Matthew 26

Då Jesus hadde tala alle desse ordi, sagde han til læresveinarne: «De veit at um tvo dagar er det påske; då skal Menneskjesonen gjevast i henderne på uvenerne sine, og dei skal krossfesta honom.» Då var det dei øvste prestarne og styresmennerne for folket kom saman i garden åt øvstepresten - han heitte Kajafas - og lagde yver at dei vilde gripa Jesus med list og slå honom i hel. «Men ikkje med helgi!» sagde dei; «elles kunde det verta upplaup millom folket.» Medan Jesus var i Betania, hjå Spilte-Simon, kom det ei kvinna burt til honom med ei alabaster-krukka full av kosteleg salve; den helte ho ut på hovudet hans då han sat til bords. Då læresveinarne såg det, vart dei harme og sagde: «Kva skal slik øyding vera til? Dette kunde vore selt for mange pengar og gjeve til dei fatige.» 10 Jesus gådde det og sagde til deim: «Kvi er de leide med henne? Ho hev då gjort ei god gjerning mot meg. 11 Dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid. 12 Då ho slo denne salven ut yver likamen min, då vilde ho bu meg til jordferdi mi. 13 Det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi dette evangeliet vert kunngjort, der skal dei og tala um det ho hev gjort, so alle skal minnast henne.» 14 Då gjekk ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, til dei øvste prestarne 15 og sagde: «Kva vil de gjeva meg, so skal eg laga det so at de fær honom i dykkar magt?» Då talde dei upp tretti sylvdalar til honom. 16 Og frå den stundi søkte han eit høve til å gjeva Jesus i henderne deira. 17 Den fyrste dagen i søtebrødhelgi kom læresveinarne til Jesus og sagde: «Kvar vil du me skal laga til påskemålet åt deg?» 18 Han svara: «Gakk inn i byen til den mannen de veit, og seg med honom: «Meisteren segjer: Det lid innpå tidi for meg; eg vil halda påske hjå deg med læresveinarne mine.»» 19 Og læresveinarne gjorde som Jesus sagde, og laga til påskemålet. 20 Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv. 21 Og med dei sat og åt, sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg.» 22 Då vart dei reint ille ved, og tok til å spyrja honom, kvar for seg: «Det er då vel ikkje eg, Herre?» 23 «Den som duppa med meg i fatet, han er det som vil svika meg,» svara Jesus. 24 «Menneskjesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um honom, men ve yver den mannen som svik Menneskjesonen! Det var betre for den mannen um han aldri var fødd.» 25 Då tok Judas, svikaren, til ords og sagde: «Det er då vel ikkje eg, rabbi?» «No sagde du det sjølv,» svara han. 26 Med dei sat til bords, tok Jesus brødet, og signa det og braut det, og gav læresveinarne og sagde: «Tak, og et! Dette er likamen min.» 27 Og han tok kalken, og takka, og gav deim og sagde: «Drikk av det alle! 28 Dette er blodet mitt, paktblodet, som renn for mange til forlating for synderne. 29 Eg segjer dykk, at heretter skal eg ’kje drikka av denne druvesafti, fyrr den dagen eg drikk henne ny med dykk i riket åt far min.» 30 Då dei so hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. 31 Då segjer Jesus til deim: «I denne natti kjem de alle til å styggjast ved meg og forlata meg. For det stend skrive: «Hyrdingen slær eg i hel, og saueflokken skal spreidast.» 32 Men når eg hev stade upp att, skal eg fara fyre dykk til Galilæa.» 33 Då tok Peter til ords og sagde: «Um alle styggjest ved deg, so skal eg aldri styggjast.» 34 «Det segjer eg deg for sant,» svara Jesus: «Fyrr hanen gjel i natt, kjem du til å avneitta meg tri gonger.» 35 Men Peter sagde: «Um eg so lyt døy med deg, skal eg aldri avneitta deg.» Like eins sagde alle læresveinarne. 36 So kom Jesus med læresveinarne til ein stad som heiter Getsemane. Då sagde han til deim: «Sit her med eg gjeng der burt og bed!» 37 Og han tok med seg Peter og båe Sebedæus-sønerne, og tok til å syrgja og kvidast. 38 So segjer han til deim: «Hjarta mitt er so fullt av sorg - det er som det vilde bresta. Ver her og vak med meg!» 39 Og han gjekk eit lite stykke fram, og lagde seg ned på kne og bad: «Far, er det råd, so lat denne skåli takast ifrå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!» 