Numbers 29

Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; den dagen skal lurarne ljoma, og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte, og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor attåt uksen, og tvo kannor attåt veren, og ei kanna for kvart av dei sju lambi, og so ein syndofferbukk til soning for dykk, umfram månads-brennofferet og grjonofferet som høyrer til det, og umfram det faste brennofferet med sitt grjonoffer og dei vanlege drykkofferi; då er det ein god offerrett, som angar søtt for Herren. Tiande dagen i den same sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte. Då skal de fasta og ikkje gjera noko arbeid; og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera - og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor attåt uksen, og tvo kannor attåt veren, 10 og ei kanna for kvart av dei sju lambi, 11 og so ein geitebukk til syndoffer, umfram sonings-syndofferet og det daglege brennofferet med grjonofferet og drykkofferi som høyrer til. 12 Femtande dagen i den sjuande månaden skal de samlast til eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; og de skal halda pilegrimshelg for Herren i sju dagar. 13 Då skal de bera fram for Herren ein brennofferrett, som angar godt for Herren: trettan unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb - lytelause skal dei vera - 14 og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor for kvar av dei trettan uksarne, og tvo kannor for kvar av dei tvo verarne, 15 og ei kanna for kvart av dei fjortan lambi, 16 og so ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer. 17 Andre dagen skal de bera fram tolv unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte, 18 og grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet, 19 og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og sine drykkoffer; 20 tridje dagen elleve uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte, 21 og grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet, 22 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer; 23 fjorde dagen ti uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte, 24 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet, 25 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer; 26 femte dagen ni uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte, 27 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet, 28 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer; 29 sette dagen åtte uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte, 30 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet, 31 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer; 32 sjuande dagen sju uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte, 33 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet, 34 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer. 35 Åttande dagen skal de halda ei stor samlingshøgtid, og må ikkje gjera noko utearbeid; 36 og de skal bera fram ein brennofferrett som angar godt: ein ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte, 37 med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksen og veren og lambi etter talet, 38 og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer. 39 Dette er det de skal ofra Herren på høgtiderne dykkar, umfram det de hev lova eller gjev i godvilje, anten det er brennoffer eller grjonoffer eller drykkoffer eller takkoffer.»»
Copyright information for NorSMB