Matthew 24

Då Jesus steig ut or templet og tok til å ganga burtetter vegen, gjekk læresveinarne fram og vilde syna honom tempelbygningarne. «Ja, ser de ’kje alt dette!» svara han. «Det segjer eg dykk for sant: Her ligg ikkje stein på stein som ikkje skal rivast ned.» Sidan, då han sat på Oljeberget, og ingen annan var med, gjekk læresveinarne fram til honom og sagde: «Seg oss: Når skal alt dette henda, og kva merke skal me hava på koma di og enden på verdi!» Då svara Jesus: «Sjå dykk fyre, so ingen forvillar dykk! For mange skal taka mitt namn og segja: «Eg er Messias», og føra mange på avveg. De skal få høyra ufred og gjetord um ufred; sjå til at de ikkje vert skræmde! For dette lyt henda; men endå er ikkje enden komen. Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike, og det skal vera uår og jordskjelv kring i landi; men alt det er berre upptaket til føderiderne. Då skal dei driva dykk ut i naud og fåre og slå dykk i hel, og alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10 Mange skal då falla ifrå, og svika og hata kvarandre, 11 og mange falske profetar skal stiga fram og føra mange på avveg; 12 og av di uretten hev vorte so stor, skal kjærleiken kolna hjå mengdi. 13 Men den som held ut til endes, han skal verta frelst. 14 Og dette evangeliet um Gudsriket skal kunngjerast yver heile mannaheimen, so alle folkeslag fær vita um det, og då skal enden koma. 15 Når de då ser at den øydande styggedomen som Daniel, profeten, hev tala um, stend på den heilage staden» - agta vel på dette du som les! - 16 då lyt dei som er i Judalandet røma til fjells, 17 og den som er uppå taket, må ikkje stiga ned og henta noko i huset sitt, 18 og den som er utpå marki, må ikkje ganga heim att etter kjolen sin! 19 Stakars deim som gjeng med barn eller gjev brjost i dei dagarne! 20 Men bed at det ikkje må vera um vinteren eller på ein kviledag de lyt røma! 21 For då skal det vera slik hard naud at det aldri hev vore slik naud frå verdi vart til og til no, og vert ikkje sidan heller. 22 Og vart ikkje den tidi stutt, so fanst det ’kje liv som vart berga; men for dei utvalde skuld skal den tidi vera stutt. 23 Um nokon då segjer til dykk: «Sjå her er Messias,» eller «der,» so må de ikkje tru det. 24 For det skal standa fram falske Messias’ar og falske profetar og gjera store teikn og under, so jamvel dei utvalde kunde forvillast, um det var råd. 25 Kom i hug: Eg hev sagt dykk det fyreåt. 26 Segjer dei no med dykk: «Han er ute i øydemarki,» so gakk ikkje der ut! eller: «Han er inni koven,» so tru det ikkje! 27 For liksom ljonet gjeng ut ifrå aust og skin radt til vest, so skal det vera når Menneskjesonen kjem. 28 Der åta er, vil ørnarne sankast. 29 Men straks etter dei dagarne og trengslorne deira skal soli myrkjast, og månen missa sitt ljos; stjernorne skal falla ned frå himmelen, og himmelkrafterne skakast. 30 Då skal teiknet åt Menneskjesonen syna seg på himmelen, og alle ætter på jordi skal øya og gråta, og dei skal sjå Menneskjesonen koma i himmelskyerne med velde og stor herlegdom. 31 Med luren ljomar, skal han senda ut englarne sine, og dei skal sanka i hop dei han hev valt seg ut, frå heimsens fire hyrno, frå himmelbrun til himmelbrun. 32 Lær ei likning av fiketreet: Når sevja hev kome i greinerne, og lauvet tek til å spretta, då veit de at sumaren er nær. 33 Like eins når de ser alt dette; då veit de at han er utfor døri. 34 Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt dette hev hendt. 35 Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast. 36 Men den dagen og timen veit ingen, ikkje englarne i himmelen - ingen utan Faderen åleine. 37 For som det var i Noahs dagar, so skal det vera når Menneskjesonen kjem: 38 liksom dei i dagarne fyre storflodi åt og drakk, og gifte seg og vart burtgifte, alt til den dagen då Noah gjekk inn i arki, 39 og ingen visste ordet av fyrr storflodi kom og tok deim alle burt, so skal det vera når Menneskjesonen kjem. 40 Då er tvo menner ute på marki; den eine vert henta, og den andre vert att. 41 Tvo kvinnor mel på kverni; den eine vert henta, og den andre vert att. 42 So vak då! For de veit ikkje kva dag herren dykkar kjem. 43 Men det skynar de, at dersom husbonden visste kva tid på natti tjuven kom, so vakte han og let ingen brjota seg inn i huset. 44 Difor lyt de og vera ferdige! Menneskjesonen kjem på ei tid de ikkje ventar honom. 45 Kvar er no den trugne og vituge drengen som husbonden hev sett yver tenestfolket, so han skal gjeva deim mat i rett tid? 46 Sæl er den drengen som husbonden ser gjera so når han kjem. 47 Det segjer eg dykk for visst: Han skal setja honom yver alt det han eig. 48 Men er drengen ein skarv, og segjer med seg: «Husbonden min vert lenge burte,» 49 og han so tek til å slå dei hine tenarane, og et og drikk i lag med drikkarar, 50 då skal husbonden hans koma på ein dag han ikkje ventar det, og i ein time han ikkje veit av, 51 og skjera honom midt i tvo, og lata honom få sin lut med hyklarane, der dei græt og skjer tenner.
Copyright information for NorSMB