Proverbs 22

Eit godt namn er meir verdt enn rikdom stor, og manntekkje betre enn sylv og gull. Rik og fatig råkast, Herren hev skapt deim alle. Den kloke ser fåren og gøymer seg, men fåmingar renner fram og lyt bøta for det. Løn for spaklynde og otte for Herren er rikdom og æra og liv. Klunger og snaror er på den vegen den falske gjeng, den som agtar si sjæl, held seg burte frå deim. Lær guten etter som guten er, so vik han ikkje ifrå det, um han vert gamall. Rikmann rå’r yver fatigfolk, og den som fær lån, vert træl for den som gjev. Den som sår urett, skal hausta vondt, og hans ovmods ris fær ein ende. Den godhjarta vert velsigna, for han gjev sitt brød til armingen. 10 Jaga spottaren ut, so gjeng trætta med, og for skjemsla og kiv fær du fred. 11 Den som elskar hjartans reinleik, den som talar vænt, han hev kongen til ven. 12 Herrens augo vaktar kunnskap, men ord frå den utrue støyter han um. 13 Letingen segjer: «Det er ei løva der ute, eg kunde verta drepen midt på gata.» 14 Ei djup grav er skjøkjemunn, den som Herren er harm på, skal falla nedi. 15 Vitløysa heng fast ved hjarta hjå guten, men tukteriset driv henne burt frå han. 16 Trykkjer du armingen, vert det honom til vinning, gjev du den rike, vert det berre til tap. 17 Lut øyra ned og høyr på ord av vismenn vend hjarta til min kunnskap! 18 For det er vænt at du deim varar i ditt hjarta; gjev dei må vera reiduge på dine lippor! 19 Av di du skal lita på Herren, lærer eg deg i dag, just deg. 20 Hev eg ’kje skrive fyndord til deg med råder og kunnskap 21 til å kunngjera deg det som rett er, sannings ord, so du med sannings ord kann svara deim som sender deg? 22 Plundra ikkje ein fatigmann av di han er fatig, og tred ikkje armingen ned i porten! 23 For Herren skal føra saki deira og taka livet deira som tek ifrå deim. 24 Gjev deg ikkje i lag med ein som snart vert vreid, og gakk ikkje med ein bråsinna mann, 25 at du ikkje skal venja deg til hans vegar og få sett ei snara for livet ditt! 26 Ver ei millom deim som gjev handtak, millom deim som borgar for skuld! 27 Når du inkje hev å betala med, kvifor skal dei taka sengi di burt under deg? 28 Flyt ikkje gamall merkestein som federne dine hev sett! 29 Ser du ein mann som er dugleg i arbeidet, han skal tena hjå kongar og ikkje hjå småfolk.
Copyright information for NorSMB