Matthew 19

Då Jesus hadde tala desse ordi, bar det so til at han tok ut frå Galilæa og for til Juda-bygderne. Han lagde vegen gjenom landet på hi sida Jordan; mykje folk fylgde honom der, og han lækte deim. Då kom farisæarane til honom, og vilde freista honom og sagde: «Tru ein mann hev lov til å skilja seg frå kona si, kva orsak han tykkjest hava?» Han svara: «Hev de ’kje lese at skaparen alt ifrå det fyrste skapte deim mann og kvinna, og sagde: «Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt?» So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt, og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja.» Segjer dei til honom: «Kvi sagde då Moses at mannen skulde gjeva kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?» «For dykkar harde hjarto skuld gav Moses dykk lov til å skiljast frå konorne dykkar,» svara han, «men frå det fyrste hev det ikkje vore so. Og det segjer eg dykk, at den som skil seg frå kona si for anna enn utruskap, og gifter seg med ei onnor, han gjer hor.» 10 Då sagde læresveinarne til honom: «Er det den retten som gjeld millom mann og kona, då er det ikkje godt å gifta seg.» 11 Han svara: «Det er noko som ikkje alle kann læra, men berre dei som hev fenge gåva til det; 12 for det finst gjeldingar som er fødde so av morsliv, og det finst gjeldingar som folk hev gjeldt, og det finst gjeldingar som hev gjeldt seg sjølve for himmelriket skuld. Lat deim skyna det dei som kann!» 13 So bar dei småborn til honom, og bad han vilde leggja henderne på deim og beda for deim. Læresveinarne truga deim, 14 men Jesus sagde: «Lat småborni vera, og hindra deim ikkje å koma til meg! For himmelriket høyrer sovorne til.» 15 Og han lagde henderne på deim, og for so derifrå. 16 Då kom det ein til honom og sagde: «Meister, kva godt skal eg gjera so eg kann få eit æveleg liv?» 17 «Kvi spør du meg um det som er godt?» svara han. «Det er berre ein som er god. Men vil du ganga inn til livet, so haldt bodi!» 18 «Kva for bod?» spurde han. «Desse,» svara Jesus: «Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! 19 Du skal æra far din og mor di! Du skal elska grannen din som deg sjølv!» 20 «Alt det hev eg halde,» segjer den unge mannen; «kva er det då som vantar meg?» 21 Jesus svara: «Vil du vera fullkomen, so tak og sel det du eig, og gjev det til dei fatige! då skal du få ein skatt i himmelen; og kom so og fylg meg!» 22 Då den unge mannen høyrde det, vart han ille ved, og gjekk burt; for han hadde mykje gods. 23 Då sagde Jesus til læresveinarne sine: «Det segjer eg dykk for sant: Det er vandt for ein rik å koma inn i himmelriket. 24 Ja, eg segjer dykk: Ein kamel kjem lettare gjenom eit nålauga enn ein rik kjem inn i Guds rike.» 25 Då læresveinarne høyrde det, vart dei reint forfærde og sagde: «Kven kann då verta frelst?» 26 Jesus såg på deim og sagde: «For menneskje er det umogelegt, men for Gud er alt mogelegt.» 27 Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Sjå, me hev gjeve ifrå oss alt og fylgt deg; kva skal då me få?» 28 Og Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Når alt vert nytt, og Menneskjesonen sit i sin glimande kongsstol, då skal de og, som hev fylgt meg, sitja i tolv høgsete og styra dei tolv Israels-ætterne. 29 Og kvar som hev skilt seg med hus eller brør eller syster eller far eller mor eller born eller gardar for mitt namn skuld, han skal få det att mange gonger og erva eit ævelegt liv. 30 Men mange av dei fyrste skal vera dei siste, og mange av dei siste dei fyrste.
Copyright information for NorSMB