Numbers 8

Og Herren sagde til Moses: «Tala til Aron, og seg til honom: «Når du set upp lamporne, so skal du laga det so at alle sju lamporne kastar ljoset frametter, på romet framanfor ljosestaken.»» Og Aron gjorde so: han sette upp lamporne so ljoset fall frametter, på romet framanfor ljosestaken, som Herren hadde sagt med honom. Ljosestaken var av drive gull; både leggen og kruna var drive arbeid. Etter det bilætet som Herren synte Moses, hadde dei gjort ljosestaken. Og Herren tala atter til Moses, og sagde: «Du skal taka levitarne fram or Israels-folket og reinsa deim. So skal du fara åt når du reinsar deim: Du skal skvetta skiringsvatn på deim, og dei skal fara yver heile likamen sin med rakekniven, og två klædi sine, so dei er reine. So skal dei taka ein ung ukse og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl blanda med olje, og til syndoffer skal du taka ein annan ung ukse. Du skal segja med levitarne, at dei skal koma hit til møtetjeldet, og so skal du kalla i hop heile Israels-lyden, 10 og føra levitarne fram for Herrens åsyn. So skal Israels-sønerne leggja henderne på levitarne, 11 og Aron skal vigja deim til Herren for Israels-folket på same visi som når han svinger offeret for Herrens åsyn; og sidan skal dei tena Herren; det skal vera deira kall. 12 So skal levitarne leggja henderne på hovudet åt uksarne, og du skal ofra den eine til syndoffer og den andre til brennoffer åt Herren, og gjera soning for levitarne. 13 So skal du då føra levitarne fram for Aron og sønerne hans, og vigja deim til Herren på same visi som når offeret vert svinga att og fram for Herrens åsyn. 14 Du skal skilja levitarne ut ifrå hitt Israels-folket, og dei skal høyra meg til, 15 og sidan, når du hev reinsa og vigt deim, skal dei koma og gjera tenesta i møtetjeldet. 16 For dei er ei gåva til meg, ei gåva frå heile Israels-folket; eg valde meg deim i staden for det som kjem fyrst frå morsliv, alt det som er frumbore hjå Israels-folket. 17 For mine er alle dei frumborne hjå Israels-folket, både folk og fe; den gongen eg slo i hel alt frumbore i Egyptarlandet, helga eg deim åt meg. 18 Men no hev eg teke levitarne i staden for alle dei frumborne Israels-borni; 19 eg tok deim fram or Israels-folket, og gav deim til Aron og sønerne hans, på den måten at dei skulde greida tenesta i møtetjeldet for Israels-sønerne og gjera soning for deim, so Israels-sønerne ikkje skal koma innåt heilagdomen og soleis føra ulukka yver seg.» 20 Moses og Aron og heile Israels-lyden gjorde i alle måtar so med levitarne som Herren hadde sagt med Moses. 21 Og levitarne reinsa seg med skiringsvatnet, og tvo klædi sine, og Aron vigde deim for Herrens åsyn på same visi som når eit svingeoffer vert vigt, og gjorde soning for deim, so dei vart reine, 22 og so kom dei og gjorde arbeidet sitt i møtetjeldet, for augo åt Aron og sønerne hans. Som Herren hadde sagt Moses fyre, so gjorde dei med levitarne. 23 Og Herren tala atter til Moses, og sagde: 24 «Dette er lovi som gjeld for levitarne: Frå dei er fem og tjuge år gamle, skal dei standa i tenesta og gjera alt det arbeidet som trengst i møtetjeldet; 25 men so snart dei hev fyllt femti år, skal dei gjeva seg utor tenesta, og ikkje arbeida lenger. 26 Dei kann vera brørne sine til hjelp i møtetjeldet med eitt og anna som er å gjera der, men dei skal ikkje hava fast tenesta. Soleis skal du skipa det med levitarne og tenesta deira.»
Copyright information for NorSMB