Numbers 2

Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde: «Israels-sønerne skal lægra seg kringum møtetjeldet, eit stykke ifrå, kvar innmed si fana og under sitt ættar-hermerke. På framsida, mot aust, skal Juda-heren liggja, flokk i flokk, kring fana si. Hovdingen yver Juda-sønerne er Nahson, son åt Amminadab; og flokken hans, dei som er mynstra i Juda-ætti, er fire og sytti tusund og seks hundrad mann. Jamsides med deim skal Issakars-ætti lægra seg. Hovdingen yver Issakars-sønerne er Netanel, son åt Suar; og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og femti tusund og fire hundrad mann. Like eins Sebulons-ætti. Hovdingen yver Sebulons-sønerne er Eliab, son åt Helon; og flokken hans, dei som er mynstra, er sju og femti tusund og fire hundrad mann. Heile hermagti som er mynstra i Juda-lægret, er hundrad og seks og åtteti tusund og fire hundrad mann. Dei skal vera fremst i ferdi, når de tek ut. 10 Rubens-heren med fana si skal lægra på sudsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Rubens-sønerne er Elisur, son åt Sede’ur; 11 og flokken hans, dei som er mynstra, er seks og fyrti tusund og fem hundrad mann. 12 Jamsides med dei skal Simeons-ætti liggja. Hovdingen yver Simeons-sønerne er Selumiel, son åt Surisaddai; 13 og flokken hans, dei som er mynstra, er ni og femti tusund og tri hundrad mann. 14 Like eins Gads-ætti. Hovdingen yver Gads-sønerne er Eljasaf, son åt Re’uel; 15 og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann. 16 Heile hermagti som er mynstra i Rubens-lægret, er hundrad og ein og femti tusund og fire hundrad og femti mann; dei skal vera i andre fylkingi, når de tek på vegen. 17 Møtetjeldet og Levi-flokken skal vera midt imillom herarne kvar gong de tek ut; som dei lægrar seg, so skal dei fara i veg, kvar på sin stad og under si fana. 18 Efraims-heren med fana si skal lægra seg på vestsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Efraims-sønerne er Elisama, son åt Ammihud; 19 og flokken hans, dei som er mynstra, er fyrti tusund og fem hundrad mann. 20 Jamsides med deim skal Manasse-ætti liggja. Hovdingen yver Manasse-sønerne er Gamliel, son åt Pedasur; 21 og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann. 22 Like eins Benjamins-ætti. Hovdingen yver Benjamins-sønerne er Abidan, son åt Gideoni; 23 og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og tretti tusund og fire hundrad mann. 24 Heile hermagti som er mynstra i Efraims-lægret, er hundrad og åtte tusund og eitt hundrad mann. Dei skal vera i tridje fylkingi, so ofte de fer av stad. 25 Dans-heren med fana si skal lægra seg mot nord, flokk i flokk. Hovdingen yver Dans-sønerne er Ahiezer, son åt Ammisaddai; 26 og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og seksti tusund og sju hundrad mann. 27 Jamsides med deim skal Assers-ætti liggja. Hovdingen yver Assers-sønerne er Pagiel, son åt Okran; 28 og flokken hans, dei som er mynstra, er ein og fyrti tusund og fem hundrad mann. 29 Like eins Naftali-ætti. Hovdingen yver Naftali-sønerne er Ahira, son åt Enan; 30 og flokken hans, dei som er mynstra, er tri og femti tusund og fire hundrad mann. 31 Heile hermagti som er mynstra i Dans-lægret, er hundrad og sju og femti tusund og seks hundrad mann. Dei skal vera attarst i ferdi med fanorne sine kvar gong de tek i veg.» 32 Dette var dei av Israels-sønerne som vart mynstra, kvar etter si ætt; i alt var det seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann som var mynstra i lægri, flokk etter flokk. 33 Men levitarne vart ikkje mynstra saman med hitt Israels-folket; for det hadde Herren sagt med Moses at han ikkje skulde gjera. 34 Og Israels-sønerne gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt med Moses; soleis lægra dei seg under fanorne sine, og soleis drog dei fram, kvar etter si ætt og med sine frendar.
Copyright information for NorSMB