Matthew 22

So tok Jesus til ords att og sagde dei ei onnor likning: «Himmelriket kann liknast med ein konge som gjorde bryllaup åt son sin. Han sende ut sveinarne sine, og kalla deim som var bedne til bryllaups; men dei vilde ikkje koma. So sende han andre sveinar og sagde: «Seg til deim som er bedne: «No hev eg stelt til bryllaupsmaten; uksane mine og gjødfeet er slagta, og alt er ferdigt. Kom no til bryllaups!»» Men dei brydde seg ikkje um det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambudi si; og dei hine greip sveinarne hans, og skamførde deim og drap deim. Då vart kongen harm. Han sende ut herarne sine og gjorde ende på dråpsmennerne og brende upp byen deira. So sagde han til sveinarne sine: «Alt er ferdigt til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. Gakk no ut på vegar og vegskil og bed til bryllaups alle deim de finn!» 10 So gjekk sveinarne ut på vegarne og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaups-stova vart full av gjester. 11 Då so kongen kom inn og vilde sjå gjesterne, vart han var ein som ikkje var bryllaupsklædd. 12 Han segjer til honom: «Kjære, korleis hev du kome inn her og er ikkje bryllaupsklædd?» Men han kunde ingen ting svara. 13 Då sagde kongen til bordsveinarne: «Bitt hender og føter på honom, og kasta honom ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!» 14 For mange er kalla, men få er utvalde.» 15 Då gjekk farisæarane burt og lagde råd um korleis dei skulde få fanga honom i ord. 16 Dei sende læresveinarne sine til honom i lag med Herodes-mennerne og let deim segja: «Meister, me veit du er ærleg, og det er sanning det du lærer oss um Guds veg, og du bryr deg ikkje um nokon; for du gjer ikkje skil på folk. 17 Seg oss no: Kva meiner du? Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?» 18 Men Jesus skyna den vonde meiningi deira og sagde: «Kvi freistar de meg, hyklarar? 19 Lat meg sjå skattemynti!» So flidde dei honom ein sylvpening. 20 «Kva er dette for eit bilæte og namn?» spurde han. 21 «Det er keisarens,» svara dei. Då sagde han til deim: «So gjev keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!» 22 Då dei høyrde det, undra dei seg og gjekk burt ifrå honom. 23 Same dagen kom det nokre sadducæarar til honom - det er dei som segjer at det ikkje er nokor uppstoda - dei sette fram eit spursmål for honom og sagde: 24 «Meister, Moses hev sagt: «Når ein mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.» 25 No var det sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, og døydde; han hadde ikkje born, og let etter seg kona si til broren. 26 Like eins den andre og den tridje, radt til den sjuande. 27 Etter deim alle døydde kona. 28 Kven av dei sju skal no ho høyra til i eit anna liv? For dei hev havt henne alle.» 29 Jesus svara: «De fer vilt, av di de ikkje kjenner skrifterne og ikkje Guds magt. 30 For i eit anna liv er det ingen som gifter seg eller vert burtgift; dei er som Guds englar i himmelen. 31 Men at dei avlidne skal standa upp att, hev de ’kje lese kva Gud hev tala til dykk um det, når han segjer: 32 «Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud?» Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande.» 33 Då folket høyrde det, vart dei reint upp i under yver læra hans. 34 So snøgt som farisæarane fekk høyra at han hadde målbunde sadducæarane, samla dei seg kringum honom, 35 og ein av deim, som var kunnig i lovi, vilde freista honom og spurde: 36 «Meister, kva bod er det største i lovi?» 37 Han svara: «»Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og av all din hug og av alt ditt vit!» 38 Det er det største og fyrste bodet. 39 Men det er eit anna som likjest det, og det er: «Du skal elska næsten din som deg sjølv!» 40 På desse tvo bodi kviler heile lovi og profetarne.» 41 Med farisæarane var samla, spurde Jesus deim åt: 42 «Kva trur de um Messias? Kven er han son åt?» «Åt David,» svara dei. 43 Då sagde han: «Korleis kann då David i Anden kalla honom herre, når han segjer: 44 «Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi, til eg dine fiendar fær for dine føter lagt!»» 45 Kallar no David honom herre, korleis kann han då vera son hans?» 46 Men ingen kunde svara honom eit ord. Og ingen torde etter den dag koma med fleire spursmål til honom.
Copyright information for NorSMB