Micah 6

Høyr kva Herren segjer: Reis deg! Før di sak for fjelli! Lat haugarne høyra di røyst! Ja, høyr Herrens sak, de fjell og de ævelege grunnvollar under jordi! For Herren fører sak med folket sitt, og med Israel vil han ganga til doms. Mitt folk, kva hev eg gjort deg? Kva hev eg trøytta deg med? Svara meg! Eg førde deg då ut or Egyptarlandet, og frå trælehuset løyste eg deg ut; og Moses og Aron og Mirjam sette eg i brodden for deg. Mitt folk! Kom i hug det Balak, kongen i Moab, var meint på, og det Bileam Beorsson svara honom! Kom i hug ferdi frå Sittim til Gilgal, so du kann skyna Herrens rettferdsverk! Kva skal eg stiga fram for Herren med, bøygja meg med for Gud i det høge? Skal eg stiga fram for honom med brennoffer, med årsgamle kalvar? Vil Herren hava hugnad i tusund verar, i ti tusund oljebekkjer? Skal eg ofra min fyrstefødde for mitt brot, mi livsfrukt til syndoffer for mi sjæl? Nei, han hev sagt deg, menneskje, kva som godt er; for kva krev Herren av deg anna enn at du skal gjera det som rett er, leggja vinn på kjærleik og ferdast audmjukt med din Gud? Høyr kor Herren ropar til byen - og det er visdom å ottast namnet ditt -. Høyr straffi, og kven det er som hev fastsett henne! 10 Finst det endå i huset åt den gudlause rangfenge skattar og undermåls skjeppemål, som er bannstøytt? 11 Kunde eg vera rein dersom eg bruka svikefulle vegtar og hadde falske lodd i pungen? 12 Du by med rikfolk, fulle av urett, og dei som bur der, talar lygn og hev ei falsk tunga i munnen sin! 13 So vil då eg og slå deg so det gjer vondt, leggja deg i øyde for dine synder skuld. 14 Du skal eta, men ikkje verta mett, og tom skal du alltid kjenna deg. Du kann flytja, men du skal ikkje berga. Og det du bergar, skal eg gjeva åt sverdet. 15 Du skal så, men ikkje få hausta. Du skal pressa olivor, men ikkje få salva deg med olje. Du skal pressa druvesaft, men ikkje få drikka vin. 16 For fyreskrifterne åt Omri agtar dei vel på, og all gjerning av Ahabs hus, og etter deira råder er det de ferdast, for eg skal gjera deg til ei skræma og ibuarane dine til spott, og vanæra yver folket mitt skal de bera.
Copyright information for NorSMB