Matthew 5

Då Jesus såg folkehopen, gjekk han upp i fjellet; der sette han seg ned, og læresveinarne hans kom burt til honom. Då tok han til ords og lærde deim og sagde: «Sæle dei som er fatige i åndi! Himmelriket er deira! Sæle dei som syrgjer! Dei skal verta trøysta. Sæle dei tolsame! Dei skal erva jordi. Sæle dei som hungrar og tyrster etter rettferd! Dei skal verta metta. Sæle dei miskunnsame! Dei skal få miskunn. Sæle dei som er reine i hjarta! Dei skal sjå Gud. Sæle dei fredkjære! Dei skal kallast Guds born. 10 Sæle dei som vert forfylgde for rettferdi si! Himmelriket er deira. 11 Sæle er de når dei spottar dykk og forfylgjer dykk og talar berre vondt um dykk for mi skuld, og lyg det. 12 Ver glade og fegne! Stor er løni dykkar i himmelen. For soleis forfylgde dei dei profetarne som var til fyre dykk. 13 De er saltet på jordi! Vert saltet dove, kva skal so det saltast med? Det duger då ikkje til anna enn til å kastast ut og trakkast på. 14 De er ljoset i verdi. Den byen som ligg på eit fjell, kann ikkje dyljast. 15 Ingen kveikjer eit ljos og set det under skjeppa, men i staken; då lyser det for alle som er i huset. 16 Soleis skal de lata ljoset dykkar lysa for folk, so dei kann sjå dei gode gjerningarne dykkar og prisa Far dykkar i himmelen! 17 De må ikkje tru eg er komen for å avlysa lovi eller profetarne. Eg er ikkje komen for å avlysa, men for å fullføra. 18 For det segjer eg dykk for sant: Fyrr himmelen og jordi forgjengst, skal ikkje den minste bokstav, ikkje ein einaste prikk i lovi forgangast, fyrr alt saman er fullgjort. 19 Um då nokon bryt eit einaste av desse minste bodi, og lærer folk soleis, so skal han kallast den minste i himmelriket; men den som held deim og lærer deim ifrå seg, han skal kallast stor i himmelriket. 20 For det segjer eg dykk, at er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferdi åt dei skriftlærde og farisæarane, so kjem de aldri inn i himmelriket. 21 De hev høyrt det er sagt til dei gamle: «Du skal ikkje drepa! Den som drep, skal koma for retten.» 22 Men eg segjer dykk at den som er vond på bror sin forutan grunn, han skal koma for retten; og den som segjer til bror sin: «Din stakar!» han skal koma for rådet; og den som segjer: «Din dåre!» han skal koma i helviteselden. 23 Når du då gjeng fram til altaret med offeret ditt, og du der kjem i hug at bror din hev noko imot deg, 24 so lat offeret ditt liggja der framfor altaret - gakk fyrst burt og gjer det godt at med bror din, og kom so og ber fram offeret ditt! 25 Ver snar til å laga deg etter motparten din den stundi du er med honom på vegen! Elles stemner han deg for domaren, og domaren sender deg yver til futen, og du vert kasta i fengsel; 26 det segjer eg deg for visst: Du slepp ikkje ut att fyrr du hev greidt siste kvitten. 27 De hev høyrt det er sagt: «Du skal ikkje gjera hor!» 28 Men eg segjer dykk at den som ser på ei kvinna og lyster etter henne, han hev alt gjort hor med henne i hjarta sitt. 29 Um det høgre auga ditt freistar deg, so riv det ut og kasta det frå deg! Du er betre faren du misser ein av lemerne dine, enn at heile likamen vert kasta i helvite. 30 Og um den høgre handi freistar deg, so hogg henne av og kasta henne frå deg! Du er betre faren du misser ein lem enn at heile likamen din kjem i helvite. 31 Det er sagt: «Den som skil seg frå kona si, skal gjeve henne skilsmålsbrev.» 32 Men eg segjer dykk at den som skil seg frå kona si for anna enn utruskap, han valdar at ho gjer hor, og den som gifter seg med ei fråskild kona, han gjer hor. 33 Sameleis hev de høyrt det er sagt til dei gamle: «Du skal ikkje gjera rang eid, men svara Herren for eidarne dine!» 34 Men eg segjer dykk at de aldri skal sverja, korkje ved himmelen, for det er Guds høgsæte, 35 eller ved jordi, for det er fotbenken hans, eller ved Jerusalem, for det er staden åt den store kongen. 36 Ikkje skal du heller sverja ved hovudet ditt; for du kann ikkje gjera eit hår kvitt eller svart. 37 Når de talar, so lat det vera «Ja, ja!» og «Nei, nei!» Alt som gjeng yver det, kjem av det vonde. 38 De hev høyrt det er sagt: «Auga for auga og tonn for tonn!» 39 Men eg segjer dykk at de ikkje skal setja dykk imot den som gjer vondt. Um ein slær deg på den høgre kinni, so snu den vinstre og til honom. 40 Og vil nokon trætta til seg trøya di, so lat honom få kjolen med. 41 Og trugar nokon deg til å fylgja honom ei mil, so fylg du honom tvo mil. 42 Gjev den som bed deg, og snu deg ikkje frå den som vil låna av deg! 43 De hev høyrt det er sagt: «Du skal elska næsten din og hata fienden din!» 44 Men eg segjer dykk: Elska fiendarne dykkar, velsigna deim som bannar dykk, gjer vel mot deim som hatar dykk, og bed for deim som forfylgjer dykk! 45 då er de rette borni åt far dykkar i himmelen; for han let soli si skina yver vonde og gode, og let det regna yver rettferdige og urettferdige. 46 For um de elskar deim som elskar dykk, kva løn kann de venta for det? Gjer ikkje tollmennerne like eins? 47 Og um de helsar «Guds fred» berre til brørne dykkar, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningarne det same? 48 Ver då de fullkomne, som far dykkar i himmelen er!
Copyright information for NorSMB