Philippians 1

Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar, til alle dei heilage i Kristus Jesus, som er i Filippi, med tilsynsmenner og tenarar for kyrkjelyden: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus! Eg takkar min Gud so tidt eg tenkjer på dykk, med di eg alltid, kvar gong eg bed, gjer mi bøn for dykk alle med gleda, på grunn av dykkar samfund med meg i arbeidet for evangeliet frå fyrste dagen og alt til no. Og eg er fullvis um dette, at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne alt til Jesu Kristi dag, liksom det er rett av meg å tenkja so um dykk alle, etter di eg ber dykk i hjarta både i mine lekkjor, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, sidan de alle er luthavande med meg i nåden. For Gud er mitt vitne, kor eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag. Og dette bed eg um, at dykkar kjærleik endå må verta alt rikare og rikare på kunnskap og skynsemd, 10 at de må kunna døma um dei ymse ting, so de kann vera reine og ikkje til meinstøyt til Kristi dag, 11 fyllte med rettferds frukt, som er verka ved Jesus Kristus, Gud til æra og lov. 12 Eg vil at de skal vita, brør, at min lagnad heller hev vore til framgang for evangeliet, 13 so det hev vorte kunnigt for heile livvakti og for alle andre, at eg er i lekkjor for Kristi skuld, 14 og dei fleste av brørne i Herren hev fenge tiltru til mine lekkjor og dermed fenge endå meir mod til å tala ordet utan otte. 15 Sume forkynner vel og Kristus av ovund og kivslyst, men sume og av godvilje; 16 desse forkynner Kristus av kjærleik, med di dei veit at eg er sett til å forsvara evangeliet, 17 men hine gjer det av stridssykja, ikkje med rein hug, for dei tenkjer å leggja trengsla til mine lekkjor. 18 Kva so? Kristus vert då forkynt på kvar måten, anten det no vert gjort for syn skuld eller i sanning, og yver dette gled eg meg, ja, eg skal og heretter få gleda meg. 19 For eg veit at dette skal verta til frelsa for meg ved dykkar bøn og hjelp av Jesu Kristi Ande, 20 etter mi lengting og von, at eg ikkje i nokon ting skal verta til skammar, men at Kristus, som alltid, so og no, med alt frimod skal verta herleggjord ved min likam, anten det vert ved liv eller ved daude. 21 For livet det er for meg Kristus, og dauden ei vinning. 22 Men dersom det å liva i kjøtet gjev meg frukt for mi gjerning, so veit eg ikkje kva eg skal velja; 23 for eg stend rådvill millom dei tvo ting, med di eg hev hug til å fara herifrå og vera med Kristus, for det er so ovleg mykje betre. 24 Men å verta verande i kjøtet er naudsynlegare for dykkar skuld. 25 Og då eg er viss på det, so veit eg at eg skal verta i liva og vera hjå dykk alle til dykkar framgang og gleda i trui, 26 so dykkar ros kann verta rik i Kristus Jesus ved meg når eg kjem til dykk att. 27 Berre far dykkar livsferd so som verdigt er for Kristi evangelium, so eg, anten eg kjem og ser dykk eller er fråverande, kann høyra um dykk at de stend faste i ein Ande, og med ei sjæl strider med meg for trui på evangeliet 28 og ikkje i nokon ting let dykk skræma av deim som stend i mot; det er for deim ei varsling um undergang, men for dykk um frelsa, og det frå Gud, 29 For dykk vart det unnt, for Kristi skuld, ikkje berre å tru på honom, men og å lida for hans skuld, 30 med di de hev den same strid som de såg på meg og no høyrer um meg.
Copyright information for NorSMB