40 Då han kom attende til læresveinarne, såg han at dei sov. Då sagde han til Peter: «So var de ’kje god til å vaka ein time med meg! 41 Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.» 42 So gjekk han burt att andre gongen og bad: «Far, kann ikkje dette takast ifrå meg, og lyt eg tøma skåli, so lat det vera som du vil!» 43 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att; for augo deira var tunge av svevn. 44 Då let han dei vera og gjekk burt att og bad tridje gongen same bøni. 45 So kom han att og sagde til læresveinarne: «De søv og kviler, de! Sjå no er stundi komi, og Menneskjesonen skal gjevast yver i syndarhender. 46 Statt upp, og lat oss ganga! Svikaren er ikkje langt undan.» 47 Fyrr han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med honom ein stor flokk med sverd og stavar; dei kom frå dei øvste prestarne og styresmennerne. 48 Svikaren hadde avtala eit teikn med deim og sagt: «Han som eg kysser, han er det; honom skal de taka!» 49 Og med det same gjekk han fram til Jesus og sagde: «Heil og sæl, rabbi!» og kysste honom. 50 Jesus sagde til honom: «Kvi er du her, venen min?» So gjekk dei innåt og lagde hand på Jesus og greip honom. 51 Men ein av deim som var med honom, tok og drog sverdet sitt, og hogg av øyra på tenaren åt øvstepresten. 52 Då sagde Jesus til honom: «Stikk sverdet ditt i slira! for alle som grip til sverdet, skal falla for sverdet. 53 Eller trur du ’kje eg kunde beda far min, og han i denne stundi vilde senda meg meir enn tolv herar med englar? 54 Men korleis skulde då skrifterne sannast, dei som segjer at dette lyt henda?» 55 I same stundi sagde Jesus til flokken: «De kjem med sverd og stavar og grip meg, som eg skulde vera ein røvar. Dag etter dag sat eg i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje. 56 Men alt dette hev hendt av di det laut sannast det som profetarne hev skrive.» Då tok alle læresveinarne ut, og rømde ifrå honom. 57 Dei som hadde gripe Jesus, førde honom til Kajafas, øvstepresten; der var dei skriftlærde og styresmennerne samla. 58 Peter fylgde eit langt stykke etter, og då han kom til garden åt øvstepresten, gjekk han inn og sette seg hjå tenarane - han vilde sjå korleis det gjekk. 59 Dei øvste prestarne og heile det Store Rådet leita etter range vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt honom frå livet; 60 men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på honom. Endeleg kom det tvo som sagde: 61 «Denne mannen hev sagt: «Eg kann riva ned Guds tempel og byggja det upp att på tri dagar.»» 62 Og øvstepresten reiste seg og sagde til honom: «Svarar du inkje? Kva er det desse vitnar imot deg?» 63 Men Jesus tagde. Då tok øvstepresten til ords og sagde: «Ved den livande Gud - seg oss: Er du Messias, Guds Son?» 64 Og Jesus svara: «Du hev sjølv sagt det. Men det segjer eg dykk: Frå denne stundi skal de sjå Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Allmagti og koma i himmelskyerne.» 65 Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sagde: «Han hev spotta Gud! Kva skal me med fleire vitne? No høyrde de gudsspottingi. 66 Kva meiner no de?» «Han er skuldig til å døy,» svara dei. 67 So sputta dei honom i andlitet og slo honom, sume med nevarne og sume med stavar, 68 og sagde: «Seg oss, Messias: Kven var det som slo deg?» 69 Medan sat Peter utanfor, i gardsromet. Då kom det ei tenestgjenta burt til honom og sagde: «Du var og med Jesus, galilæaren.» 70 Men han neitta so alle høyrde det, og sagde: «Eg veit ikkje kva du talar um.» 71 So gjekk han ut i portromet. Der fekk ei onnor gjenta sjå honom, og sagde til deim som var der: «Han var og med Jesus, nasaræaren.» 72 Då neitta han atter, og sagde med ein eid: «Eg kjenner ikkje den mannen.» 73 Eit lite bil etter kom dei som stod der innåt, og sagde til Peter: «Ja menn er du og ein av deim! Det kann ein høyra på målet ditt.» 74 Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen!» Og med det same gol hanen. 75 Då kom Peter i hug dei ordi Jesus hadde sagt til honom: «Fyrr hanen gjel, skal du hava avneitta meg tri gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.
Copyright information for NorSMB