Matthew 17

Seks dagar etter tok Jesus Peter og Jakob og Johannes, bror hans, med seg upp på eit høgt fjell, og der var dei åleine. Då vart han forklåra for augo deira: andlitet hans skein som soli, og klædi var kvite som ljoset. Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med honom. Då tok Peter til ords og sagde til Jesus: «Herre, det er godt at me er her! Vil du, so skal eg gjera tri hyttor her, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elia.» Fyrr han hadde tala ut, kom det ei ljos sky og skygde yver deim, og or skyi kom det ei røyst som sagde: «Dette er son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i. Høyr på honom!» Då læresveinarne høyrde det, kasta dei seg å gruve og var ovleg rædde. Jesus gjekk burt åt deim og tok i deim og sagde: «Reis dykk upp, og ver ikkje rædde!» Men då dei såg upp, vart dei ’kje vare nokon utan Jesus åleine. So gjekk dei ned av fjellet, og Jesus sagde til deim: «Tala ikkje til nokon um den syni de hev havt, fyrr Menneskjesonen hev stade upp frå dei daude!» 10 Då spurde læresveinarne: «Kvi segjer då dei skriftlærde at fyrst lyt Elia koma?» 11 Han svara: «Elia kjem nok, og skal setja alt i rett lag att, 12 men eg segjer dykk: Elia er alt komen, og dei kjendest ikkje ved honom, men for åt med honom som dei vilde; like eins kjem dei til å fara med Menneskjesonen.» 13 Då skyna dei at det var Johannes døyparen han tala til deim um. 14 Då dei hadde nått fram til folket, kom det ein mann og fall på kne for honom og sagde: 15 «Herre, gjer sælebot på son min! Han hev nedfallsotti og lid mykje vondt; tidt fell han i elden, og tidt i vatnet. 16 Eg hev vore til læresveinarne dine med honom, men dei kunde ikkje gjera honom god att.» 17 Då tok Jesus til ords og sagde: «Å, du vantrune og rangsnudde ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med honom!» 18 So tala Jesus strengt til honom; då for den vonde åndi utor guten, og han vart god att i same stundi. 19 Då Jesus hadde vorte åleine, kom læresveinarne til honom og sagde: «Kvi kunde ikkje me driva den åndi ut?» 20 «Av di de er so vantrune,» svara han; «for det segjer eg dykk for sant: Hev de tru, um ho ikkje er større enn eit senapskorn, so kann de segja til dette fjellet: «Flyt deg herifrå og dit!» - då skal det flytja seg, og ingen ting skal vera umogeleg for dykk. 21 Men dette slaget gjeng ikkje ut, utan med bøn og fasta.» 22 Med dei ferdast kring i Galilæa, sagde Jesus til deim: «Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender, 23 og dei skal drepa honom, men tridje dagen skal han standa upp att.» Då vart dei ovleg sorgfulle. 24 Då dei var komne til Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, til Peter og sagde: «Legg ikkje meisteren dykkar skatt til templet?» 25 «Jau,» segjer han. So gjekk han inn i huset, og fyrr han fekk sagt noko, spurde Jesus: «Kva meiner du, Simon? Kven tek kongarne på jordi toll eller skatt av - av borni sine eller av framande?» 26 «Av framande,» svara Peter. «So er borni skattefrie då,» sagde Jesus. 27 «Men me vil ikkje arga deim - gakk ned til sjøen og kasta ut kroken, og grip den fyrste fisken som kjem upp! Når du so opnar gapet på honom, skal du finna ein stater; tak den og gjev deim for meg og deg!»
Copyright information for NorSMB