Nehemiah 7

Då no muren var uppbygd, sette eg inn dørerne. Og portvakti tilsett; like eins songarane og levitarne. Og eg sette yver Jerusalem Hanani, bror min, og Hananja, borghovdingen; han vart halden for ein framifrå truverdig og gudleg mann. Og eg sagde til deim: «Portarne i Jerusalem må ikkje verta opna fyrr soli tek til å hita. Og medan vakti endå stend på post, skal dørerne verta stengde og læste, og nye vaktfolk skal stella seg upp av borgararne i Jerusalem, kvar på post, kvar utanfor sitt hus.» Byen var vid og stor, men folket i honom var fåment, og husi var ikkje uppbygde. Eg fekk då den inngivnad av min Gud at eg skulde stemna i hop dei adelborne og formennerne og heile folket til uppskriving i ættarlista. Då fann eg ættarlista yver deim som fyrst hadde fare heim. Og der fann eg skrive: Her kjem talet på dei fylkesbuarne som for heim or utlægdi, dei som Nebukadnessar, kongen i Babel, hadde ført burt, og som no for heim att til Jerusalem og Juda, kvar til sin by. Dei fylgde Zerubbabel og Jesua, Nehemia og Azarja, Ra’amja og Nahamani, Mordokai og Bilsan, Misperet og Bigvai, Nehum og Ba’ana. - Dette er manntalet yver alle mennerne i Israels-lyden: Paros-sønerne, tvo tusund eit hundrad og tvo og sytti; Sefatja-sønerne, tri hundrad og tvo og sytti; 10 Arahs-sønerne, seks hundrad og tvo og femti; 11 Pahat-Moabs-sønerne, av Jesua- og Joabs-sønerne, tvo tusund åtte hundrad og attan; 12 Elams-sønerne, eit tusund tvo hundrad og fire og femti; 13 Zattu-sønerne, åtte hundrad og fem og fyrti; 14 Zakkai-sønerne, sju hundrad og seksti; 15 Binnui-sønerne, seks hundrad og åtte og fyrti; 16 Bebai-sønerne, seks hundrad og åtte og tjuge; 17 Azgads-sønerne, tvo tusund tri hundrad og tvo og tjuge; 18 Adonikams-sønerne, seks hundrad og sju og seksti; 19 Bigvai-sønerne, tvo tusund og sju og seksti; 20 Adins-sønerne, seks hundrad og fem og femti; 21 Aters-sønerne av Hizkia-ætti, åtte og nitti; 22 Hasums-sønerne, tri hundrad og åtte og tjuge; 23 Besai-sønerne, tri hundrad og fire og tjuge; 24 Harifs-sønerne, hundrad og tolv; 25 Gibeons-sønerne, fem og nitti; 26 mennerne frå Betlehem og Netofa, hundrad og åtte og åtteti; 27 mennerne frå Anatot, hundrad og åtte og tjuge; 28 mennerne frå Bet-Azmavet, tvo og fyrti; 29 mennerne frå Kirjat-Jearim, Kefira og Be’erot, sju hundrad og tri og fyrti; 30 mennerne frå Rama og Geba, seks hundrad og ein og tjuge; 31 mennerne frå Mikmas, hundrad og tvo og tjuge; 32 mennerne frå Betel og Aj, hundrad og tri og tjuge; 33 mennerne frå det andre Nebo, tvo og femti; 34 den andre Elam søner, eit tusund tvo hundrad og fire og femti; 35 Harims-sønerne, tri hundrad og tjuge; 36 Jeriko-sønerne, tri hundrad og fem og fyrti; 37 Lods-, Hadids- og Ono-sønerne, sju hundrad og ein og tjuge; 38 Sena’a-sønerne, tri tusund ni hundrad og tretti. 39 Av prestarne: Jedaja-sønerne av Jesua-ætti, ni hundrad og tri og sytti; 40 Immers-sønerne, eit tusund og tvo og femti; 41 Pashurs-sønerne, eit tusund tvo hundrad og sju og fyrti; 42 Harims-sønerne, eit tusund og syttan. 