Philippians 4

Difor, mine brør, som eg elskar og lengtar etter, mi gleda og min krans, statt soleis faste i Herren, de kjære! Evodia påminner eg, og Syntyke påminner eg um å vera samlyndte i Herren. Ja, eg bed og deg, du som med rette heiter Synzygus, ver deim til hjelp! for dei hev stridt med meg i evangeliet saman med Klemens og mine andre medarbeidarar - deira namn stend i livsens bok. Gled dykk i Herren alltid! atter vil eg segja det: Gled dykk! Lat dykkar godlynde verta kjent for alle menneskje! Herren er nær. Gjer dykk ingi sut for noko ting; men lat i alle ting dykkar ynskje koma fram for Gud i påkalling og bøn med takksegjing! Og Guds fred, som gjeng yver alt vit, skal vara dykkar hjarto og dykkar tankar i Kristus Jesus. Elles, brør, alt det som er sant, alt det som er æva verdt, alt det som er rettferdigt, alt det som er reint, alt det som er elskelegt, alt det som hev eit godt namn, kvar ei dygd og alt som priseleg er, det gjeve de gaum etter! Det som de og hev lært og motteke og høyrt og set hjå meg, gjer det! Og fredsens Gud skal vera med dykk. 10 Eg vart storleg glad i Herren, av di de endeleg ein gong er komne so vidt til velmagt att, at de kunde tenkja på min bate, som de og fyrr tenkte på, men de hadde ikkje høve til det. 11 Ikkje so at eg segjer dette av trong, for eg hev lært å vera nøgd med det eg hev. 12 Eg veit å liva i ringe kår, eg veit og å liva i nøgd; i alt og i alle ting er eg innvigd, både å verta mett og vera svolten, både å hava nøgdi og hava vanråd. 13 Alt magtast eg i honom som gjer meg sterk. 14 Men endå gjorde de rett i å vera med meg i mi trong. 15 Men de veit og, de filipparar, at i den fyrste tid evangeliet kom til dykk, då eg for frå Makedonia, kom ingen kyrkjelyd i rekneskap med meg yver gjeve og motteke utan de åleine. 16 For ogso i Tessalonika sende de meg både ein gong og tvo gonger det eg turvte. 17 Ikkje so at eg trår etter gåva; men eg trår etter den frukt som rikleg kjem dykk til gode. 18 Men no hev eg fenge alt og hev nøgd, eg hev fullt upp, sidan eg med Epafroditus fekk sendingi frå dykk, ein yndeleg ange, eit offer til fagnad og hugnad for Gud. 19 Og min Gud skal etter sin rikdom fullt upp bøta på all dykkar trong i herlegdom i Kristus Jesus. 20 Men vår Gud og Fader vere æra i all æva! Amen. 21 Helsa kvar heilag i Kristus Jesus! Brørne hjå meg helsar dykk. 22 Alle dei heilage helsar dykk, mest dei som høyrer til keisarens hus. 23 Herren Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!
Copyright information for NorSMB