Matthew 18

I same bilet kom læresveinarne til Jesus og spurde: «Kven er no den største i himmelriket?» Då kalla han til seg eit lite barn, og sette det midt imillom deim og sagde: «Det segjer eg dykk for sant: Vender de ’kje um, og vert som borni, so kjem de aldri inn i himmelriket. Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket; og den som tek imot eitt sovore barn i mitt namn, han tek imot meg. Men den som freistar nokon av desse små som trur på meg, han var betre faren dei hadde hengt ein kvernstein um halsen på honom og søkkt honom ned i djupaste havet. Ve yver verdi for freistingarne hennar! Freistingar lyt det koma, men ve yver den som freistingi kjem frå! Um handi di eller foten din freistar deg, so hogg deim av og kasta deim frå deg! Det er betre for deg å ganga einhendt eller halt inn til livet enn å hava tvo hender og tvo føter og kastast i den ævelege elden. Og um auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Det er betre for deg å ganga einøygd inn til livet enn å hava tvo augo og kastast i helveteselden. 10 Agta dykk at de ikkje vanvyrder nokon av desse små! for eg segjer dykk at englarne deira i himmelen allstødt fær sjå åsyni åt far min i himmelen. 11 For Menneskjesonen er komen for å frelsa det som var fortapt. 12 Kva trur de? - Um ein mann hev hundrad sauer, og ein av deim villar seg burt, let han ’kje då dei ni og nitti ganga lause i fjellet og tek ut og leitar etter den som fer vilt? 13 og hender det at han finn honom, då segjer eg dykk for visst: Han gleder seg meir yver honom enn yver dei ni og nitti som ikkje hev villa seg burt. 14 Soleis vil ikkje heller far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast. 15 Hev bror din synda imot deg, so gakk til honom og tala honom til rettes på tvomannshand! Høyrer han på deg, so hev du vunne bror din; 16 men vil han ikkje høyra, so tak med deg endå ein eller tvo, so kvar ting kann provast med tvo eller tri manns vitnemål. 17 Høyrer han ikkje på deim, so seg det til kyrkjelyden! Og høyrer han ikkje på kyrkjelyden heller, då skal han vera som ein heidning og tollmann for deg. 18 Det segjer eg dykk for sant: Alt det de bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen. 19 Sameleis segjer eg dykk: Alt det som tvo av dykk her på jordi er samde um å beda um, det skal dei få av far min i himmelen. 20 For der som tvo eller tri er samla i mitt namn, der er eg midt imillom deim.» 21 Då gjekk Peter fram og sagde: «Herre, kor mange gonger skal eg tilgjeva bror min når han hev synda imot meg - so mykje som sju gonger?» 22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, segjer eg deg, men sytti gonger sju gonger.» 23 For himmelriket kann liknast med ein konge som vilde gjera upp rekneskapen med tenarane sine. 24 Då han no tok til med uppgjerdi, førde dei fram for honom ein som var skuldig ti millionar dalar. 25 Men han hadde ’kje noko å greida det med. So sagde herren hans at han skulde seljast, både han og kona hans og borni og alt det han åtte, so gjelda kunde greidast. 26 Då fall tenaren på kne for honom og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det alt saman!» 27 Og herren tykte synd i tenaren sin og gav honom fri, og ettergav honom skuldi. 28 Då den same tenaren kom ut att, møtte han ein av dei andre tenarane, som var skuldig honom tjuge dalar, og han greip honom og vilde strøypa honom, og sagde: «Kom med det du er skuldig!» 29 Då fall den andre på kne og bad for seg og sagde: «Ver tolug med meg, so skal du få det!» 30 Men han vilde ikkje; han tok og sette medtenaren sin i fengsel; der skulde han sitja til skuldi var greidd. 31 Då dei andre tenarane såg kva som gjekk fyre seg, vart dei ille ved; og dei gjekk til herren sin, og fortalde honom alt det som var hendt. 32 Då kalla herren honom fyre seg og sagde til honom: «Du vonde tenar! Heile den store skuldi di gav eg deg etter då du bad meg! 33 Skulde so ’kje du og ha vore mild imot medtenaren din, som eg var imot deg!» 34 Og herren hans vart harm og gav honom yver til fangevaktarane, so dei skulde pina honom til han hadde greidt all skuldi. 35 So skal og far min i himmelen gjera med dykk, når de ikkje av hjarta tilgjev kvarandre.
Copyright information for NorSMB