Proverbs 15

Mildt svar døyver harm, men eit kvast ord vekkjer vreide. Tunga åt vismenner gjev god kunnskap, men narreskap gøyser or munnen på dårar. Allstad hev Herren augo sine, dei ser etter vonde og gode. Linnmælt tunga er livsens tre, men range tunga gjev hjartesår. Ein uviting vanvyrder far sin’s age, men den som agtar på refsing, vert klok. Rettferdig manns hus eig stor rikdom, men d’er ugreida med ugudleg manns inntekt. Vismanns-lippor strår ut kunnskap, men so er ei med dårehjarta. Gudløysings offer er ei gruv for Herren, men bøn frå ærlege han likar godt. Gudløysings veg er ei gruv for Herren, men han elskar den som renner etter rettferd. 10 Hard refsing fær den som gjeng ut av vegen, den som hatar age, skal døy. 11 Helheim og avgrunn ligg i dagen for Herren, kor mykje meir då menneskje-hjarto. 12 Spottaren likar ikkje at ein lastar honom, til vismenner gjeng han ikkje. 13 Gladværugt hjarta gjer andlitet ljost, men modet vert brote i hjartesorg. 14 Vitug manns hjarta søkjer kunnskap, men dåremunn fer berre med narreskap. 15 Alle ein armings dagar er vonde, men den glade i hjarta hev gjestebod alltid. 16 Betre er lite med otte for Herren enn eigedom stor med uro attåt. 17 Betre ei nista av kål med kjærleik til enn gjødde uksen med hat attåt. 18 Brålyndt mann valdar trætta, men den toluge stiller kiv. 19 Vegen for letingen er som eit klungergjerde, men stigen er brøytt for dei ærlege. 20 Ein vis son gjer far sin gleda, men eit dårlegt menneskje vanvyrder mor si. 21 Dårskap er gleda for vitlaus mann, men ein vitug mann gjeng beint fram. 22 Råder vert til inkjes utan rådleggjing, men med mange rådgjevarar kjem dei i stand. 23 Mannen gled seg når munnen kann svara, og eit ord i rette tid, kor godt det er! 24 Den vituge gjeng livsens veg uppetter, for han vil sleppa burt frå helheimen der nede. 25 Herren riv huset ned for dei ovmodige, men for enkja let han merkesteinen standa. 26 Vonde tankar er ei gruv for Herren, men milde ord er reine. 27 Den vinnekjære fær sitt hus i ulag, men den som hatar mutor, han skal liva. 28 Rettferdig tenkjer i sitt hjarta korleis han skal svara, men gudlause let vondskap gøysa ut or munnen. 29 Langt er Herren burte frå dei gudlause, men bøni frå rettferdige han høyrer. 30 Ljos i augo hjarta gled, tidend god gjev merg i beini. 31 Det øyra som høyrer på rettleiding til livet, held seg gjerne med vismenn i lag. 32 Den som vandar age, vanvyrder si sjæl, den som høyrer på rettleiding, vinn seg vit. 33 Otte for Herren er age til visdom, og fyre æra gjeng andmykt.
Copyright information for NorSMB