Nehemiah 11

Hovdingarne budde i Jerusalem. Hitt folket drog strå, soleis at tiande kvar mann skulde bu i Jerusalem, den heilage byen, og ni tiandepartar skulde bu i dei hine byarne. Folket velsigna alle dei mennerne som friviljugt busette seg i Jerusalem. Dette er dei hovdingarne i jarleriket som budde i Jerusalem; men i Juda-byarne budde kvar i sin by der han hadde sin eigedom, vanlege israelitar, prestar, levitar, tempelsveinarne og søner etter Salomos trælar. I Jerusalem budde nokre av Juda-sønerne og av Benjamins-sønerne. Av Juda-sønerne: Ataja, son åt Uzzia, son åt Zakarja, son åt Amarja, son åt Sefatja, son åt Mahalalel, av Peres-sønerne, og Ma’aseja, son åt Baruk, son åt Kol-Hoze, son åt Hazaja, son åt Adaja, son åt Jojarib, son åt Zakarja, son åt siloniten. Peres-sønerne i Jerusalem, var i alt fire hundrad og åtte og seksti stridsmenner. Og dette var Benjamins-sønerne: Sallu, son åt Mesullam, son åt Joed, son åt Pedaja, son åt Kolaja, son åt Ma’aseja, son åt Itiel, son åt Jesaja, og etter honom Gabbai-Sallai, i alt ni hundrad og åtte og tjuge. Joel Zikrison var formannen deira, og Juda Hassenuason var den næst øvste i byen. 10 Av prestarne: Jedaja Jojaribsson, Jakin 11 og Seraja, son åt Hilkia, son åt Mesullam, son åt Sadok, son åt Merajot, son åt Ahitub, den øvste i Guds hus, 12 og brørne deira, som gjorde tenesta i Guds hus, åtte hundrad og tvo og tjuge i alt, og Adaja, son åt Jeroham, son åt Pelalja, son åt Amsi, son åt Zakarja, son åt Pashur, son åt Malkia, 13 og brørne hans, ættehovdingar, tvo hundrad og tvo og fyrti, og Amassai, son åt Azarel, son åt Ahzai, son åt Mesillemot, son åt Immer, 14 og brørne deira, hundrad og åtte og tjuge dugande menner. Formannen deira var Zabdiel, son åt Haggedolim. 15 Av levitarne: Semaja, son åt Hassub, son åt Azrikam, son åt Hasabja, son åt Bunni, 16 og Sabbetai og Jozabad, levithøvdingar som styrde med utearbeidet ved Guds hus, 17 og Mattanja, son åt Mika, son åt Zabdi, son åt Asaf, fyresongaren, han som tok i med lovsongen i bøni, og Bakbukja, næst-høgst av brørne hans, og Abda, son åt Sammua, son åt Galal, son åt Jedutun. 18 Levitarne i den heilage byen var i alt tvo hundrad og fire og åtteti. 19 Og portvaktarane: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portarne, i alt hundrad og tvo og sytti. 20 Dei andre israelitarne, prestarne og levitarne budde i alle dei andre byarne i Juda, kvar på sin eigedom. 21 Men tempelsveinarne budde på Ofel, og Siha og Gispa var formennerne deira. 22 Levit-formannen i Jerusalem, ved tenesta i Guds hus, var Uzzi, son åt Bani, son åt Hasabja, son åt Mattanja, son åt Mika, av Asafs-sønerne, songarane. 23 Eit kongebod var gjeve um deim, og ein fast skipnad sett åt songarane for kvar dag. 24 Petahja, son åt Mesezabel, av sønerne åt Zerah Judason, målbar for kongen alle saker som galdt folket. 25 Og ute på landsbygdi budde og ein part av Juda-ætti: i Kirjat-Arba og bygderne der ikring, i Dibon og bygderne der ikring, og i Jekabse’el med sine grender, 26 i Jesua og Molada og Bet-Pelet, 27 i Hasar-Sual, i Be’erseba med sine bygder, 28 og i Siklag, og i Mekona med sine bygder, 29 i En-Rimmon og Sora og Jarmut, 30 Zanoah, Adullam og bygderne ikring deim, i Lakis og bumarki som høyrde til, og i Azeka med sine bygder. Dei busette seg frå Be’erseba til Hinnomsdalen. 31 Benjamins-sønerne hadde sine bustader frå Geba: i Mikmas og Ajja, i Betel med sine bygder, 32 i Anatot, Nob, Ananja, 33 Hasor, Rama, Gittajim, 34 Hadid, Sebojim, Neballat, 35 Lod og Ono, Handverkardalen. 36 Nokre skift av levitarne som høyrde til Juda, busette seg i Benjamin.
Copyright information for NorSMB