Numbers 14

Då skreik alt folket yver seg, og dei gret heile natti. Og alle Israels-borni, heile lyden, mukka mot Moses og Aron, og sagde: «Gud gjeve me hadde døytt i Egyptarlandet eller her i øydemarki - å Gud gjeve me hadde døytt! Kvi vil Herren føra oss til dette landet, so me vert nedhogne, og konorne og borni våre vert fangar? Er det ikkje betre for oss å fara attende til Egyptarland?» Og dei sagde seg imillom: «Me vil taka oss ein hovding, og fara attende til Egyptarland!» Då kasta Moses og Aron seg ned på jordi for augo åt heile Israels-lyden; og Josva, son åt Nun, og Kaleb, son åt Jefunne, som hadde vore med og forfare Kana’ans-landet, reiv sund klædi sine og tala til heile Israels-lyden, og sagde: «Det landet som me hev fare igjenom og skoda, er eit ovgodt land. Er Gud oss god, so fører han oss fram til landet, og gjev oss det; det er eit land som fløymer med mjølk og honning. Set dykk berre ikkje upp mot Gud, og ver ikkje rædde folket som bur der i landet! Dei er ikkje annleis enn som eit matmål for oss. Hjelpi deira hev kvorve burt, og Herren er med oss. Ver ikkje rædde!» 10 Då vilde heile lyden steina deim; men Herrens herlegdom synte seg i møtetjeldet for heile Israels-folket. 11 Og Herren sagde til Moses: «Kor lenge vil dette folket hæda og vanvyrda meg? Kor lenge vil dei mistru meg, endå so mange teikn som eg hev gjort millom deim? 12 Men no vil eg søkja deim med sott, og rydja deim ut, og so vil eg gjera di ætt til eit større og sterkare folk enn dei er.» 13 Då sagde Moses til Herren: «Skal då egyptarane få spyrja slikt? dei som du førde dette folket burt i frå i ditt velde! 14 Skal dei få det å tala um med folk her i landet, som hev høyrt at du, Herre, er midt imillom dette folket, og syner deg for deim, andlit til andlit, du, Herre, og at skyi di held seg yver deim, og at du gjeng fyre deim i ein skystopul um dagen og i ein eldstopul um natti? 15 Slær du no dette folket i hel, som det var ein mann, so kjem dei folki som hev høyrt ordet um deg til å segja: 16 «Herren magta ikkje å føra dette folket fram til det landet han hadde lova deim, og so drap han deim ned i øydemarki.» 17 Men syn deg no i ditt velde, Herre, som du lova då du sagde: 18 «Herren er tolug og rik på nåde. Han tilgjev brot og misgjerningar; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus: han hemner broti åt federne på borni og på barnebarns-borni og borni etter deim.» 19 Tilgjev då av di store nåde broti åt dette folket, liksom du hev havt tolmod med deim heile vegen, frå Egyptarland og hit!» 20 Då sagde Herren: «Eg skal gjeva deim til, som du bed um. 21 Men so vist som eg liver og Herrens herlegdom fyller heile jordi: 22 ingen av deim som hev set herlegdomen min og dei teikni eg gjorde i Egyptarland og i øydemarki, og som like vel hev freista meg gong på gong, og aldri vilde lyda på ordi mine - 23 ingen av deim skal sjå det landet eg hev lova federne deira; ingen av deim som hev hædt og vanvyrdt meg, skal få sjå det. 24 Men Kaleb, tenaren min, vil eg fylgja til det landet han hev vore i, og ætti hans skal få det til eiga; for honom er det ein annan hug i, og han hev halde seg trutt etter meg. 25 Amalekitarne og kananitarne bur her i dalen; difor lyt de i morgon venda um, og taka ut i øydemarki, den vegen som ber til Raudehavet.» 26 Og Herren tala meir til Moses og Aron, og sagde: 27 «Kor lenge skal denne vonde lyden halda på å mukka mot meg? Eg hev nok høyrt korleis Israels-sønerne murrar og mukkar imot meg. 28 Seg til deim: «So vist som eg liver,» segjer Herren: «det som eg høyrde de ynskte dykk, det skal de få. 29 Her i øydemarki skal beini dykkar liggja, alle de som vart mynstra, heile flokken, so mange som er yver tjuge år gamle og hev sett seg upp imot meg; 30 ingen av dykk skal koma inn i det landet som eg rette handi i veret på at eg vilde gjeva dykk til bustad - ingen utan Kaleb, son åt Jefunne, og Josva, son åt Nun. 31 Småborni dykkar, som de spådde skulde falla i fiendehand, deim vil eg fylgja dit, og dei skal verta heime i det landet som de hev vanda. 32 Men dykkar bein skal liggja her i øydemarki; 33 og sønerne dykkar skal gjæta i heiderne i fyrti år, og lida for utruskapen dykkar, til beini dykkar hev morkna i øydemarki. 34 Likso mange dagar som de for yver Kana’ans-landet, likso mange år skal de lida for broti dykkar, fyrti år, eit år for kvar dag, og de skal få kjenna korleis det er når eg vender meg frå dykk. 35 Det segjer eg, Herren: So vil eg gjera med heile denne vonde lyden, som hev slege seg i hop mot meg; i denne øydemarki skal dei enda sine dagar, her skal dei døy.»» 36 Dei mennerne som Moses hadde sendt ut til å forfara Kana’ans-landet, og som spreidde låke tiender um det då dei kom att, og fekk heile lyden til å setja seg upp imot Moses, 37 desse mennerne, som hadde lasta burt landet, dei døydde brått for Herrens åsyn. 38 Av alle deim som hadde fare på njosningsferd til Kana’ans-landet, var det berre Josva, son åt Nun, og Kaleb, son åt Jefunne, som fekk liva. 39 Og Moses bar Herrens ord fram for Israels-folket. Då angra dei sårt, 40 og dagen etter, i otta, tok dei uppetter til høgfjellet, og sagde: «Sjå her er me og vil fara upp til den staden som Herren hev sagt; for me hev synda.» 41 Då sagde Moses: «Kvi vil de då gjera imot Herrens ord? Dette kjem ikkje til å lukkast. 42 Far ikkje dit! For Herren er ikkje med dykk. De kjem berre til å rjuka for fienden. 43 For der møter de amalekitarne og kananitarne, og då vert de nedhogne, etter di de hev vike frå Herren, og han ikkje er med dykk.» 44 Like vel var dei so uvyrdne at dei styrmde av stad til høgfjellet. Men Herrens sambandskista og Moses flutte seg ikkje frå lægret. 45 Og amalekitarne og kananitarne, som budde på det fjellet, kom ned, og slo deim og jaga deim frå einannan, og elte deim alt til Horma.
Copyright information for NorSMB