Numbers 31

Og Herren tala til Moses, og sagde: «Du skal taka hemn for det som midjanitarne hev gjort Israels-borni; sidan skal du fara til federne dine.» Då tala Moses til folket, og sagde: «Lat nokre av mannskapet dykkar bu seg til herferd! Dei skal koma yver midjanitarne, og føra Herrens hemn yver Midjan. Tusund mann frå kvar av Israels-ætterne skal de senda ut i herferd.» Av dei mange tusund i Israel baud dei då ut tusund mann frå kvar ætt, tolv tusund herbudde menner. Deim sende Moses ut i herferd, tusund mann frå kvar ætt, og med deim sende han Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten; han hadde med seg dei heilage gognerne og stridslurarne. Og dei gjorde ei herferd mot Midjan, so som Herren hadde sagt med Moses, og slo i hel alle karmenner. Og millom deim som dei drap, var kongarne i Midjan, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, dei fem Midjans-kongarne; og Bileam, son åt Beor, fall og for sverdet deira. So tok dei konorne og borni åt midjanitarne og klyvdyri og bufeet deira og alt det dei åtte; 10 og alle borgarne i det landet dei hadde slege seg ned i og alle tjeldlægri deira, sette dei eld på. 11 Og alt herfanget og alt folket og feet dei hadde teke, 12 førde dei dit som Moses og Eleazar, øvstepresten, og heile Israels-lyden var - til lægret på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko - både fangarne og feet og alt det andre herfanget. 13 Og Moses og Eleazar, øvstepresten, og alle dei høgste i lyden gjekk til møtes med deim utanfor lægret. 14 Men Moses var vond på hovdingarne som kom heim frå stridsferdi, både dei som stod yver tusund og dei som stod yver hundrad mann, 15 og han sagde til deim: «Hev de spart alle kvinnorne? 16 Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka Israels-sønerne til å svika Herren for Peors skuld, so sotti kom yver Herrens lyd. 17 Slå no i hel alle sveinborn, og alle kvinnor som hev ått mann eller havt med karfolk å gjera! 18 Men alle ungmøyar som ikkje hev havt med karfolk å gjera, skal de spara, og dei skal høyra dykk til. 19 Og so lyt de halda dykk utanfor lægret i sju dagar, og alle som hev slege nokon i hel eller kome nær nokon som er i helslegen, lyt reinsa seg for synd den tridje og den sjuande dagen, både dei og fangarne deira. 20 Og alle klæde, og alt som er gjort av ler eller geiteragg, og alle trekjerald lyt de reinsa.» 21 Og Eleazar, øvstepresten, sagde til dei mennerne som hadde vore med i herferdi: «Denne fyresegni hev Herren gjeve Moses: 22 Gull og sylv, kopar og jarn, tin og bly, 23 alt som toler eld, skal de hava i elden, so vert det reint; de lyt berre etterpå skira det med vigslevatn; men alt som ikkje toler eld, skal de hava i vatn. 24 Og den sjuande dagen skal de två klædi dykkar, so vert de reine, og sidan kann de koma inn i lægret.» 25 Og Herren sagde til Moses: 26 «Du og Eleazar, øvstepresten, og ættehovdingarne i lyden skal taka tal på alt folket og feet som er fanga, 27 og skifta det likt millom stridsmennerne som var med i herferdi og alt hitt folket. 28 Og du skal taka ei avgift av stridsmennerne: eitt liv for kvart femhundrad, både av folk og av storfe og asen og småfe; 29 det skal de taka av den helvti som fell på herfolket, og gjeva det til Eleazar, øvstepresten; det skal vera ei reida til Herren. 30 Og av den helvti som fell på dei hine Israels-sønerne, skal du taka ut eit liv for kvart halvhundrad, både av folk og av kyr og asen og sauer - av alt feet - og gjeva deim til levitarne som hev umsut med alt det som skal gjerast i Herrens hus.» 31 Moses og Eleazar, øvstepresten, gjorde som Herren hadde sagt til Moses. 32 Og herfanget, det som var att av alt det stridsfolket hadde teke, det var: sauer og geiter: seks hundrad og fem og sytti tusund; 33 uksar og kyr: tvo og sytti tusund; 34 asen: ein og seksti tusund; 35 av folk - kvinnor som ikkje hadde vore nær nokon karmann - var det i alt tvo og tretti tusund. 36 Helvti av dette, den luten som fall på hermennerne, var då: småfe: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad i talet, 37 so avgifti til Herren av sauerne og geiterne vart seks hundrad og fem og sytti; 38 uksar og kyr: seks og tretti tusund; av deim var avgifti til Herren tvo og sytti; 39 asen: tretti tusund og fem hundrad, og avgifti av deim til Herren ein og seksti; 40 fangar: sekstan tusund, og av deim i avgift til Herren tvo og tretti ungmøyar. 41 Og Moses gav avgifti, det som skulde vera reida åt Herren, til Eleazar, øvstepresten, som Herren hadde sagt med honom. 42 Den helvti som kom på dei hine Israels-sønerne, og som Moses hadde skift ifrå hermennerne, 43 den helvti som lyden fekk, det var: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad sauer og geiter, 44 og seks og tretti tusund uksar og kyr, 45 og tretti tusund og fem hundrad asen, 46 og sekstan tusund fangar. 47 Av denne helvti - den som fall på Israels-sønerne - tok Moses ut eit liv for kvart halvhundrad av både folk og fe, og gav deim til levitarne som greidde det som skulde gjerast i Herrens hus, soleis som Herren hadde sagt med honom. 48 So gjekk hovdingarne yver herflokkarne, både dei yver tusund og dei yver hundrad mann, fram for Moses 49 og sagde til honom: «Me hev teke tal på stridsmennerne som me hadde under oss, og det vantar ikkje ein mann. 50 Difor kjem me no kvar med det gullet me hev vunne: armringar og armband og fingerringar og øyreringar og kulelekkjor; det skal vera ei gåva til Herren og ein løysepening for livet vårt.» 51 Og Moses og Eleazar, øvstepresten, tok imot gullet dei kom med; alt saman var det fint arbeidde ting. 52 Gullet som dei vigde åt Herren, var i alt elleve hundrad merker; det var gåva frå hovdingarne. 53 Men mannskapet hadde og vunne mykje gull, kvar åt seg. 54 Då Moses og Eleazar, øvstepresten, hadde teke imot gullet av hovdingarne, bar dei det inn i møtetjeldet og gøymde det der til ei minning for Herren um Israels-folket.
Copyright information for NorSMB