Proverbs 27

Rosa deg ikkje av morgondagen, for du veit ikkje kva ein dag ber i fang. Lat ein annan rosa deg; ikkje din eigen munn, ein framand og ei dine eigne lippor! Stein er tung, og sand veg mykje, men tyngre enn båe er dåreharm. Sinne er fælslegt, og vreide ein flaum, men kven kann standa seg mot åbryskap? Betre er openberrleg refsing enn kjærleik som held seg duld. Trugne er slag av venehand, og mange er uvens kyssar. Den mette trakkar på honning, men den svoltne tykkjer alt beiskt er søtt. Som ein fugl som rømer frå reiret sitt, er ein mann som rømer frå heimen sin. Olje og røykjelse hjarta gled, og søte venar-ord frå rådvis sjæl. 10 Slepp ikkje frå deg venen din og far din’s ven, so du lyt heim til bror din når du er i naud! Ein granne nær attmed er betre enn ein bror langt burte. 11 Vert vis, min son, og gled mitt hjarta, so eg kann svara den som spottar meg! 12 Den kloke ser fåren, gøymer seg; fåmingar renner fram og lyt bøta for det. 13 Tak klædi hans, for han hev borga for ein annan, og panta honom for ei framand kvinna! 14 Den som høgmælt signar sin ven um morgonen tidleg, han skal få det tilrekna som ei forbanning. 15 Si-drop frå taket ein regndag og ei trættekjær kvinna likjest kvarandre. 16 Den som held på henne, held på vind, og handi hans triv i olje. 17 Jarn sliper jarn, og den eine mannen sliper den andre. 18 Den som agtar fiketreet sitt, fær eta frukti av det, den som tek vare på sin herre, skal få æra. 19 Som andlit seg speglar mot andlit i vatnet, so menneskjehjarta mot menneskje. 20 Helheim og avgrunn vert ikkje mette, og menneskjeaugo vert ikkje mette. 21 Diglen røyner sylvet og omnen gullet, og ein mann vert røynd av sin ros. 22 Um du støyte uvitingen i mortelen med støytaren i hop med gryn, so vilde ikkje vitløysa vika ifrå han. 23 God greide lyt du hava på koss sauerne dine ser ut, og agta vel på buskapen din! 24 For velstand varer ikkje æveleg, og ikkje ei kruna frå ætt til ætt. 25 Men er høyet burte og håi kjem att, og fjellgras vert sanka i hop, 26 då hev du lamb til klæde, og bukkar til å kjøpa deg åker for, 27 og geitemjølk nok til mat for deg, til mat for huset ditt og til livsupphald for gjentorne dine.
Copyright information for NorSMB