argare enn ho er sjølv, og dei gjeng inn og vert buande der, og hev det vore ille med det menneskjet fyrr, so vert det endå verre sidan. Soleis kjem det og til å ganga med denne vonde ætti.» 46 Med han heldt på å tala til folket, var mor hans og brørne hans komne, og no stod dei utanfor og vilde finna honom. 47 Då so ein kom inn og sagde det med honom, 48 svara han: «Kven er mor mi, og kven er brørne mine?» 49 So rette han handi ut mot læresveinarne sine og sagde: «Sjå der er mor mi og brørne mine; 50 for den som gjer det far min i himmelen vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»
Copyright information for NorSMB