Numbers 30

Og Moses sagde alt dette med Israels-folket, heiltupp soleis som Herren hadde sagt honom fyre. Sidan tala Moses til hovdingarne yver Israels-ætterne, og sagde: «Høyr no eit anna bod som Herren hev gjeve: Når ein mann hev gjort ein lovnad til Herren, eller svore ein eid, at han vil halda seg ifrå ymse ting, so skal han ikkje brjota ordet sitt; det han hev lova, skal han halda. Når ei ung kvinna, som endå er heime hjå far sin, hev gjort ein lovnad til Herren, og svore at ho vil halda seg ifrå ymse ting, og far hennar fær høyra um lovnaden hennar og eiden ho hev bunde seg med, og tegjer til det, so skal det gjelda alt det ho hev lova, og kvar eid ho hev bunde seg med, skal gjelda. Men dersom far hennar same dagen som han fær høyra um nokon lovnad ho hev gjort, eller nokon eid ho hev bunde seg med, forbyd henne å halda sitt ord, so skal det vera um inkje, og Herren skal gjeva henne til, etter di det var faren som meinka henne. Vert ho gift, og hev ein lovnad på seg, eller hev bunde seg med eit tankelaust ord, og sagt at ho vil halda seg ifrå ymse ting, og mannen hennar fyrr eller sidan fær vita det, og ikkje segjer noko imot, då skal det gjelda det ho hev lova, og det ordet ho hev bunde seg med, skal gjelda. Men dersom mannen hennar same dagen som han fær vita det, forbyd henne å halda sitt ord, so gjer han lovnaden ho hev på seg um inkje, og det tankelause ordet ho hev bunde seg med, og Herren skal gjeva henne til. 10 Hev ei enkja eller fråskild kona gjort ein lovnad, og nemnt noko ho vil halda seg ifrå, so skal ho halda ord. 11 Når ei kona etter ho er gift hev lova noko, eller bunde seg med eid til å halda seg ifrå eitt eller anna, 12 og mannen hennar fær vita det, men tegjer og ikkje forbyd henne å halda sitt ord, so skal det gjelda alt det ho hev lova, og kvar eid ho hev bunde seg med, skal gjelda. 13 Men dersom mannen hennar gjer det um inkje same dagen som han fær høyra um det, so gjeld ikkje noko av dei ordi ho soleis hev slept av munnen, anten det er ein lovnad ho hev gjort, eller det er noko ho hev svore seg ifrå: Mannen hennar hev gjort det um inkje, og Herren skal gjeva henne til. 14 Kvar lovnad ho hev gjort og kvar eid ho hev svore um å halda seg ifrå eitt eller hitt og spekja seg, kann mannen hennar anten stadfesta eller gjera um inkje. 15 Men tegjer han um det til andre dagen, so hev han stadfest alt det ho hev lova eller bunde seg til; han hev stadfest det med di han tagde då han fekk vita det. 16 Og gjer han det fyrst um inkje ei tid etter han fekk høyra um det, so ber han ansvaret for brotet hennar.» Dette er dei fyresegnerne Herren gav Moses um den retten ein mann hev yver kona si, og ein far yver dotter si, so lenge ho er ung og er heime hjå faren.
Copyright information for NorSMB