Numbers 26

Då sotti var yver, tala Herren so til Moses og Eleazar, son åt Aron, øvstepresten: «Tak tal på heile Israels-lyden, ættgrein for ættgrein, alle dei våpnføre i Israel som hev fyllt tjuge år!» So tala Moses og Eleazar, øvstepresten, åt deim på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde: «Stig fram, alle menner som hev fyllt tjuge år!» - soleis som Herren hadde sagt med Moses. Israels-sønerne som for frå Egyptarland, det var. Ætti etter Ruben, eldste son åt Israel. Og Rubens-sønerne det var: Hanokitarne, ætti etter Hanok, pallu’itarne, ætti etter Pallu, hesronitarne, ætti etter Hesron, karamitarne, ætti etter Karmi. Dette var Rubens-ætterne, og av deim var det tri og fyrti tusund og sju hundrad og tretti mann som vart innskrivne i manntalet. Son åt Pallu heitte Eliab. Og borni åt Eliab heitte Nemuel og Datan og Abiram. Men Datan og Abiram, det var dei same som var valde til folketinget, og var med og yppa strid mot Moses og Aron den gongen Korah og flokken hans sette seg upp mot Herren, 10 og jordi let upp gapet sitt og gløypte både deim og Korah, og elden gjorde ende på dei tvo hundrad og femti mennerne, so heile flokken umkomst og vart til eit varsl. 11 Men sønerne åt Korah miste ikkje livet. 12 Simeons-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Nemuelitarne, ætti etter Nemuel, jaminitarne, ætti etter Jamin, jakinitarne, ætti etter Jakin, 13 zerahitarne, ætti etter Zerah, sa’ulitarne, ætti etter Sa’ul. 14 Dette var Simeons-ætterne, tvo og tjuge tusund og tvo hundrad mann. 15 Gads-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Sefonitarne, ætti etter Sefon, haggitarne, ætti etter Haggi, sunitarne, ætti etter Suni, 16 oznitarne, ætti etter Ozni, eritarne, ætti etter Eri, 17 aroditarne, ætti etter Arod, arelitarne, ætti etter Areli. 18 Dette var Gads-ætterne; dei var etter manntalet fyrti tusund og fem hundrad mann. 19 Av borni åt Juda døydde tvo i Kana’ans-landet; dei heitte Er og Onan. 20 Dei hine Juda-sønerne det var, etter ætterne deira: Selanitarne, ætti etter Sela, parsitarne, ætti etter Peres, zerahitarne, ætti etter Zerah. 21 Og Peres-sønerne det var, etter ætterne deira: Hesronitarne, ætti etter Hesron, hamulitarne, ætti etter Hamul. 22 Dette var Juda-ætterne. Av deim vart seks og sytti tusund og fem hundrad mann skrivne i rullorne. 23 Issakars-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Tola’itarne, ætti etter Tola, punitarne, ætti etter Puvva, 24 jasubitarne, ætti etter Jasub, simronitarne, ætti etter Simron. 25 Dette var Issakars-ætterne. Av deim var det fire og seksti tusund og tri hundrad mann som vart mynstra. 26 Sebulons-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Sarditarne, ætti etter Sered, elonitarne, ætti etter Elon, jahle’elitarne, ætti etter Jahle’el. 27 Dette var Sebulons-ætterne. Av deim vart det mynstra seksti tusund og fem hundrad mann. 28 Sønerne åt Josef med ætterne sine var Manasse og Efraim. 29 Manasse-sønerne det var: Makiritarne, ætti etter Makir. Makir fekk sonen Gilead; frå honom var gileaditarne ætta. 30 Gileads-sønerne det var: I’ezritarne, ætti etter I’ezer, helkitarne, ætti etter Helek, 31 asrielitarne, ætti etter Asriel, sikmitarne, ætti etter Sekem, 32 semida’itarne, ætti etter Semida, hefritarne, ætti etter Hefer. 33 Men Selofhad, son åt Hefer, hadde ingi søner, berre døtter, og namni på døtterne hans var Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa. 34 Dette var Manasse-ætterne. Av deim var det tvo og femti tusund og sju hundrad mann som vart innskrivne. 