Numbers 34

Og Herren tala meir til Moses, og sagde: «Seg til Israels-sønerne: «Når de kjem inn i Kana’ans-landet - det er det landet de skal hava og eiga, heile Kana’ans-landet so vidt som det er - so skal landeskilet dykkar på sudsida ganga frå Sinheidi langs med Edom, den søre bytestrengen skal i aust ganga ut ifrå enden av Saltsjøen, og svinga sudum Skorpionskardet, og so taka yver til Sin; so skal han ganga fram sunnanfor Kades-Barnea, til han når Hasar-Addar, og so taka yver til Asmon; frå Asmon skal bytet svinga burt til Egyptarlands-bekken, og so ganga i havet. I vest skal landet støyta til Storhavet; det skal vera landskilet dykkar mot vest. På nordsida skal landskilet ganga soleis. Frå Storhavet skal de draga skiftelina til Horfjellet og frå Horfjellet dit som vegen ber til Hamat; der skal bytet ganga ut ved Sedad; sidan skal det halda fram til Zifron, og so enda ved Hasar-Enan. Dette skal vera landskilet dykkar mot nord. 10 I aust skal de setja landskilet etter ei lina som gjeng frå Hasar-Enan til Sefam. 11 Frå Sefam skal bytet ganga nedetter til Ha-ribla, i aust for Ajin, og so lenger ned, til det når berghallet austanfor Kinneretsjøen; 12 so skal det ganga nedåt Jordan, og ut i Saltsjøen. Det skal vera landet dykkar, etter bytemerki sine rundt ikring.»» 13 Og Moses sagde til Israels-sønerne: «Dette er det landet som de skal få til odel og eiga; de skal skifta det i luter, og draga strå um luterne; det er det landet som Herren hev sagt skal gjevast åt dei ni ætterne og den eine halve ætti. 14 For Rubens-ætti med greinerne sine og Gads-ætti med sine greiner og den halve Manasse-ætti hev fenge dei eigorne dei skal hava; 15 desse tvo ætterne og den halve ætti hev fenge sin eigedom på denne sida av Jordanelvi, som renn frammed Jeriko - i aust, der soli kjem upp.» 16 Og Herren tala atter til Moses, og sagde: 17 «Høyr no kva dei er for menner som skal skifta ut landet millom dykk; Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson, 18 og so ein hovding frå kvar ætt, som de skal taka til utskiftingsmann; 19 det er av Juda-ætti Kaleb, son åt Jefunne; 20 og av Simeons-ætti Semuel, son åt Ammihud; 21 og av Benjamins-ætti Elidad, son åt Kislon; 22 so ein hovding av Dans-ætti: Bukki, son åt Jogli; 23 og av Josefs-sønerne ein hovding av Manasse-ætti: Hanniel, son åt Efod, 24 og ein hovding av Efraims-ætti: Kemuel, son åt Siftan; 25 so ein hovding av Sebulons-ætti: Elisafan, son åt Parnak; 26 og ein hovding av Issakars-ætti: Paltiel, son åt Azzan; 27 og ein hovding av Assers-ætti: Akhihud, son åt Selomi; 28 og ein hovding av Naftali-ætti: Pedael, son åt Ammihud.» 29 Desse mennerne var det som Herren sagde skulde skifta eigedomarne millom Israels-sønerne i Kana’ans-landet.
Copyright information for NorSMB