Matthew 4

Sidan førde Anden Jesus ut i øydemarki, so djevelen skulde freista honom. Han fasta i fyrti dagar og fyrti næter, og vart hungrig då so langt leid. Og freistaren kom og sagde til honom: «Er du Guds Son, so seg at desse steinarne skal verta til brød!» Men han svara: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.»» Då tok djevelen honom med seg til den heilage byen og sette honom ytst på tempeltaket, og sagde til honom: «Er du Guds Son, so kasta deg utfyre! For det stend skrive: «Han englarn’ sine bjoda skal at dei på henderne deg ber, so aldri du på nokon stein skal turva støyta foten din.»» Jesus svara: «Det stend og skrive: «Du skal ikkje freista Herren, din Gud.»» So tok djevelen honom med seg upp på eit ovhøgt fjell, og synte honom alle verdsens rike og deira herlegdom og sagde: «Alt dette gjev eg deg, dersom du fell på kne og tilbed meg.» 10 Då sagde Jesus til honom: «Gakk frå meg, Satan! For det stend skrive: «Herren, din Gud, skal du tilbeda; honom og ingen annan skal du tena.»» 11 So for djevelen ifrå honom, og med det same kom englarne og tente honom. 12 Då Jesus fekk høyra at Johannes var gjeven i henderne på uvenerne sine, drog han seg undan og for til Galilæa. 13 Sidan flutte han frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, som ligg nedmed sjøen, på Sebulons og Naftalis grunn, 14 so det skulde sannast det som er tala gjenom Jesaja, profeten, når han segjer: 15 «Sebulons og Naftalis land, som langs med sjøen ligg, og dei som burtum Jordan bur, og heidne bygdekrins - 16 det folket som i myrker sat, so stort eit ljos fekk sjå; dei sat i daudens skoddeland, då rann for deim eit ljos.» 17 Frå den tidi tok Jesus til å tala til folket og sagde: «Vend um! Himmelriket er nær!» 18 Som han no ein gong gjekk frammed Galilæasjøen, fekk han sjå tvo brør, Simon, han som kallast Peter, og Andreas, bror hans; dei heldt på og kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar. 19 Han segjer til dei: «Kom og fylg meg! Eg vil gjera dykk til menneskje-fiskarar!» 20 Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde honom. 21 Då han kom lenger fram, såg han tvo andre brør, Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans: dei sat i båten hjå Sebedæus, far sin, og greidde garni sine. Han kalla deim, 22 og med ein gong gjekk dei burt frå båten og frå far sin, og fylgde honom. 23 Sidan for han ikring i heile Galilæa og lærde folket i synagogorne deira, og forkynte evangeliet um riket, og lækte all sjukdom og vanhelsa hjå deim. 24 Det gjekk gjetord um honom yver heile Syria, og dei kom til honom med alle som hadde vondt og drogst med eikor sott eller plåga, forgjorde og nedfall-sjuke og lamne, og han gjorde deim gode att. 25 Og det fylgde honom ein stor folkehop frå Galilæa og Dekapolis og Jerusalem og Judalandet og bygderne på hi sida Jordan.
Copyright information for NorSMB