Numbers 7

Då Moses hadde fenge reist gudshuset og salva og vigsla det, og hadde salva og vigt all husbunaden og altaret med alt som til høyrde, då kom Israels jarlar, ættehovdingarne og fylkesstyrararne, dei som hadde stade for mynstringi, og førde offergåvorne sine fram for Herrens åsyn; det var seks husvogner og tolv uksar, ei vogn frå tvo og tvo av hovdingarne og ein ukse frå kvar av deim. Det kom dei til gudshuset med, og Herren sagde til Moses: «Tak i mot det av deim! De skal hava det til arbeidet ved møtetjeldet, og du skal gjeva det til levitarne, etter som kvar treng det til arbeidet sitt.» So tok Moses imot vognerne og uksarne, og gav deim til levitarne: Gersons-sønerne gav han tvo vogner og fire uksar som dei skulde hava til å greida arbeidet sitt med. Og Merari-sønerne gav han fire vogner og åtte uksar som dei skulde greida sitt arbeid med; og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skulde rettleida deim. Kahats-sønerne gav han ikkje noko; for dei skulde taka vare på dei heilage tingi, og bera deim på herdarne. 10 Den dagen altaret vart salva, kom hovdingarne med vigslegåvor, og bar deim fram åt altaret. 11 Då sagde Herren til Moses: «Lat hovdingarne bera fram gåva si til altarvigsla kvar sin dag.» 12 Den som bar fram gåva si fyrste dagen, var Nahson, son åt Amminadab, av Juda-ætti. 13 Gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ein halv mork, heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 14 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 15 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 16 og ein geitebukk til syndoffer, 17 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Nahson, son åt Amminadab. 18 Andre dagen kom Netanel, son åt Suar, hovdingen yver Issakars-ætti, 19 og bar fram gåva si: eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 20 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 21 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 22 og ein geitebukk til syndoffer, 23 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Netanel, son åt Suar. 24 Tridje dagen kom hovdingen yver Sebulons-sønerne, Eliab, son åt Helon, 25 med gåva si, og det var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 26 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fylt med røykjelse, 27 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 28 og ein geitebukk til syndoffer, 29 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eliab, son åt Helon. 30 Fjorde dagen kom hovdingen yver Rubens-sønerne, Elisur, son åt Sede’ur. 31 Gåva han bar fram, var eit sylvfat som åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 32 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 33 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 34 og ein geitebukk til syndoffer, 35 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisur, son åt Sede’ur. 36 Femte dagen kom hovdingen yver Simeons-sønerne, Selumiel, son åt Surisaddai. 37 Gåva han hadde med seg, var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 38 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 39 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 40 og ein geitebukk til syndoffer, 41 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Selumiel, son åt Surisaddai. 42 Sette dagen kom hovdingen yver Gads-sønerne, Eljasaf, son åt Re’uel. 43 Og gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 44 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 45 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 46 og ein geitebukk til syndoffer, 47 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eljasaf, son åt Re’uel. 48 Sjuande dagen kom hovdingen yver Efraims-sønerne, Elisama, son åt Ammihud. 49 Gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 50 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 51 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 52 og ein geitebukk til syndoffer, 53 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisama, son åt Ammihud. 54 Åttande dagen kom hovdingen yver Manasse-sønerne, Gamliel, son åt Pedasur. 55 Hans gåva var og eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 56 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 57 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 58 og ein geitebukk til syndoffer, 59 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Gamliel, son åt Pedasur. 60 Niande dagen kom hovdingen yver Benjamins-sønerne, Abidan, son åt Gideoni. 61 Han gav eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 62 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 63 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 64 og ein geitebukk til syndoffer, 65 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Abidan, son åt Gideoni. 66 Tiande dagen kom hovdingen yver Dans-sønerne, Ahiezer, son åt Ammisaddai. 67 Det han gav var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 68 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 69 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 70 og ein geitebukk til syndoffer, 71 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Ahiezer, son åt Ammisaddai. 72 Ellevte dagen kom hovdingen yver Assers-sønerne, Pagiel, son åt Okran. 73 Han og gav eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 74 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fylt med røykjelse, 75 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 76 og ein geitebukk til syndoffer, 77 og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Pagiel, son åt Okran. 78 Tolvte dagen kom hovdingen yver Naftali-sønerne, Ahira, son åt Enan, 79 og han gav og eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer, 80 og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse, 81 og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer, 82 og ein geitebukk til syndoffer, 83 og til takkofferet tvo naut og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Ahira, son åt Enan. 84 Dette var vigslegåvorne frå Israels hovdingar då altaret vart salva: Tolv sylvfat var det og tolv sylvbollar og tolv gullskåler. 85 Kvart sylvfat vog åtte merker, og kvar sylvbolle fire og ei halv mork; alle sylvkopparne i hop vog hundrad og femti merker etter heilag vegt. 86 Dei tolv gullskålerne, som var fyllte med røykjelse, vog ti lodd kvar etter heilag vegt; alle gullskålerne i hop vog sju og ei halv mork. 87 Av brennoffer-fe var det i alt tolv uksar og tolv verar og tolv årsgamle verlamb, med grjonoffer som til høyrde, og tolv geitebukkar til syndoffer, 88 og av takkoffer-fe fire og tjuge uksar og seksti verar og seksti bukkar og seksti årsgamle verlamb. Det var vigslegåvorne som vart framborne då altaret var salva. 89 Då so Moses gjekk inn i møtetjeldet og skulde tala med Herren, so høyrde han ei røyst som tala til honom frå romet yver lovtavlekista millom båe kerubarne - der tala Gud til honom.
Copyright information for NorSMB