Matthew 25

Då kann himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lamporne sine og gjekk til møtes med brudgomen. Fem av dei var dårlege og fem vituge. Då dei dårlege tok lamporne sine, tok dei ikkje olje med seg, men dei vituge tok olje med seg i krukkor attåt lamporne sine. Då det no drygde fyrr brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. Men midt på natti høyrdest eit rop: No kjem brudgomen! Gakk ut og tak imot honom! Då vakna alle brurmøyarne og stelte lamporne sine. Og dei dårlege sagde til dei vituge: «Lat oss få noko olje hjå dykk! Lamporne våre sloknar.» «Nei,» svara dei vituge, «det rekk ikkje til både åt oss og dykk. De lyt heller ganga til kræmaren og kjøpa dykk noko.» 10 Med dei då var burte og vilde kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk med honom inn til bryllaupet, og døri vart stengd. 11 Då det leid um eit bil, kom dei hine møyarne og, og sagde: «Herre, herre, lat upp for oss!» 12 Men han svara: «Det segjer eg dykk for sant: Eg kjenner dykk ikkje.» 13 So vak då! For de veit korkje dag eller time. 14 Det er liksom med ein mann som vilde fara utanlands. Han kalla tenarane sine inn, og flidde deim midelen sin: 15 ein gav han fem tusund dalar, ein annan tvo tusund, og den tridje eitt tusund, etter som kvar dugde til, og so for han or landet. 16 Den som fekk fem tusund dalar, tok straks til å handla med deim, og vann seg fem tusund til. 17 Sameleis den som fekk tvo tusund; han og vann tvo tusund til. 18 Men den som fekk eitt tusund, gjekk burt og grov eit hol i jordi og gøymde pengarne åt husbonden sin. 19 So leid det ei lang tid, då kom husbonden heim att og kravde rekneskap av tenarane sine. 20 Og han som hadde fenge fem tusund dalar, gjekk fram og hadde med seg fem tusund til og sagde: «Herre, du gav meg fem tusund dalar; sjå her, eg hev vunne fem tusund til!» 21 Då sagde husbonden til honom: «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar! Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!» 22 So gjekk han fram han som hadde fenge tvo tusund dalar, og sagde: «Herre, du gav meg tvo tusund dalar. Sjå her, eg hev vunne tvo tusund til!» 23 «Det var rett gjort, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du hev vore tru i det som var lite; eg vil setja deg yver mykje. Gakk inn og gled deg med husbonden din!» 24 Sidan kom han som hadde fenge eitt tusund dalar, og sagde: «Herre, eg kjende deg for ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. 25 Difor vart eg rædd, og so gjekk eg burt og gøymde pengarne dine i jordi. Sjå her hev du ditt!» 26 Då svara husbonden: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde! 27 Skulde du ’kje då ha sett pengarne mine i banken! so hadde eg fenge mine att med rentor når eg kom heim. 28 Tak ifrå honom dei tusund dalarne, og gjev deim til den som hev ti tusund! 29 For kvar den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev. 30 Og kasta den duglause tenaren ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!» 31 Men når Menneskjesonen kjem i sin herlegdom, og alle englarne med honom, då skal han sitja i den glimande kongsstolen; 32 alle folkeslag skal samlast framfyre honom, og han skal skilja deim åt, liksom hyrdingen skil sauerne frå geiterne, 33 og setja sauerne på si høgre sida, og geiterne på den vinstre. 34 So skal kongen segja til deim på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borni åt far min, og tak det riket i eige som var etla åt dykk alt ifrå verdi var skapt! 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikka; eg var heimlaus, og de hyste meg; 36 eg var naken, og de klædde meg; eg var sjuk, og de såg um meg; eg var i fengsel, og de lydde til meg.» 37 Då tek dei rettferdige til ords og segjer til honom: «Herre, når hev me set deg svolten, og metta deg, eller tyrst, og kveikt deg? 38 Når hev me set deg heimlaus, og hyst deg, eller naken, og klædt deg? 39 Når hev me set deg sjuk eller i fengsel, og lydt til deg?» 40 Og kongen svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de hev gjort mot ein av desse minste brørne mine, det hev de gjort imot meg.» 41 So segjer han til deim på vinstre sida: «Gakk burt frå meg, de bannstøytte, til den ævelege elden, som er tilbudd åt djevelen og englarne hans! 42 For eg var svolten, og de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, og de gav meg ikkje drikka; 43 eg var heimlaus, og de hyste meg ikkje; eg var naken, og de klædde meg ikkje; eg var sjuk, og i fengsel, og de såg ikkje um meg.» 44 Då tek dei og til ords og segjer: «Herre, når hev me set deg svolten, eller tyrst, eller heimlaus, eller naken, eller sjuk, eller i fengsel, og hev ikkje tent deg?» 45 Og han svarar: «Det segjer eg dykk for sant: Alt det de ikkje hev gjort mot ein av desse minste, det hev de ’kje gjort mot meg heller.» 46 So skal dei ganga burt til æveleg straff, men dei rettferdige til eit ævelegt liv.
Copyright information for NorSMB