Numbers 24

Men no tyktest Bileam sjå at det var Herrens vilje å velsigna Israel, og han gjekk ikkje burt og søkte teikn, som han fyrr hadde gjort; han vende andlitet mot øydemarki, og såg utyver til han fekk auga på Israels-ætterne, som låg der sida um sida. Då kom Guds ande yver honom, og han kvad: «Segjer Bileam, Beors son, mæler mannen med augo att, han som høyrer ord i frå Gud, syner frå den Allsterke ser, med opna augo sigen ned: Kor gilde buder Jakob hev, kor gjæv ein bustad Israel! Som bekkjedalar breider seg, som aldehagar kring ei å, aloetrei Herren ol, og cedrarn’, attmed vatnet veks. Utor hans byttor strøymer vatn, og vel hans åker vatna er. Hans konge yver Agag gjeng, og høgt hans rike hevjar seg. Gud leid’ han or Egyptarland, ein urokse med sterke horn. Fiendefolki upp han et, og knokarn’ deira knasar han, med sine kolvar sund deim skyt. Som løva legg han seg til ro; kven vågar vel å vekkj’ han upp? Gud signe den som signar deg, og banne den som bannar deg!» 10 Då vart Balak brennande harm på Bileam; han slo i hop henderne, og sagde til honom: «Eg kalla deg hit so du skulde beda vondt yver uvenerne mine, og no hev du velsigna deim tri gonger! 11 Far no heim med deg so fort du kann! Eg hadde tenkt å løna deg vel, men Herren hev meinka deg løni.» 12 Bileam svara: «Sagde eg det ikkje straks åt dei mennerne du sende til meg? - 13 «Um Balak gjev meg huset sitt fullt av sylv og gull,» sagde eg, «so kann eg ikkje brjota Herrens bod og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt; berre det Herren vil, kann eg tala.» 14 No fer eg heim att til folket mitt, men fyrst vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera men ditt folk i komande dagar.» 15 So bar han upp spådomen sin, og kvad: «Segjer Bileam, Beors son, mæler mannen med augo att, 16 han som høyrer ord ifrå Gud, vita fær det den Høgste veit, syner frå den Allsterke ser, med opna augo sigen ned: 17 Eg skodar han, men ikkje no, eg augnar han, men ikkje nær - ei stjerna som or Jakob stig, eit spir som sprett or Israel! - Moabs tunnvangar trør han sund, og øyder ufredsætti ut. 18 Edom vert eigedomen hans, og Se’ir slær han under seg, det uvenern’ hans åtte fyrr; stort velde vinn seg Israel. 19 Av Jakob ris den råda skal; han ryd ut or byarn’ ut deim som frå bardagen hev berga seg.» 20 So såg han amalekitane. Då kvad han dette verset: «Fyrst utav folk er Amalek, men ein gong gjeng han og til grunns.» 21 Og han såg kenitarne, og kvad: «Din bustad er ei borg so fast, på nuten hev ditt reir du bygt. 22 Men endå vert det øydelagt snart fører Assur deg av stad.» 23 So kvad han atter: «Ai, ei, kven vert vel etter då, når Gud let dette ganga fram? 24 Med skip frå Kittimleidi kjem; dei døyver Assur, døyver deim som burtanfyre elvi bur, so dei og utor heimen kverv.» 25 So gjorde Bileam seg reidug, og for heim att, og Balak tok og på si leid.
Copyright information for NorSMB