43 Av levitarne: Jesua-sønerne av Kadmiels-ætti, av Hodeva-sønerne, fire og sytti. 44 Av songarane: Asafs-sønerne, hundrad og åtte og fyrti. 45 Av dørvaktarane: Sallums-sønerne, Aters-sønerne, Talmons-sønerne, Akkubs-sønerne, Hatita-sønerne, Sobai-sønerne, hundrad og åtte og tretti. 46 Av tempelsveinarne: Siha-sønerne, Hasufa-sønerne, Tabbaots-sønerne, 47 Keros-sønerne, Sia-sønerne, Padons-sønerne, 48 Lebana-sønerne, Hagaba-sønerne, Salmai-sønerne, 49 Hanans-sønerne, Giddels-sønerne, Gahars-sønerne, 50 Reaja-sønerne, Resins-sønerne, Nekoda-sønerne, 51 Gazzams-sønerne, Uzza-sønerne, Paseahs-sønerne, 52 Besai-sønerne, Me’unims-sønerne, Nefussims-sønerne, 53 Bakbuks-sønerne, Hakufa-sønerne, Harhurs-sønerne, 54 Basluts-sønerne, Mehida-sønerne, Harsa-sønerne, 55 Barkos-sønerne, Sisera-sønerne, Tamahs-sønerne, 56 Nesiahs-sønerne, Hatifa-sønerne. 57 Av sønerne åt Salomo-sveinarne: Sotai-sønerne, Soferets-sønerne, Perida-sønerne, 58 Ja’ala-sønerne, Darkons-sønerne, Giddels-sønerne. 59 Sefatja-sønerne, Hattils-sønerne, Pokeret-Hassebajims-sønerne, Amons-sønerne. 60 Alle tempelsveinarne og sønerne åt Salomo-sveinarne var i alt tri hundrad og tvo og nitti. 61 Frå Tel-Melah og Tel-Harsa, Kerub og Addon og Immer for dei ut dei som her skal nemnast; men dei kunde ingi greida gjeva um federne sine og ætti, - um dei i det heile høyrde Israels-folket til; det var: 62 Delaja-sønerne, Tobia-sønerne og Nekoda-sønerne, seks hundrad og tvo og fyrti, 63 og av prestarne: Habaja-sønerne, Hakkos-sønerne, sønerne åt Barzillai, han som hadde teke ei av døtterne åt Gileads-mannen Barzillai til kona og fekk namn etter deim. 64 Desse leita etter ættartavlorne sine, men kunde ikkje finna deim; difor vart dei kjende uverdige til å vera prestar. 65 Jarlen dømde at dei ikkje måtte eta av det høgheilage fyrr det stod fram ein prest med urim og tummim. 66 Heile lyden var i alt tvo og fyrti tusund tri hundrad og seksti, 67 umfram trælarne og trælkvinnorne; talet på deim var sju tusund tri hundrad og sju og tretti. Dertil kom tvo hundrad og fem og fyrti songarar, karar og kvende. 68 Dei hadde sju hundrad og seks og tretti hestar, tvo hundrad og fem og fyrti muldyr, 69 fire hundrad og fem og tretti kamelar, og seks tusund sju hundrad og tjuge asen. 70 Nokre av ættehovdingane ytte pengehjelp til arbeidet. Jarlen lagde i kassa fem tusund dalar i gull, femti skåler, og fem hundrad og tretti prestekjolar. 71 Og nokre av ættarhovdingarne lagde i byggjekassa hundrad tusund dalar i gull og seks og seksti tusund dalar i sylv. 72 Og det som hitt folket gav, var hundrad tusund dalar i gull, seksti tusund dalar i sylv, og sju og seksti prestekjolar. 73 Prestarne og levitarne og dørvaktarane og songarane, og nokre av lyden, og tempelsveinarne og heile Israel elles sette då bu i sine byar. Då den sjuande månaden kom, var Israels-sønerne i sine byar.
Copyright information for NorSMB