Proverbs 21

Konungs hjarta er i Herrens hand som bekkjer, han vender det kvar helst han vil. Kvar mann tykkjer at hans eigi ferd er rett, men det er Herren som prøver hjarto. At folk gjer rett og skil, er meir verdt for Herren enn offer. Ovmods augo og sjølvgodt hjarta - lampa åt gudlause folk er synd. Umtanke hjå den annsame er berre til vinning, men hastverk berre til tap. Skattevinning med ljugartunga er ein kvervande pust av deim som søkjer dauden. Den vald dei gudlause gjer, skal riva deim sjølve burt, for det som er, vil dei ikkje gjera. Skuldig mann gjeng krokut veg, men den reine - han gjer si gjerning beint fram. Betre å bu i ei krå på taket enn å ha sams hus med trettekjær kvinna. 10 Ugudleg manns sjæl hev hug til det vonde, hans næste finn ikkje miskunn hjå honom. 11 Refser du spottaren, vert uvitingen vis, og lærer du vismannen, tek han mot kunnskap. 12 Ein rettferdig agtar på gudlause-hus, han støyter dei gudlause ned i ulukka. 13 Dytter du øyra til for armings rop, skal sjølv du ropa og ikkje få svar. 14 Gåva i løyndom stiller vreide, og gjeving i barmen stiller største harmen. 15 Det er ei gleda for rettferdig mann å gjera rett, men ei rædsla for illgjerningsmenner. 16 Den som viller seg burt frå klokskaps veg, han skal hamna i skuggeheimen. 17 Ein fatigmann vert den som elskar moro, ei vert han rik som elskar vin og olje. 18 Den gudlause vert løysepeng for den rettferdige, og utru kjem i staden for den ærlege. 19 Betre å bu i eit øydeland enn hjå arg og trættekjær kvinna. 20 Vismann hev dyre skattar og olje i huset, men uvitingen øyder det upp. 21 Den som strævar etter rettferd og miskunn, han skal finna liv og rettferd og æra. 22 Ein by med kjempor tek vismannen inn, og han bryt ned den borgi som byen lit på. 23 Den som varar sin munn og si tunga, han varar si sjæl frå trengslor. 24 Ein ovmodig og ubljug kallar me spottar, ein som fer fram med ofselegt ovmod. 25 Lysti åt letingen drep honom sjølv, for henderne hans vil inkje gjera. 26 Heile dagen snikjer den snikne, men ein rettferdig gjev og sparer inkje. 27 Offer frå gudlause er ei gruv, og endå meir når dei samstundes emnar på ilt. 28 Eit ljugar-vitne skal ganga til grunns, men ein mann som lyder etter, skal få tala alltid. 29 Gudlaus mann ter seg skamlaus, men den ærlege gjeng sine vegar stødigt. 30 Det finst ingen visdom og inkje vit og ingi råd imot Herren. 31 Hesten vert budd til herferdsdagen, men sigeren kjem ifrå Herren.
Copyright information for NorSMB