Numbers 19

Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde: «Høyr no eit lovbod som Herren hev gjeve! Han sagde: «Seg til Israels-sønerne at dei skal koma til deg med ei raud kviga, som ikkje hev vank eller veila, og aldri hev vore under åket. Den skal de gjeva til Eleazar, presten, og dei skal leida henne utanfor lægret og slagta henne for augo hans. Og han - Eleazar, presten - skal taka noko av blodet hennar på fingeren og skvetta sju gonger burt imot framsida av møtetjeldet. So skal dei brenna kviga for augo hans; både hudi og kjøtet og blodet, og møki med, skal dei brenna. Og presten skal taka cedertre og bergmynta og karmesin og kasta på elden som kviga brenn i. Sidan skal han två klædi sine, og lauga likamen sin i vatn, so kann han koma inn i lægret; men han skal vera urein alt til kvelds. Den som brende kviga, skal og två klædi sine og lauga likamen sin i vatn, og er urein til kvelds. Og ein som er rein, skal samla i hop oska av kviga, og leggja henne på ein rein stad utanfor lægret, so ho kann gøymast åt Israels-lyden til skiringsvatn; ho hev soningskraft. 10 Men den som samla oska av kviga, lyt två klædi sine, og er urein til kvelds. Og dette skal vera ei æveleg lov både for Israels-folket og dei framande som bur millom deim. 11 Den som kjem nær ein avliden, kven det so er, er urein sju dagar. 12 Den tridje og den sjuande dagen skal han reinsa seg for synd med skiringsvatnet; so vert han rein att; men reinsar han seg ikkje den tridje og den sjuande dagen, so vert han ikkje rein. 13 Kven som kjem nær ein avliden, eit mannelik, og ikkje reinsar seg, han sulkar Herrens hus, og skal rydjast ut or Israel; han er urein; so lenge det ikkje er skvett skiringsvatn på honom, fylgjer det ureinska med honom. 14 So lyder lovi: Når ein døyr i eit hus, so skal alle som er i huset, og alle som kjem inn, vera ureine sju dagar. 15 Og alle opne koppar, alle som det ikkje er lok på eller bundne yver, vert ureine. 16 Og den som ute på marki kjem nær ein som er ihelslegen, eller eit anna lik, eller mannebein, eller ei grav, er urein i sju dagar. 17 Er det ein som soleis hev vorte urein, so skal dei taka noko av oska etter det uppbrende syndofferet og ausa rennande vatn på i eit fat. 18 Og ein som er rein, skal taka bergmynte og duppa i vatnet, og skvetta på huset og på alle dei ting og alle dei folk som er der, og på den som hev kome nær mannebein eller ein mann som er ihelslegen eller eit anna lik eller ei grav. 19 Den tridje og den sjuande dagen skal dei reine skvetta på den som hev vorte urein; og den sjuande dagen skal han segja honom fri for synd; so skal han två klædi sine og lauga seg i vatn, og vert då rein att same kvelden. 20 Men den som vert urein, og ikkje reinsar seg for synd, han skal rydjast ut or lyden, for di han hev sulka Herrens heilagdom - det hev ikkje kome skiringsvatn på honom: han er urein. 21 Dette skal vera ei æveleg lov hjå deim. Den som skvette skiringsvatnet, skal tvo klædi sine, og den som kjem nær skiringsvatnet, er urein alt til kvelds. 22 Alt det den ureine kjem nær, vert ureint, og alle som kjem innåt honom, er ureine til kvelds.»»
Copyright information for NorSMB