Proverbs 13

Den vise son let seg aga av far sin, men spottaren høyrer ikkje på skjenn. Sjølv fær ein godt av den frukt som munnen ber, men hugen åt svikarar stend etter vald. Den som agtar munnen sin, varar si sjæl, men gapen fær seg ei ulukka. Hugen i letingen lyster og fær ikkje noko, hugen i strævsame folk fær rikleg mette. Den rettferdige hatar ljugarord, men den gudlause fer stygt og skamleg åt. Rettferd varar den som fer ulastande, men gudløysa feller den som gjer synd. Mang ein ter seg rik og eig då inkje, ein annan ter seg fatig og eig mykje. Mannsens rikdom er ein løysepeng for livet hans, men fatigmannen fær inkje trugsmål høyra. Ljoset åt dei rettferdige brenn lystigt, men lampa åt ugudlege vil slokna. 10 Med ovmod veld ein berre trætta, men hjå deim som tek mot råd, er visdom. 11 Lettfengen rikdom minkar, men sankar du smått um senn, fær du meir og meir. 12 Langdrøg von gjer hjarta sjukt, men uppfyllt ynskje er eit livsens tre. 13 Den som vanvyrder ordet, tyner seg sjølv, men den som ottast bodordet, fær løn. 14 Vismanns læra er livsens kjelda, so ein slepp undan frå daudesnaror. 15 Godt vit gjev manntekkje, men hard er vegen som svikarar gjeng. 16 Kvar som er klok, fer fram med vit, men ein dåre briskar seg med dårskap. 17 Ein gudlaus sendemann fell i ulukka, men trufast bodberar er lækjedom. 18 Armod og skam fær den som viser age ifrå seg, men den som agtar på refsing, vinn æra. 19 Uppfyllt ynskje er søtt for sjæli, men å vika frå vondt er ei gruv for dårar. 20 Gakk saman med dei vise, so vert du vis, men ilag med dårar gjeng det deg ille. 21 Ulukka forfylgjer syndarar, men rettferdige fær godt til løn. 22 Den gode let etter seg arv til barneborn, men det syndaren eig, er gøymt åt den rettferdige. 23 Fatigfolks nybrot gjev rikeleg føda, men mang ein vert tynt ved urettferd. 24 Den som sparer riset sitt, hatar son sin, men den som elskar han, tuktar honom tidleg. 25 Rettferdige hev mat til å metta seg på, men gudlause gjeng med magen tom.
Copyright information for NorSMB