Proverbs 26

Som snø um sumaren og regn i skurden, so høver ikkje æra for ein dåre. Som sporven flaksar burt og svala flyg, so råkar ikkje grunnlaus forbanning. Svipa til hesten, taum til asnet, og ris til ryggen på dårar. Svar ikkje dåren etter hans dårskap, so du ei skal verta lik han, du og! Svara dåren etter hans dårskap, so han ei skal tykkja han sjølv er vis! Føterne høgg han av seg, og vald fær han drikka, han som sender bod med ein dåre. Visne heng vanfør manns føter, so og ordtak i munnen på dårar som å binda ein stein i slyngja, soleis er det å gjeva ein dåre æra. Som klungergrein i handi på drukken mann, so er ordtak i munnen på dårar. 10 Som ein skyttar som sårar alle, so er den som leiger dåren og kvar som fer framum. 11 Som hund som snur seg til si eigi spya, so er ein dåre som kjem att til narreskapen sin. 12 Ser du ein mann som tykkjer sjølv at han er vis, då er det større von for dåren enn for honom. 13 Letingen segjer: «D’er villdyr på vegen, ei løva i gatorne.» 14 Døri snur seg på gjengi, og letingen snur seg i sengi. 15 Stikk den late si hand i fatet, han evast med å ta ho upp til munnen att. 16 Letingen tykkjest visare vera enn sju som gjev vituge svar. 17 Han triv i øyro på framumfarande hund, han som ryk upp i sinne for trætta som ikkje kjem han ved. 18 Som ein galen som skyt med brennende pilar - drepande skot - 19 so er ein mann som svik sin næste og segjer: «Eg gjorde det berre på gaman.» 20 Når veden tryt, so sloknar elden, er baktalar burte, stoggar striden. 21 Som kol vert til gløder og ved til eld, so kveikjer kranglaren kiv. 22 Baktalar-ord er som lostemat, dei glid so godt ned i livet. 23 Som sylv-glasering på skålbrot er brennande lippor når hjarta er vondt. 24 Med lipporne skaper ein uven seg til, men inni seg gøymer han svik. 25 Gjer han seg blidmælt, tru honom ei, for sju slag styggedom bur i hans hjarta. 26 Hatet dyl seg i svik, men lyt syna sin vondskap i folkemugen. 27 Den som grev ei grav, skal stupa nedi, den som velter ein stein, skal få han yver seg att. 28 Den falske tunga hatar deim som ho hev krasa, og den sleipe munnen fører til fall.
Copyright information for NorSMB