Matthew 7

Døm ikkje, elles vert de dømde! For den domen de dømer, skal de dømast etter, og det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk i. Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var? Eller korleis kann du segja til bror din: Kom, lat meg taka flisi ut or auga ditt! og sjå, det sit ein bjelke i ditt eige auga! Din hyklar! Drag fyrst bjelken ut or ditt auga - då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din. Gjev ikkje hundarne det som heilagt er, og kasta ikkje perlorne dykkar for svini! Dei kjem berre til å trøda deim under føterne, og snu seg og riva dykk sund. Bed, so skal de få, leita, so skal de finna, banka på, so skal det verta upplate for dykk! For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for. Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed honom um brød, 10 eller ein orm når han bed um ein fisk? 11 Når no de veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, de som er vonde, kor mykje meir vil so ’kje far dykkar i himmelen gjeva noko godt til deim som bed honom! 12 Alt som de då vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot deim; for so er lovi og profetarne. 13 Gakk inn igjenom den tronge porten! For vid er den porten, og breid er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som gjeng inn der. 14 Men trong er den porten, og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn honom. 15 Tak dykk i vare for dei falske profetarne! Dei kjem til dykk i saueham, men innvertes er dei gråduge ulvar. 16 På frukterne deira skal de kjenna deim; kann ein hausta druvor av klunger eller fikor av tistlar? 17 Soleis ber alle gode tre god frukt; men låke tre ber vond frukt, 18 eit godt tre kann ikkje bera vond frukt, og eit låkt tre kann ikkje bera god frukt. 19 Men kvart tre som ikkje gjev god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 20 So skal de då kjenna deim på frukterne. 21 Ikkje alle som segjer til meg: «Herre, herre!» skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det far min i himmelen vil. 22 På den dagen skal mange segja til meg: «Herre, herre, hev me ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut djevlar i ditt namn, og gjort mange under i ditt namn?» 23 Då skal eg segja deim beint ut: «Eg hev aldri kjent dykk. Gakk ifrå meg, de illgjerdsmenner!» 24 Den som no høyrer desse ordi mine og gjer etter deim, honom vil eg likna med ein vitug mann, som bygde huset sitt på berg. 25 Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; men det stod; for det var tufta på berg. 26 Og den som høyrer desse ordi mine og ikkje gjer etter deim, han kann liknast med ein fåvis mann, som bygde huset sitt på sand. 27 Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; då fall det, og fallet vart stort.» 28 Då Jesus hadde tala desse ordi, då var folket reint upp i under yver læra hans. 29 For han lærde deim som ein som hev velde, og ikkje som deira skriftlærde.
Copyright information for NorSMB