Numbers 22

So tok Israels-sønerne ut att, og lægra seg på Moabmoarne, på hi sida av Jordanelvi der ho renn frammed Jeriko. Då Balak, son åt Sippor, fekk spurt kva Israel hadde gjort med amoritarne, då var rædsla stor i Moab. Moabitarne fælte seg for dette folket som var so mannsterkt, og sagde til hovdingarne i Midjan: «No kjem denne store hopen til å snøyda alt ikring oss, liksom uksarne når dei gneg snaudt på bøen.» Og Balak Sipporson - han var konge i Moab den tid - sende menner til Bileam, son åt Beor, som åtte heime i Petor ved Storelvi; dei skulde beda honom koma, og segja honom det frå kongen: «Det hev kome eit folk frå Egyptarland; dei er so mange at dei fyller heile landet, og dei hev slege seg ned midt fyre meg. Kjære deg, kom og bed ei våbøn yver det folket for meg; for dei er meg for sterke - då trur eg me skal vinna yver deim, so eg fær drive deim ut or landet; for eg veit at den du signar, er velsigna, og den du bannar, er forbanna.» Sendemennerne var av det gjævaste folket i Moab og Midjan; dei hadde spåmannsløn med seg, og då dei kom til Bileam, bar dei fram bodet frå Balak. Då sagde han til deim: «Ver her i natt, so skal eg gjeva dykk svar, etter det som Herren segjer meg fyre.» So gav dei seg til hjå Bileam. Då kom Gud til Bileam, og sagde: «Kva er det for folk som er hjå deg?» 10 Bileam svara: «Balak, son åt Sippor, Moabs konge, sender bod til meg og segjer: 11 «Her hev kome eit folk frå Egyptarland, og dei er so mange at dei fyller alt landet. Kom og les ei våbøn yver deim, so trur eg visst eg skal råda med deim og jaga deim ut.»» 12 Då sagde Gud til Bileam: «Gakk ikkje med deim! Du skal ikkje banna det folket; for dei er velsigna.» 13 Um morgonen sagde Bileam til hovdingarne som Balak hadde sendt til honom: «Far heim att! Herren vil ikkje gjeva meg lov til å fylgja med dykk.» 14 So tok Moabs-hovdingarne av stad, og då dei kom heim att til Balak, sagde dei: «Bileam vilde ikkje vera med oss.» 15 Då sende Balak andre hovdingar, fleire og gjævare enn fyrste gongen. 16 Då dei kom til Bileam, sagde dei til honom: «Balak, son åt Sippor, helsar deg, og segjer: «Gode deg, kom! Seg ikkje nei! 17 Eg skal løna deg vel, og gjera alt det du segjer, berre du vil koma og banna dette folket for meg.»» 18 Bileam svara kongsmennerne so: «Um Balak gjev meg huset fullt med sylv og gull, so kann eg ikkje gjera Herren, min Gud, imot, korkje i smått eller stort. 19 Men ver no de og her natti yver, so fær eg høyra kva meir Herren hev å segja meg.» 20 Då kom Gud um natti til Bileam, og sagde til honom: «Er desse mennerne komne her på den måten at dei vil få deg med seg, so kann du ferda deg til og fylgja deim; men gjer ikkje anna enn som eg segjer til deg.» 21 Um morgonen gjorde Bileam seg reidug, og sala asna si, og for so i veg saman med Moabs-hovdingarne. 22 Men Gud vart harm for di han tok ut, og Herrens engel kom imot honom, og stod på vegen som ein fiende, då han kom ridande på asna i lag med båe sveinarne sine. 23 Og asna såg Herrens engel, som stod på vegen med drege sverd i handi; då tok ho av vegen, og ut på marki; men Bileam slo henne, so ho skulde halda vegen. 24 Sidan møtte Herrens engel i ei geil millom vinhagarne. På båe sidor var det steingard, 25 og då asna såg Herrens engel, strauk ho seg innåt garden, og klemde foten åt Bileam mot steinarne. Då slo han henne att. 26 So gjekk Herrens engel framum endå ein gong, og stod i eit trongt klemstre; der var det ikkje råd å vika undan, korkje til høgre eller vinstre, 27 og med same asna fekk sjå Herrens engel, lagde ho seg ned under Bileam. Då vart han harm, og slo henne med staven. 28 Men Herren gav asna mål, og ho sagde til Bileam: «Kva hev eg gjort deg? No er det tridje gongen du slær meg.» 29 «Du hev havt meg til narr,» svara Bileam. «Hadde eg havt eit sverd i handi, so hadde eg slege deg i hel med det same.» 30 Då sagde asna: «Er ’kje eg asna di, som du hev ride på alt du hev vore til? Hev eg då havt for vis å fara soleis med deg?» «Nei,» sagde Bileam, 31 og i det same opna Herren augo hans, so han såg Herrens engel, som stod på vegen med drege sverd i handi. Då kasta han seg på kne, og bøygde hovudet. 32 Og Herrens engel sagde til honom: «Kvi hev du fare so, og slege asna di tri gonger? Det var eg som møtte deg som ein fiende, av di eg tykte denne ferdi var for brå. 33 Og asna såg meg, og tok av vegen for meg alle tri gongerne. Hadde ikkje ho teke av vegen, so hadde eg no drepe deg, men asna hadde eg spart.» 34 Då sagde Bileam til Herrens engel: «Eg hev synda; men eg visste ikkje at du stod framfyre meg på vegen; er dette deg imot, so skal eg venda heim att.» 35 «Nei, far no du med mennerne,» svara Herrens engel, «men seg ikkje eit ord anna enn det som eg segjer deg fyre.» So tok Bileam i vegen att med kongsmennerne. 36 Då Balak fekk høyra at Bileam kom, for han til møtes med honom til den byen som låg nørdst i Moabriket, ved Arnon, ytst utmed landskilet. 37 Og han sagde til Bileam: «Sende eg ikkje einkom bod og bad deg til meg? Kvi vilde du ikkje koma? Trur du ikkje eg er god til å løna deg for umaken?» 38 «No ser du eg er komen,» svara Bileam. «Men det er vandt um eg kann segja noko; berre dei ordi som Gud legg meg i munnen, kann eg tala.» 39 So fylgde han med Balak, og dei kom til Kirjat-Husot. 40 Der slagta Balak storfe og småfe, og sende til Bileam og dei hovdingarne som var med honom. 41 Morgonen etter tok kongen Bileam med seg upp på Bamot-Ba’al; derifrå kunde han sjå enden av Israels-lægret.
Copyright information for NorSMB