Micah 5

Men du Betlehem, Efrata, som er so liten til å vera millom bygderne i Juda, frå deg skal eg få meg ein mann som skal vera herre yver Israel. Hans upphav er frå fordom, frå ævordoms dagar. Difor gjev han deim yver i ulukka til den tid då ho som skal føda, hev født. Då skal leivningen av brørne hans snu heim att til Israels søner. Og han skal standa og gjæta i Herrens kraft, i Herrens, sin Guds, høge namn; og dei skal sitja trygt; for no skal han vera stor, til endarne av jordi. Og han skal vera fred. Kjem Assur inn i landet vårt, stig han inn i borgerne våre, so reiser me imot honom sju hyrdingar, ja, åtte menneskje-hovdingar. Og dei skal herja Assurs land med sverd, og Nimrods land alt inn i portarne; og han skal frelsa frå Assur når han kjem inn i landet vårt, og når han stig yver landskilet vårt. Og leivningen av Jakob skal vera midt millom mange folkeslag liksom dogg frå Herren, liksom regnskurer på gras, som ikkje biar på mann eller ventar på menneskjeborn. Og leivningen av Jakob skal vera millom heidningarne, midt imillom mange folk, liksom ei løva millom dyr i skogen, liksom ei ungløva inne i saueflokkar. Ho slær ned når ho fer fram, og riv sund, og det er ingen som bergar. Høg vere di hand yver uvenerne dine! Må alle fiendarne dine ryddjast ut! Og det skal ganga soleis på den dagen, segjer Herren, då vil eg rydja ut alle hestarne du hev hjå deg, og øyda vognerne dine. 10 Og eg vil rydja ut byarne i landet ditt og riva ned alle borgerne dine. 11 Og eg vil rydja alle trolldomskunster utor henderne på deg; og spåmenner skal ikkje lenger finnast hjå deg. 12 Eg vil rydja ut dei utskorne gudebilæti dine og minnesteinarne dine, som du hev hjå deg, so du ikkje meir skal bøygja kne for det som henderne dine hev laga. 13 Og eg vil riva upp Astarte-stolparne dine or landet ditt, og byarne dine vil eg øyda. 14 Og i vreide og harm tek eg hemn yver dei heidningfolk som ikkje vilde høyra.
Copyright information for NorSMB