Proverbs 11

Falsk vegt er fæl for Herren, men full vegt likar han godt. Kjem stormod, so kjem og skam, men smålåtne, dei hev visdom. Dei ærlege hev si uskyld til førar, men fals slær sin herre på hals. Gods hjelper ikkje på vreidens dag, men rettferd frelser frå dauden. Ærleg manns rettferd jamnar hans veg, men den gudlause stuper ved gudløysa si. Ærlege folk ved si rettferd vert frelste, men dei falske vert fanga i eigen gir. Når ugudleg mann døyr, er det ute med voni; og vondskaps venting til inkjes vert. Rettferdig vert fria or trengsla, og ugudleg kjem i hans stad. Den skamlause tyner sin granne med munnen, men rettferdige friar seg ut med sin kunnskap. 10 Gjeng det godt med rettferdige, fegnast byen, vert gudlause tynte, syng folk av gleda. 11 Med velsigning frå ærlege folk kjem byen seg upp, men gudlause munn bryt han ned. 12 Vitlaus er den som vanvyrdar sin granne, men vitug mann tegjer stilt. 13 Den som fer med drøs, ber løynråd ut, men den hjarte-trugne løyner saki. 14 Der inkje styre er, lyt folket falla, men der dei rådvise er mange, der er frelsa. 15 Borgar du for framand, er du ille faren, men han er trygg som hatar handtak. 16 Ei yndefull kvinna vinn æra, og valdsmenner vinn seg rikdom. 17 Ein godhjarta mann gjer vel mot si sjæl, men ein hardhjarta mann fer vondt med sitt eige kjøt. 18 Den ugudlege vinn seg ei sviksam løn, men den som rettferd sår, fær varig løn. 19 Stend du fast i rettferd, vinn du liv, men fer du etter vondt, då fær du daude. 20 Dei range i hugen hev Herren ein stygg til, men han likar deim som ulastande ferdast. 21 Det kann du gjeva handi på, den vonde vert ’kje urefst, men ætti åt rettferdige slepp undan. 22 Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinna utan vit. 23 Det rettferdige ynskjer, vert berre godt, det som gudlause vonar, vert til vreide. 24 Ein strår ut og fær endå meir, ein annan vert arm av usømeleg sparing. 25 Den som velsignar, skal trivast, og kveikjer du andre, vert sjølv du kveikt. 26 Ein kornflår, honom bannar folket, men signing kjem yver den som sel korn. 27 Den som strævar etter godt, han søkjer hugnad, men den som leitar etter vondt, han fær det yver seg. 28 Den som lit på sin rikdom, han skal stupa, men rettferdige grønkar som lauv. 29 Den som øydar sitt hus, skal erva vind, og narren vert træl åt den kloke. 30 Rettferdig manns frukt er eit livsens tre, og sjæler vinn den vise. 31 Du ser rettferdig mann fær vederlag på jordi, kor mykje meir då den ugudlege og syndaren!
Copyright information for NorSMB