Numbers 5

Og Herren tala atter til Moses, og sagde: «Seg til Israels-sønerne at dei skal senda alle spillsjuke ut or lægret, og alle som hev flod, og alle som hev vorte ureine av lik; anten det er menner eller kvende, so skal de hava deim burt; ut or lægret skal de senda deim, so dei ikkje skal sulka lægret dykkar, der eg bur midt imillom dykk.» Og Israels-sønerne gjorde so, og sende deim ut or lægret. Som Herren hadde sagt med Moses, so gjorde Israels-folket. Og Herren tala atter til Moses, og sagde: «Seg til Israels-folket: «Hev ein mann eller ei kvinna gjort ei eller onnor synd, og vore utrue mot Herren, so dei ber på ei skuld, so skal dei skrifta den syndi dei hev gjort, og det dei hev kome til med urett, skal dei gjeva att alt saman, og endå leggja attåt femteparten av verdet. Dei skal gjeva det til den dei gjorde urett imot; liver han ikkje lenger, og finst det ingen kravsmann etter honom, som dei kann greida ut boti til, so skal den boti dei lyt leggja, gjevast åt Herren og høyra presten til, umfram soningsveren, som skal ofrast til soning for deim. Og alle reidor, alle dei vigde gåvorne som Israels-sønerne kjem til presten med, dei skal vera hans. 10 Alt det som folk vigjer, skal han hava; det dei gjev presten skal høyra honom til.»» 11 Og Herren tala meir til Moses, og sagde: 12 [12-14] «Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Kjem det åbryskap yver ein mann, so han mistrur kona si, og kona hev vore utru mot honom og lagt seg burt, men han ikkje veit det visst, og det ikkje kann provast at ho hev skjemt seg ut og lege med ein annan mann, etter di ingen hev kome yver deim og kann vitne imot henne - eller kjem åbryskapen yver honom, so han mistrur kona si, ho ikkje hev skjemt seg ut, 13 [-] 15 so skal han taka kona med seg til presten, og hava med ei offergåva for henne; det skal vera ei kanna byggmjøl; men han skal ikkje slå olje på mjølet, eller leggja røykjelse attmed; for det er eit åbryskaps-grjonoffer, eit minnings-grjonoffer: som skal minna um eit brot. 16 Presten skal leida kona fram for Herrens åsyn. 17 Han skal henta vigslevatn i ei leirskål, og taka noko av dusti som er på golvet i gudshuset og hava uppi vatnet, 18 og når han hev leidt kona fram for Herrens åsyn, skal han løysa upp håret hennar og gjeva henne minningsofferet i henderne - eit åbryskapsoffer skal det vera - og i si hand skal han halda det vonde vatnet som valdar våde. 19 So skal han lata kona gjera eiden, og segja til henne: «So sant ingen annan mann hev lege hjå deg, og so sant du ikkje hev vore utru mot mannen din og skjemt deg ut, so skal du inkje mein hava av dette vonde vatnet som valdar våde. 20 Men er det so at du hev vore utru mot mannen din og skjemt deg ut, og at ein annan enn din eigen mann hev lege hjå deg» 21 - no skal presten lesa upp våbøn-eiden for kona og segja til henne -: «so skal Herren gjera deg til ei våbøn og ei banna hjå folket ditt; han skal lata mjødmi di minka og buken din bolna, 22 og dette vatnet som valdar våde, skal siga ned i livet ditt, so buken din bolnar og mjødmi di minkar!» Og kona skal segja: «Ja vel! Ja vel!» 23 Presten skal skriva desse våbønerne upp på eit blad, og två deim av i det vonde vatnet. 24 Sidan skal han lata kona drikka det vonde vatnet som valdar våde, og ulukkevatnet skal siga ned i livet hennar og valda verk. 25 So skal presten taka åbryskapsofferet utor handi på kvinna og svinga det att og fram for Herrens åsyn, og bera det fram åt altaret; 26 og han skal taka ein neve av mjølet og brenna på altaret, so røyken stig upp imot himmelen til ei minning. Og når han hev gjeve kona vatnet, og ho hev drukke det, 27 då skal det henda at dersom kona hev skjemt seg ut og vore utru mot mannen sin, so skal ulukkevatnet siga ned i livet hennar og valda verk; buken hennar skal bolna og mjødmi minka; og ho skal verta til ei våbøn hjå folket sitt. 28 Men er ho rein, og ikkje hev skjemt seg ut, so skal ho vera uskadd og barnkjømd. 29 Dette de lovi um åbryskap: når ei kona hev vore utru mot mannen sin og skjemt seg ut, 30 eller når det kjem ei åbryskap yver ein mann, so han mistrur kona si, då skal han leida kona fram for Herrens åsyn, og presten skal gjera med henne so som er sagt i denne lovi. 31 Mannen skal vera fri for skuld, men kona lyt lida for brotet sitt.»»
Copyright information for NorSMB