Nehemiah 9

Den fire og tjugande dagen i same månaden kom Israels-borni saman og heldt fasta. Dei hadde klædt seg i sorg og hadde mold på hovudi sine. Israels-ætti skilde seg ut frå alle framandfolket, steig fram og sanna synderne sine og syndeskuldi åt federne sine. So reis dei upp kvar på sin stad medan det vart fyrelese or lovboki åt Herren, deira Gud. Det var ei øykt. Ei onnor øykt sanna dei synderne og kasta seg ned for Herren, sin Gud. Jesua og Bani, Kadmiel, Sebanja, Bunni, Serebja, Bani og Kenani steig upp på levittramen og ropa med høg røyst til Herren, sin Gud. Og levitarne Jesua og Kadmiel, Bani, Hasabneja, Serebja, Hodia, Sebanja og Petahja sagde: «Ris upp og lova Herren, dykkar Gud, han som er frå æva og til æva! Ja, lova vere ditt heilage namn, som er upphøgt yver alt lov og pris! Einast du er Herren. Du hev skapt himmelen, ja, himle-himlarne og all deira her, jordi og alt som på henne er, havi og alt som i deim er. Det er du som held liv i deim alle. Og himmelheren kastar seg ned for deg. Det var du, Herre Gud, som valde ut Abram og førde honom frå Ur i Kaldæa og gav honom namnet Abraham. Og du fann hjarta hans trufast for di åsyn då du gjorde du den pakti med honom at du vilde gjeva ætti hans landet åt kananiten, hetiten, amoriten, periziten, jebusiten og girgasiten. Og du heldt det du lova. For du er rettferdig. Du såg kor vondt federne våre hadde det i Egyptarland, og du høyrde ropet deira ved Raudehavet. 10 Du gjorde teikn og under med Farao og alle tenarane hans og heile landslyden hans; for du visste at dei hadde fare ovmodigt åt med deim. Og soleis vann du deg eit namn som vert nemnt heilt til i dag. 11 Du kløyvde havet for deim, sog dei gjekk turrskodde gjenom havet. Men dei som elte deim, deim let du søkka i djupet som stein i velduge vatn. 12 Du leidde deim um dagen med ein skystopul, og um natti med ein eldstopul til å lysa for deim på den vegen dei skulde fara. 13 Du steig ned på Sinaifjellet og tala med deim frå himmelen. Du gav deim rettferdige rettar, pålitande lover, gode fyreskrifter og bod. 14 Du gav deim kunnskap um den heilage kviledagen din, og bod og fyreskrifter og lov ved Moses, tenaren din. 15 Brød frå himmelen gav du deim når dei var svoltne, og vatn or berget let du fløyma når dei var tyrste. Og du baud deim fara av og leggja under seg landet du med handi i veret hadde svore å gjeva deim. 16 Men federne våre, dei var kante og hardnakka, og lydde ikkje bodi dine. 17 Dei vilde ikkje lyda. Dei agta ikkje på dei underi du hadde gjort med deim, men gjorde nakken stiv, valde seg ein hovding og vilde tråssuge fara attende til trældomen sin. Men du er ein Gud som tilgjev synd, kjærleg og mild, tolug og full av nåde; du slepte deim ikkje. 18 Ja, endå dei støypte seg ein kalv og sagde: «Dette er guden din, som fylgde deg ut or Egyptarland,» endå dei spotta deg so gruvelegt, 19 so vilde du i di store miskunn ikkje sleppa deim der i øydemarki. Skystopulen veik ikkje frå deim um dagen, men leidde deim på veg; ikkje heller veik eldstopulen frå deim um natti, men lyste for deim på den vegen dei skulde fara. 20 Din gode ande sende du deim til lærar. Du meinka ikkje munnen deira i å få din manna; og når dei var tyste, gav du deim vatn. 21 Fyrti år bar du umsut for deim i øydemarki, og ingen ting vanta dei. Klædi deira vart ikkje slitne, og føterne deira trutna ikkje. 22 Kongerike og folkeslag gav du deim i gåva, og skifte ut landsluter åt deim på alle leider. Dei hertok Sihons land, det landet som høyrde til kongen i Hesbon, og landet som høyrde til Og, kongen i Basan. 23 Og du auka ætti deira som stjernorne på himmelen, og du leide deim inn i det landet du lova federne deira til odel og eiga. 24 So kom då sønerne og hertok landet. Du kua kananitarne for deim; deim som budde i landet, bøygde du under deim og gav i deira hender, både kongarne og folki der i landet, so dei kunde gjera med deim etter eige tykkje. 25 Dei hertok borgerne og reiv til seg den feite jordi, eigna til seg hus fulle av alle gode ting, tok gravne brunnar, vinhagar, oljeplantingar og aldetre i mengd. Dei åt og vart mette og feite og gjorde seg glade dagar av din store rikdom. 26 Men dei gjorde seg harde og sette upp imot deg, og kasta di lovi bak ryggen sin. Dei drap profetarne dine, som vitna for deim og vilde venda deim um til deg; dei spotta deg gruveleg. 27 Då gav du deim i fiendevald, og valdsverk fekk dei røyna. Men når dei var i verste vande, ropa dei til deg, og du høyrde på deim frå himmelen. I di store miskunn sende du deim frelsarar som fria deim ut or fiendevald. 28 Kom dei so til ro, gjorde dei atter det som vondt var for di åsyn. Då let du deim i fiendevald, so dei vart trælka. Men når dei so ropa til deg att, so høyrde du på deim frå himmelen og fria deim ut, etter di store miskunn gong på gong. 29 Du vitna for deim um at dei skulde venda um til di lov; men dei var kaute og lydde ikkje bodi dine. Og dei synda mot rettarne dine, dei som det gjeld um, at når menneskja held deim, skal ho få liva ved deim. Tråssuge snudde dei ryggen til, gjorde seg hardnakka og vilde ikkje lyda. 30 Mange år tøygde du tolmod med deim, og vitna for deim ved din ande gjenom profetarne dine. Då dei ikkje vilde høyra, gav du deim framande folk i vald. 31 Men i di store miskunn gjorde du ikkje heilt ende på deim, og gav deim ikkje upp; for du er ein mild og kjærleg Gud. 32 Og no, vår Gud, du store, velduge, skræmelege Gud, du som held pakti og held uppe miskunni, no må du ikkje tykkja det er lite alt det vonde me hev lote lida, me og kongarne våre, hovdingarne, prestarne og profetarne våre, federne våre og heile folket ditt, frå assyrarkongarne si tid og alt til i dag. 33 Du er rettferdig i alt det som hev kome yver oss. Du hev synt deg trufast. Me hev fare ugudleg åt. 34 Kongarne våre, hovdingarne våre, prestarne våre, federne våre hev ikkje halde lovi di og hev ikkje agta på bodi dine og dei åtvaringsordi du gav deim. 35 Jamvel då dei budde i sitt eige rike og i den store rikdomen som du hadde gjeve deim, og i det vide og feite landet som du hadde lagt ope for deim, tente dei deg ikkje, og vende ikkje um frå si vonde åtferd. 36 Sjå no um dagen er me trælar. I det landet du gav federne våre til å njota landsens grøda og rikdom, sjå her er me trælar. 37 Si rike grøda ber det til bate for dei kongar som du sette yver oss for våre synder skuld. Og dei råder og rikjer etter eige tykkje yver kropparne våre og buskapen vår. Me er i stor naud.» 38 På grunn av alt dette gjer me eit fast samband, som me skriv upp; og på det forsigla brevet stend: Hovdingarne, levitarne og prestarne våre.
Copyright information for NorSMB