Matthew 28

Då kviledagen var liden, og det tok til å ljosna den fyrste dagen i vika, kom Maria Magdalena og den andre Maria og vilde sjå til gravi. Då vart det brått ein sterk jordskjelv; for ein Herrens engel for ned frå himmelen, og gjekk innåt og velte steinen ifrå og sette seg på honom. Han var som ein elding å sjå til, og klædi hans var kvite som snø. Vaktarane skalv av rædsla for honom, og vart liggjande som dei var daude. Og engelen tala til kvinnorne og sagde: «Ver ikkje rædde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. Han er ikkje her; han hev stade upp, som han sagde. Kom og sjå staden der han låg! Og skunda dykk so av stad, og seg med læresveinarne hans: «Han hev stade upp frå dei daude, og no gjeng han fyre dykk til Galilæa; der skal de få sjå honom!» Sjå no hev eg sagt dykk det.» Då skunda dei seg burt ifrå gravi med otte og stor gleda, og sprang av stad, vilde bera bod um det til læresveinarne hans. Men best det var, fekk dei sjå Jesus; han kom imot deim og sagde: «Guds fred!» Då gjekk dei innåt og fall på kne for honom og tok kringum føterne hans. 10 Og Jesus sagde til deim: «Ver ikkje rædde! Gakk og seg med brørne mine at dei skal fara til Galilæa! Der skal dei sjå meg.» 11 Med dei var på vegen, kom nokre av vaktarane inn til byen, og fortalde dei øvste prestarne alt det som hadde hendt. 12 Då kom dei og styresmennerne i hop og samrådde seg; og dei gav hermennerne nok av pengar 13 og sagde: «Seg at læresveinarne hans kom um natti og stal honom burt medan de sov. 14 Og skulde det koma att for landshovdingen, so skal me tala vel med honom, og laga det so at de kann vera trygge.» 15 So tok dei mot pengarne og gjorde som dei var fyresagde. Soleis kom det ordet ut millom jødarne, og hev halde seg alt til denne dag. 16 Dei elleve læresveinarne for til Galilæa, til det fjellet der Jesus hadde sagt deim til å møtast med honom. 17 Då dei fekk sjå honom, fall dei på kne for honom, men sume tvila. 18 Og Jesus steig fram og tala til deim og sagde: «Eg hev fenge all magt i himmelen og på jordi. 19 Gakk då ut, og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper deim til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande, 20 og lærer deim å halda alt det som eg hev bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar so lenge verdi stend!»
Copyright information for NorSMB