35 Efraims-sønerne det var, etter ætterne deira: Sutalhitarne, ætti etter Sutelah, bakritarne, ætti etter Beker, tahanitarne, ætti etter Tahan. 36 Og Sutelah-sønerne det var: Eranitarne, ætti etter Eran. 37 Dette var Efraims-ætterne; dei var tvo og tretti tusund og fem hundrad mann som vart skrivne. Det var Josefs-sønerne etter ætterne deira. 38 Benjamins-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Balitarne, ætti etter Bela, asbelitarne, ætti etter Asbel, ahiramitarne, ætti etter Ahiram, 39 sufamitarne, ætti etter Sefufam, hufamitarne, ætti etter Hufam. 40 Og Bela-sønerne var: Arditarne og na’amanitarne; ætterne etter Ard og Na’aman. 41 Dette var Benjamins-sønerne etter ætterne deira; av deim var det fem og fyrti tusund og seks hundrad mann som stod i manntalet. 42 Dans-sønerne det var, etter ætterne deira: Suhamitarne, ætti etter Suham. Dette var Dans-ætterne etter ættetavla deira; 43 Suhamit-ætterne var etter manntalet i alt fire og seksti tusund og fire hundrad mann. 44 Assers-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Jimnitarne, ætti etter Jimna, jisvitarne, ætti etter Jisvi, beri’itarne, ætti etter Beria. 45 Og Beria-sønerne det var: Hebritarne, ætti etter Heber, malkielitarne, ætti etter Malkiel. 46 Dotter åt Asser heitte Serah. 47 Dette var Assers-ætterne; av deim stod det tri og femti tusund og fire hundrad mann i rullorne. 48 Naftali-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Jahse’elitarne, ætti etter Jahse’el, gunitarne, ætti etter Guni, 49 jisritarne, ætti etter Jeser, sillemitarne, ætti etter Sillem. 50 Dette var Naftali-ætterne etter ættetalet deira; av deim vart det innskrive fem og fyrti tusund og fire hundrad mann. 51 So mange var det som vart mynstra av Israels-sønerne, seks hundrad og eitt tusund og sju hundrad og tretti mann. 52 Og Herren sagde til Moses: 53 «Åt desse skal landet skiftast ut til eigedom, etter folketalet. 54 Den som hev mykje folk, skal du gjeva mykje land, og den som hev lite folk mindre; kvar ætt skal få so mykje land som han hev våpnføre menner. 55 Landet skal skiftast på den måten at dei dreg strå um bygderne, og alle som hev same ættarnamnet, skal få sin eigedom i same bygdelaget. 56 Kvar skal få det som fell på honom etter strået, men den som hev mykje folk, skal få meir enn den som hev lite; soleis skal landet bytast millom deim.» 57 Levi-ætterne det var etter manntalet: Gersonitarne, ætti etter Gerson, kahatitarne, ætti etter Kahat, meraritarne, ætti etter Merari. 58 Desse ættgreinerne var det i Levi-ætti: Libnitarne, hebronitarne, mahlitarne, musitarne, korahitarne. Kahat var far åt Amram. 59 Kona åt Amram heitte Jokebed; ho var dotter åt Levi og fødd i Egyptarland. Amram fekk med henne sønerne Aron og Moses, og Mirjam, syster deira. 60 Og Aron fekk sønerne Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar. 61 Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigd eld fram for Herrens åsyn. 62 Av levitarne vart tri og tjuge tusund innskrivne i manntalet, alle karfolk som var yver ein månad gamle. Dei vart ikkje talde saman med dei hine Israels-borni, av di dei ikkje fekk nokon odel millom deim. 63 Dette var dei som Moses og Eleazer, øvstepresten, talde då dei mynstra Israels-sønerne på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko. 64 Millom deim fanst det ingen som Moses og Aron, øvstepresten, hadde skrive inn i manntalet då dei mynstra Israels-sønerne i Sinaiheidi. 65 For Herren hadde sagt at dei skulde døy i øydemarki, og no var det ingen annan att enn Kaleb, son åt Jefunne, og Josva, son åt Nun.
Copyright information for NorSMB